Kommentar:

Brutalt ærleg om krig og fred

Barack Obama kom til Oslo og fekk ein fredspris. Så fortalde han kvifor han sende unge amerikanarar ut i krigen for å drepa.

Det var ei forunderleg ramme om ein fredspris. Aldri har vel Oslo i fredstid likna meir på ein by i krigstilstand. På kvart gatehjørne stod det væpna politi. Over byen sveva helikoptera. Dei heldige som hadde fått billett til seremonien i Oslo rådhus, måtte gå omvegar rundt stengde gateløp. Og så var det kontroll.

Krigen er også nærverande her i festsalen i Oslo rådhus. I kontrast til Henrik Sørensens hyllest til fridom, framgang og opplysning står Alf Rolfsens freske frå okkupasjonen: flyangrep, arrestasjonar, menneske mot muren. Lys og mørke. Krig og fred.

Solveig Kringlebotten syng Garborg og Grieg. Thorbjørn Jagland leverer ei god grunngiving for at Obama er den rette vinnaren, men dei fleste tenkjer at han heller burde ha snakka norsk. Obama får sin medalje og sitt diplom. Så går han rett på sak:

«usa

er i krig. Eg er øvstkommanderande i eit land som er engasjert i to krigar. Eg er ansvarleg for å senda tusenvis av unge amerikanarar til eit fjernt land, der nokre av dei vil drepa, og andre vil bli drepne.»

Det var brutalt ærleg, så det set ein støkk i forsamlinga. Men det er akkurat det som trengst. Ingen klisjear eller tomt politikar-snikksnakk. Barack Obama inviterer dei tusen gjestene i Oslo rådhus – og millionane framfor tv-skjermane – med på ein tur heilt inn i kjernen av dei store dilemma rundt krig og fred, dei som statsmenn, filosofar og vanlege menneske har slite med til alle tider. Og det er nok ein fredsprisvinnar, men ingen

pasifist som snakkar:

«Krig i seg sjølv er aldri ærefullt. Men krig er av og til nødvendig. Det vonde eksisterer,

og av og til må det møtast med makt.»

Obama

har ingen illusjonar om «fred i vår tid». Den brutale sanninga er at me ikkje vil utrydda valdelege konfliktar i vår levetid, slår han fast.

Men det betyr ikkje at arbeidet for fred er fåfengt. Og så presenterer han sine tankerekkjer, bygd på humanisme og realisme: Freden er oppnåeleg, dersom det internasjonale samfunnet står saman om sanksjonar mot fredsbrytarane, dersom me forstår at fred også krev rettferd, og at fattigdom og økonomisk utryggleik skaper konfliktar: «Der det ikkje finst håp, rotnar samfunnet frå innsida.»

Og framfor alt, dersom me held fast ved den moralske grunnregelen i alle religionar og filosofiar: Gjer mot andre det du vil at dei skal gjera mot deg.

Med slik tale,

framført veltalande og utan synleg manuskript, trollbind Barack Obama publikum i Oslo rådhus. Det er ein tale utan svulstig moralsk patos,

men også utan realpolitikarens kynisme. Det er ein tale til hjernen like mykje som til hjarta. Det er ein tale som gjer seremonien til noko meir enn ein sosial happening for den norske eliten eller norgesreklame på utanlandsk tv. Det er ein tale som gjer oss sikrare på at USA igjen er i trygge og ansvarlege hender, sjølv om også Obama sikkert vil skuffa oss iblant, og sjølv om me veit at heller ikkje ein amerikansk president er allmektig.

Applausen varer lenge. Og sjølv blaserte norske samfunnstoppar lurer seg til å trassa mobilforbodet for å ta eit suvenirbilde.

Litt spydig

er det sagt at Obama får fredsprisen fordi han ikkje er George W. Bush. Men det er ingen likegyldig forskjell. Det er forskjellen på eit Amerika som tar på seg moralsk leiarskap i verda, og eit som ikkje gjer det. Og det er forskjellen på eit USA som prøver å forstå og respektera den verda som supermakta er ein del av, og eit som ikkje gjer det.

Før talen i Oslo rådhus var det mange som meinte at Obama fekk fredsprisen for tidleg. Det finst nok dei som vil hevda det etterpå også. Men blant dei som høyrde Barack Obama i Oslo i går, skal du skal leita lenge etter nokon som meiner at han ikkje er ein verdig vinnar.





Les hele talen til Obama

på Aftenbladet.no

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Relaterte bilder

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi