• Grana tar knekken på artsmangfaldet, seier WWF som åtvarer mot Sp sitt skogtiltak i klimameldinga.

    FOTO: Tom Hellik Hofton

WWF åtvarer mot granskog

Den rike naturen langs kyst-Norge står i fare for å bli fullstendig øydelagd av planta gran dersom Senterpartiet får viljen sin i klimameldinga, seier WWF.

Lekkasjar i NRK og Dagens Næringsliv går ut på at Senterpartiet har fått gjennomslag for forslaget sitt om skogplanting i den kommande klimameldinga.

- I kor stort omfang og kvar skogplantinga skal koma, er ikkje kjent, seier fagrådgjevar Trude Myhre i WWF til Aftenbladet.

Veit ikkje kvar

Organisasjonen fryktar at granplanting som klimatiltak vil øydeleggja kystlandskapet, trua naturmangfaldet og i tillegg gjera naturen mindre robust mot klimaendringar.

- Grana høyrer ikkje heime på Vestlandet. Senterpartiet vil ikkje gå i detaljar om kvar dei vil planta grana, men forslaget deira om skogplanting på 5 millionar dekar er saksa direkte frå Kystskogbruksmeldinga, seier Myhre.

Denne legg opp til ei massiv granplanting i Kyst-Norge.

Trugar kulturlandskapet

Senterpartiet snakkar om planting på gjengroingsareal. Det betyr gamalt kulturlandskap, ifølgje WWF.

- Ein skogplanting i kulturlandskap vil også truga artsmangfaldet. Å planta ein framand art inn i landskap der denne ikkje høyrer heime, er ulovleg både i forhold til den norske Naturmangfaldslova og den internasjonale Biokonvensjonen, hevdar Myhre.

Bra for klimaet?

WWF viser til at skogplanting er eit omstridt klimatiltak.

- Det tar lang tid før trea blir store nok til å fanga opp meir karbon enn det bakken slepper ut etter planting. Skogplanting som klimatiltak vil derfor ikkje ha effekt før om mange år, og vil ikkje bidra til å få ned klimagassutsleppa verken i 2020 eller 2050.

Både WWF og Naturvernforbundet meiner at vern av skog i motsetning til skogplanting er eit viktig klimatiltak.

- Ved å verna den norske skogen kan me bevara natur som er robust nok til å stå imot klimaendringane, seier Myhre.

Fjernar grana

Den grana som alt finnest etter sist skogreisingsperiode bør fjernast, og det skjer alt mange stader, legg fagrådgivaren til.

Nær Stavanger er til dømes granskogen på Vigdel nyleg hogd ned for å få tilbake verdifullt kystlandskap.

Også på Avaldsnes og ved Kringsjåhytta i Haugesund er det hogd ned gran, og Ilholmane i Bjoafjorden er rydda for granskog av omsyn til fuglelivet.

Les også