-
FOTO: Gassco
Skyhøge kostnader med karbonfangst på Kårstø
Investeringar mellom 15 og 27 miliardar kroner trengst for å samordna fangsten av klimagassen CO2 frå gasskraftverket og gassprosssanlegget på Kårstø.
AV: thomas førde
– Det finst knapt nokon kommersielle drivkrefter som vil gjennomføra slike investeringar på forretningsmessig grunnlag, seier Gassco-direktør Brian Bjordal, som mandag presenterte ein fersk Kårstø-rapport for olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.
Bjordal viser til at tiltakskostnadane bak kvart tonn fanga CO 2, ligg på over 1500 kroner.
– Samanliknar ein med dagens kvotepris på 150 kroner per tonn er er her eit stort gap som må fyllast, seier Bjordal.
Utsette Kårstø-reinsing
Regjeringa avgjorde i fjor vår at vidare arbeid med bygging av CO 2-fangstanlegg for gasskraftverket på Kårstø skulle utsetjast medan Gassco laga ei nyt utgreiing.
Nå ligg utgreiinga føre. Den handlar om korleis tiltaka best mogeleg må samordnast for å få ned samla utslepp av CO 2 frå Kårstø, både frå gasskraftverket og frå gassprosessanlegget.
2,5 millionar tonn CO2 frå Kårstø
For omlag 15 milliardar kroner vil ein kunne byggja eit CO 2-fangstanlegg.
Samtidig må ein flytta damkjelar som lagar damp til prosessanlegget nærmare gasskraftverket for å gjera CO 2-fangsten enklare.
I tillegg må dampkjelar fyrast med eksosgass slik at konsentrasjonen i eksosgassen blir høgare og fangsten meir effektiv.
Ifølge dette alternativet kan samla CO 2-utslepp frå Kårstø bli redusert frå 2,5 millionar tonn årleg til 0,7 millionar tonn.
23 milliardar kroner
Legg ein til rundt 8 nye milliardar kan ein også byta ut dagens kompressorar som trykker gassen ut til Europa frå Kårstø.
Dei er drivne av straum produsert av gassturbinar. Desse turbinanen kan bytast ut med nye elkraft drivne turbinar som hentar straum frå gasskraftverket med installert CO 2-fangstanlegg på plass.
Etter ei slik omfattande investering kan over 2 millionar tonn CO 2 bli fanga årleg på Kårstø.
Mykje uvisse
– Rapporten me har laga er ein forstudie der. Det er dermed knytta mange usikre tilhøve til investeringsanslaga, pluss/minus 50 prosent seier Bjordal.
Han peikar også på at det er uvisst kor mange driftstimar gasskrattverket vil ha på jamne i framtida.
– Uvisse er det også rundt kor mykje gass Kårstø-anlegget kan rekna med å kunne ta imot eit stykke inn i framtida, seier Bjordal.
Han legg til at dersom ein skal gå vidare med utgreiingsarbeidet er neste trinn å vidareutvikla eit eller fleire av alternativa for å koma nærare eit beslutningsgrunnlag.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Olje og gass
-
Olje-Ola og Statoil-Lund blir tegneserie
Når oljebyens største avis, Stavanger Aftenblad, begynner med egenprodusert tegneserie, måtte det selvfølgelig handle om Olje-Ola og vennene hans.
-
Krever klart svar fra regjeringen om drivstoffkvalitet
WWF og Greenpeace krever klarhet i regjeringens posisjon om EUs drivstoffdirektiv. Hensikten med reglene er mer miljøvennlig drivstoff.
Oljeservice
-
Sjøfolk mister jobben hos Solstad
Solstad har vore eit flaggskip mellom reiarlaga i bruken av norske sjøfolk. Nå varslar Solstad utflaging av seks offshorefartøy.
-
Knalltall sendte Aker Solutions til topps
Et positivt sistekvartal med et driftsresultat som bikket milliarden skapte begeistring for Aker Solutions. Aksjen steg rundt 15 prosent da børsen åpnet fredag.
Fornybar energi
-
Billigere strøm - høy eksport
Norge eksporterte 4,2 terawattimer strøm i fjorårets siste kvartal. Det tilsvarer omtrent halve Oslos årlige strømforbruk.
-
Motvind for Statoil sin havvindpark
Kostnadssprekk og forsinkingar gjer at Statkraft nå set ned verdien av havvindparken Sheringham Shoal med 338 millionar kroner. Partnaren Statoil har ikkje gjort den same vurderinga av prosjektet, som har ein prislapp på 10 milliardar kroner.
Klima og miljø
-
Venstre ønsker forutsigbarhet for elbiler
Venstre tar til orde for et bredt forlik på Stortinget om avgiftsfritak og andre fordeler for biler med nullutslipp. Partiet mener det er for stor uforutsigbarhet for produsenter og brukere.
-
Miljøtopp søker på Statoil-stilling
Natur og Ungdom-leder Silje Lundberg har søkt på en stilling som kommunikasjonsrådgiver i Statoil. Hun håper å «bidra til et mer åpent og sannhetsbasert informasjonsarbeid». Statoil takker for søknaden.
Kommentarer