-
– Kommunar som gir blaffen og ikkje grip inn mot prosjekt som kan bli farlege på grunn av klimaendringar, må stillast til ansvar økonomisk, seier miljøvernminister Erik Solheim.FOTO: AP Photo/Schalk van Zuydam/Scanpix
Vêrrekning på 1,7 milliarder
Fjorårets ekstremvær gir rekordhøge utbetalingar av naturskadeforsikringar. Miljøvernminister Erik Solheim krev no grep av kommunane.
AV: turid furdal
Stormane Dagmar og Berit og flaumane på Austlandet og i Trøndelag gjorde 2011 til det verste naturskadeåret sidan 1992, viser tal frå Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO).
Fjorårets ekstremvêr gir rekordhøge utbetalingar av naturskadeforsikringar: Nær 1, 7 milliardar kroner. Dagmar vil aleine kosta 774 millionar viser ferske anslag.
– Klimaendringane som me ser kjem, vil medføra fleire klimarelaterte forsikringsskadar, spesielt vasskadar, seier kommunikasjonssjef Tonje Westby i FNO.
Les også
– I dag er det forbrukaren som betaler, anten gjennom forsikringspremien eller kommunale avgifter, seier Westby.
Regnskyll skaper problem
Utbetalingane til vasskader har også auka kraftig som følgje av eit meir fuktig klima: Til 1,8 milliardar kroner dei første 9 månadene i 2011. Erstatningsnivået er 40 prosent over 2009-nivået. Bransjen ventar at utbetalingane til vasskader vil auka.
– Det gamle leidningsnettet er ikkje tilpassa eit meir ekstremt vêr med kraftigare nedbør og er heller ikkje godt nok halde vedlike. Med dagens utbetringstakt vil det ta 200 år å erstatta vass- og avløpsnettet.
– Kommunane bør dessutan vurdera nøye om dei skal tillata bustadbygging i område som er utsette for flaumar og ras eller i strandsona der havnivået stig, seier Westby.
Støtte frå Solheim
Fleire av skadane etter ekstremvêret Dagmar skjedde på bygg som ligg svært utsett til. Forsikringsselskap har derfor varsla at kommunane kan få pengekrav. Dei får støtte frå Erik Solheim:
– Kommunar som gir blaffen og ikkje grip inn mot prosjekt som kan bli farlege på grunn av klimaendringar, må stillast til ansvar økonomisk. Kva følgjer det skal få ikkje å velja dei sikraste løysingane, blir opp til rettsvesenet. Men eg støttar dei som vil gjera kommunane økonomisk ansvarlege, for slik vil me også få større ansvarlegheit, seier Solheim.
I løpet av 2012 vil regjeringa leggja fram ein klimatilpassingsplan om korleis Norge skal møta klimaendringane. Her får spesielt kommunane ei viktig rolle, ifølgje Solheim. Han legg til at endringane må handterast breitt og i alle sektorar. Men Solheim vil ikkje lovar ein eigen kasse til klimatilpassing.
Glasfasade mot sjøen?
Professor Helge Drange ved Bjerknessenteret er overraska over at mange kommunar framleis byggjer på stader som ligg svært utsette til for havnivåstigning og flaum.
I Stavanger-området kan havnivået stiga med ein halvmeter eller meirfram mot år 2100. Det betyr at stormfloakan stå halvmeterenhøgare enn i dag. Ein tredel av havnivå-endringa vil komma før 2050, ifølge Drange.
– Det vert gjerne planlagt og bygd nye tunnelar,og vegar, bygningar og avlaup som skal stå 50 år eller meir framover i tid, seier Drange. Han viser som eit døme til skadane på Pirbadet i Trondheim etter uvêret Dagmar. Bølgjene knuste fleire vindauge og det kom sjøvatn inn i badeanlegget.
– Eg synest det er rart å byggja ein svær glasfasade ut mot fjorden, sjølv om dette er flott. Me vil også ha uvêr i framtida, sjølv om det er vanskeleg å seia om stormane vert fleire eller sterkare enn i dag.
Drange rosar Stavanger for til slutt å ha heva det nye konserthuset opp til eit nivå som tåler at havet stig i tida framover.
Ras på uventa stader
Mildare klima og meir intens nedbør fører til fleire ras.
– Dette er ei stor utfordring for Norge, og relativt større enn i andre land på grunn av den spesielle topografien og spreidd busetnad.
Drange etterlyser eit overordna ansvar for å tilpassa utbyggingar, vegnett, tunnelar og bruer til eit stigande havnivå.
Følg oss på Twitter: @AenergiNO
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Villare og våtare vêr
Vêr: Blir det mildare i atmosfæren, kan den ta opp meir fukt. Klimaforskarane varslar eit villare og våtare vêr over Norge. Dette kan medføra hyppigare flaumar, jordras og snøskred.
Kostar mykje: Ekstreme vêrhendingar blir ein aukande trussel og vil kosta stadig meir fram mot 2100. Det viser ein rapport frå FNs klimapanel som kom i november.
Nedbør: Norge får fleire intense, lokale nedbørsepisodar, seier klimaforskarane. Dette vil skapa problem i små, bratte vassdrag og i urbane område.
Hav: Havnivåstiging gir ekstra utfordringar langs norskekysten. I Rogaland er denne berekna til cirka 50-80 cm.
Konsekvensar: Kor store konsekvensar ekstremvêret vil få, er heilt avhengig av korleis me førebur oss, seier klimaforskarane.
To ulike klimameldingar
2012: Korleis gjera Norge mindre sårbart for klimaendringar, blir tema i ei klimatilpassingsmelding som regjeringa skal leggja fram i løpet av 2012. Truleg kjem ikkje meldinga før etter sommaren.
Klimamål: Langt meir sprengstoff er venta i ei melding som står framfor denne i køen, nemleg klimameldinga. Her skal regjeringa seia korleis dei vil nå klimamåla om å kutta 20 prosent i klimautsleppa: I kva sektorar det skal kuttast, korleis og når det skal skje.
Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer