• FOTO: Helge Hansen, Gassnova

Statoil tror på færre fangstanlegg

Mange som har sagt at dei er på veg til månen, fell nå frå. Så om Statoil verkeleg kjem i mål med Jens si månelanding i 2020, blir det truleg ikkje trongt om plassen.

Det meiner informasjonsdirektør Øistein Johannessen i Statoil. Selskapet har ansvaret for planlegging, bygging og drift av eit fullskala CO2-fangstanlegg på Mongstad, på vegner av staten.

Johannessen seier finanskrisa har virka inn negativt på bygginga av CO2-fangstanlegg rundt i verda på to måtar:

  • Utvikling av CO2-fangstteknologi krev store investeringar og finanskrisa har ført til at tilgangen på kapital blir redusert. Færre av dei planlagde prosjekta blir bygde.
  • Krisa har medført lågare industriaktivitet generelt, noko som har gjort at klimautsleppa går ned med det resultatet at kvoteprisen på CO2 i EU stuper.

- På kort sikt er det bra at utsleppa går ned. Men når prisane for å sleppa ut CO2 fell, blir det ikkje same trykket på teknologiutvikling i industrien generelt som må til for å løysa klimaproblemet. Dette vil snu seg igjen, men det er eit dilemma at me nå kan gå glipp av viktige år. I så måte er TCM, teknologisenteret på Mongstad, viktig, seier Johannessen til Aftenbladet.

Teknologisenteret som nå er 95 prosent ferdig, er eit av to planlagde løp i den norske, statleg finansierte satsinga på utvikling av CO2-fangst. Det andre løpet er eit planlagt fullskala reinseanlegg for å fjerna CO2 frå eksosgassen frå varmekraftverket på Mongstad. Etter at det denne veka vart kjent at Statoil sitt oljeraffineri går med milliardunderskot, er det reist tvil om fullskala-anlegget i det heile vil bli realisert.

3500 anlegg i 2050?

I 2050 er målet at CO2-fangst og lagring (CCS) skal stå for ein femtedel av utsleppskutta globalt. FN har rekna ut at det innan den tid må byggast 3500 fullskala anlegg for CO2-fangst. Utan CCS-teknologien som ei bru over til fornybare energikjelder, kan den globale oppvarminga bli langt større enn to grader, seier klimaforskarar.

Ei rekke planlagde anlegg for CO2-fangst er blitt utsett eller droppa det siste året. Dei siste vekene har fleire oljetoppar gått ut og sagt at dei ikkje trur på CCS på fleire tiår enno.

- Me vil ikkje seia dette. Men erfaringane frå Mongstad tilseier at karbonfangst er meir komplekst og krevjande enn me først trudde, seier Johannessen. Han held fast ved at målet til Statoil er å syta for at fullskala-prosjektet er klargjort for at styresmaktene kan ta ei investeringsavgjerd i 2016.

Treng felles klima-rammeverk

Fleire dimensjonar gjer det vanskeleg å få fram tilstrekkeleg mange store anlegg.

- Klimakrisa krev ei rask løysing, men samtidig treng verda betydelege mengder kol og gass i mange tiår framover. Sjølve teknologien er kompleks. I tilegg kjem finanskrisa, som påverkar høvet til å investera hos industri og styresmakter, som kjem seg unna utan å bruka pengar på utsleppskutt. Det siste og aller viktigaste for å få til ei storstilt satsing er eit internasjonalt, felles klimarammeverk som alle er lojale til.

- Like konkurransevilkår vil stimulera til investeringar i miljøteknologi.

Johannessen legg til at det ikkje ligg noko prestisje frå Statoil si side i å bli først med eit fullskala anlegg.

- Om nokon får det til tidlegare, er det kjempebra. For det viktigaste er å få på plass teknologien, ikkje nødvendigvis å vera først.

Følg Aenergi.no på Twitter.com/AenergiNO

News in English? Click here!

Les også