«Av utanlandsk opphav...»

Ikkje-vestlege gjerningsmenn står bak nesten alle overfallsvaldtekter i regionen. Feiar me det problemet under teppet, blir det fleirkulturelle Stavanger den største taparen.

I Aftenbladet har me ein regel om at me normalt ikkje opplyser om ein gjerningsmanns etniske bakgrunn i kriminalsaker. Det er ein fornuftig regel, som skal forhindra at dei mange blir stigmatiserte på grunn av handlingane til dei få.

Men av og til er det nødvendig å gjera unntak, når det faktisk er slik at etnisk opphav er viktig for å forstå årsaker og samanhengar. Då vil open og ærleg tale vera avgjerande for at samfunnet skal kunna ta tak i problemet, og for nettopp å unngå at dei mange blir stigmatiserte på grunn av handlingane til dei få.

Stavanger er oppskaka av ein serie drosjevaldtekter. Politiet har gått til det dramatiske steget å åtvara unge kvinner mot å ta drosje aleine. Det er ein fullstendig uakseptabel situasjon. Folk har krav på å leva i ein trygg by. Og ein drosjekunde har krav på å føla seg trygg under turen – det er jo ofte ein viktig grunn til å ta drosje heim om natta.

Slik er det ikkje i Stavanger nå. Sist helg hadde Stavanger Taxi ein nedgang på tusen drosjeturar. Tilliten til ei heil næring står på spel på grunn av eit fåtal kriminelle sjåførar.

Og det brutale faktum er at alle dei sju drosjesjåførane som er sikta eller dømde for valdtekt eller andre seksuelle overgrep mot kvinner i Stavanger dei siste to åra er av utanlandsk opphav. Drosjesakene føyer seg inn i eit mønster. Aftenposten dokumenterte for ei tid sidan at alle dei skuldige i overfallsvaldtekter i Oslo i perioden 2006-2008, 41 saker i alt, var ikkje-vestlege utlendingar. I Rogaland er det meldt 17 overfallsvaldtekter til politiet i 2008-2009. Bare i eitt av tilfella var den påståtte gjerningsmannen etnisk norsk.

Dei fleste gjerningsmennene er muslimar, frå land som Tyrkia, Somalia og Pakistan. Men her er det viktig å halda tunga beint i munnen og ikkje dra forhasta konklusjonar. Islam som religion legitimerer ikkje seksuelle overgrep mot kvinner. Derimot kan Koranen, som Bibelen, brukast til å legitimera mannsdominans og eit forkvakla kvinnesyn.

Meir enn religion og etnisitet ser det ut til at hovudårsaka ligg i kontrasten mellom tradisjonelle og moderne samfunn. Som politioverbetjent Tor Erik Riska Thorsen påpeikar i gårsdagens Aftenblad, kjem mange av innvandrarane i Rogaland frå små landsbyar i utkantområde. Deira syn på kjønnsroller og seksualitet er gammaldags, autoritært og fordomsfullt, ikkje bare i forhold til moderne vestlege oppfatningar, men også samanlikna med dei haldningane som rår i storbyane i heimlanda.

For menn som har lært at kvinna skal underordna seg mannen, at hennar ord ikkje er like mykje verd som hans, og at ho skal dekka seg til i det offentlege rommet, blir møtet med frigjorte norske kvinner ein kraftig kulturkollisjon. Dei blir «horer» og «fritt vilt».

Me bør ha forståing for at dette ikkje er enkelt. Det er ikkje lenge sidan Norge var eit langt meir mannssjåvinistisk samfunn enn i dag. Ennå lever synet på kvinna som mannens eigedom vidare hos ein del norske menn, og gir seg utslag i valdtekter og andre former for «vald i nære relasjonar». Me har såvisst ein del å rydda opp i, også blant etniske nordmenn.

Men me kan ikkje av den grunn feia den svært ubehagelege statistikken under teppet. Spesielt dei av oss – og Aftenbladet er blant dei – som forsvarer ein liberal innvandringspolitikk og ser verdiane ved det fleirkulturelle samfunnet, må vera kompromisslause i kravet om nulltoleranse mot seksuelle overgrep, uansett kven som står bak. Kulturforskjellar kan aldri rettferdiggjera eller bagatellisera kriminalitet. Å forstå er ikkje å forsvara. Det vil framfor alt minoritetane sjølve tapa på.

For ei tid sidan skreiv Aftenbladets journalist Isioma Daniel, som kjem frå Nigeria, ein sterk artikkel om korleis ho som afrikansk kvinne følte seg nedverdiga av stadig å bli tatt for å vera prostituert. På grunn av det nigerianske prostitusjonsmiljøet på Strandkaien var det mange stavangerfolk som etter kvart sette likskapsteikn mellom «afrikansk kvinne» og «hore».

Noko tilsvarande er i ferd med å skje nå. Mange kvinner i byen føler instinktiv frykt ved å møta ein mørkhuda mann på gata på kvelds- og nattetid, og det er ikkje uvanleg at dei nektar å setja seg inn i ein drosje dersom det sit ein innvandrar bak rattet. Det skaper ei forgifta stemning i byen, og det er ein urettferdig og uverdig situasjon for det store fleirtalet av gode og anstendige menn frå minoritetsmiljø.

Politiet har hovudansvaret for å sikra at Stavanger er ein trygg by. Men politiet kan ikkje gjera jobben aleine.

Taxinæringa har sjølvsagt eit ansvar for å rydda opp i eigne rekker. Til nå har ikkje næringa takla det imponerande, for å seia det forsiktig. Men heile løysinga finst heller ikkje her.

For i tillegg må det sivile samfunnet mobilisera. Stavanger har godt utbygde nettverk for samarbeid mellom minoritetsmiljøa og storsamfunnet. Me har eit innvandrarråd, eit islamsk råd og ein svært aktiv møteplass på Internasjonalt Hus. Me har også spisskompetanse på interkulturell kommunikasjon.

Utgangspunktet burde derfor vera godt for ein tverrkulturell kampanje for ein tryggare by, der målet er å fanga opp risikogruppene, gjera tydeleg kva normer som gjeld i det norske samfunnet og førebyggja den typen kriminalitet som nå skaper frykt. Her har autoritetspersonar i minoritetsmiljøa, alt frå politikarar til imamar, ei viktig rolle å spela. Men heller ikkje dei kan ta ansvaret aleine, for her trengst det både dialog og dugnad.

Det nasjonale Islamsk Råd og Mellomkirkelig råd for Den norske kirke lanserte denne veka ein fellekampanje mot kjønnsbasert vald og vald i nære relasjonar. Akkurat nå er Stavanger den beste staden å setja eit slikt program ut i livet. Lukkast det, vil det fleirkulturelle Stavanger vinna respekt både i eigen by og utover landet. I motsett fall kan det gode arbeidet som er gjort for integrering og toleranse bli sett fleire år tilbake.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Relaterte bilder

FOTO: Pål Christensen

Sjefredaktør i Aftenbladet, Tom Hetland.

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet