Den provinsielle islamdebatten
AV: kommentar: jan zahl
Når ein ser og høyrer på NRK, les avisene som blir gitt ut i Oslo sentrum og har ein del diskusjonsglade vener (slike folk bur stort sett i Oslo) på Facebook, kan ein få inntrykk av at det «alle» her i landet for tida er opptekne av (bortsett frå pallplasseringar i vinteridrett), har noko med islam å gjera.
Min påstand er den motsette: Det er eit lite mindretal folk som går rundt og tenkjer på hijab, moralpoliti på Grønland, religiøst motivert steining av homofile, meir eller mindre opne terrortruslar, og om ein kan trykka potensielt fornærmande karikaturteikningar i eit liberalt demokrati. Og: Dei som måtte gå rundt og føla dette som noko akutt, bur på eit relativt lite geografisk område i Viken, altså i ein liten provins heilt aust i landet.
I resten av Norge – der majoriteten av oss, faktisk tre fjerdedelar av nasjonens innbyggjarar, bur – kan alt dette styret virka litt, ja, fjernt.
Karikaturar
Ta desse teikningane. Aftenbladet har to gonger trykka Kurt Westergaards teikningar av profeten Muhammed, først i oktober 2005, så igjen i januar i år. Basert på alt balubaet som har vore, skulle ein kanskje tru at krenkte muslimar ville ta til Stavangers gater, eller i det minste melda seg i debattspaltene eller i resepsjonen i avishuset. Men så har altså ikkje skjedd. Stavangers muslimar har tydelegvis ikkje vanskeleg for å leva med den eventuelle fornærminga karikaturane måtte representera, her er det ingen som roper verken på forbod eller blod.
Sist gong det var tilløp til krenkingsdebatt i Stavanger-regionen, handla det om nakne mannerumper i ei danseførestelling av Jo Strømgren. Men då kom altså reaksjonane frå konservativt kristent hald – og var vel omtrent like representative for vanlege norske kristne sitt syn på moderne dans som Mohyeldeen Mohammad er for vanlege norske muslimar sitt syn på steining.
Bergen
Det same er situasjonen i Bergen. Bergens Tidende har også trykt dei omstridde karikaturane. Heller ikkje der har det ført til noko ramaskrik, demonstrasjonar eller heftig debatt om ytringsfridomens grenser. Mens Abid Raja fekk sjølvaste kronprinsen til dialogmøte på Litteraturhuset i Oslo, hadde han store vanskar med å finna folk til å sitja i panelet i Bergen. Problemstillingane som kjendest så akutte i Oslo, har knapt resonansbotn i Vestlandets hovudstad. Det blei ikkje noko dialogmøte i landets nest største by.
Dermed blir det litt pussig når Siv Jensen snakkar om at Norge er i ferd med å bli (snik)islamisert. For det store fleirtalet av landets befolkning, som ikkje er innom Grønland, Groruddalen eller Søndre Nordstrand i Oslo sånn til dagleg, finst det få haldepunkt for at muslimar eller islam skulle vera i ferd med å ta over noko som helst. Dei fleste av oss kan møta ein og annan person i løpet av ein dag som me kan mistenka for å bekjenna seg til islam, men dette skjer altså på aldeles udramatisk vis, og heilt utan at me føler verken oss eller vår norske kultur truga.
Demografi
Ein treng ikkje doktorgrad i demografi for å skjøna at integreringsdebatten går livlegare i Oslo enn andre stader. Kvar femte innbyggjar i Oslo har ikkje-vestleg bakgrunn, mens denne gruppa for resten av landet utgjer vel sju prosent. I Stavanger har i underkant av kvar tiande innbyggjar ikkje-vestleg bakgrunn. Men mens ikkje-vestlege innvandrarar i Oslo klumpar seg saman i visse bydelar, har Stavanger bevisst spreidd innvandrarbefolkninga i heile byen. Bydelen Storhaug i Stavanger aust var, med sine relativt billegare bustader, i ferd med å bli ein innvandrargetto for 20–30 års tid sidan. Men så bestemte eit tverrpolitisk fleirtal seg for å spreia innvandrarbefolkninga, både gjennom bustadkjøp og støtte. I 2007 utropte Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Stavanger til den beste kommunen i Norge på dette.
–Innvandrarane blir langt fortare integrert. Dei får kontakt med naboar og kollegaer som har ein heilt annan bakgrunn enn dei sjølv når ein vel ei slik løysing framfor å busetja alle på éin plass, sa direktør Osmund Kaldheim til Aftenbladet den gong.
Mens det i media – og i PST – for tida dermed kan virka som om det står ein kamp om nasjonens framtid, framstår det for meg meir som om islam- og integreringsdebatten dreier seg om eit byutviklingsproblem i Oslo.
Medieskapt?
Denne veka melde Integreringsdirektoratet seg med ein ny rapport, nemleg om innvandrarar i norske medium. «Medieskapt islamfrykt og usynlig hverdagsliv», heiter den rapporten – som programmatisk blei avvist av VGs politiske redaktør Hanne Skartveit, slik redaktørar jo alltid gjer.
Skartveit har nok rett i at det er eit større mangfald av innvandrarar i media nå enn for få år sidan, eit større mangfald av meiningar. Men det er likevel ingen grunn til å tvila på at rapporten er inne på noko. Det store fleirtalet nordmenn bur på stader der dei knapt opplever konfliktar eller problem med innvandrarar, mens biletet som blir teikna i media er det motsette. Det er altså media som skaper frykt og angst, ikkje muslimen du møter på nærbutikken.
Demo
For å ta eit anna illustrerande døme frå siste veke: Det møtte fleire journalistar enn demonstrantar då muslimar i Larvik ville ta avstand frå den nå så notorisk kjende ekstremisten Mohyeldeen Mohammad. Det betyr ikkje at resten av Larviks muslimar støttar Mohammad, men det seier altså noko om at media er meir svoltne på demonstrasjonane og debattane enn dei det gjeld, nødvendigvis er.
Det store, store fleirtalet muslimar er nemleg heilt vanlege, moderate menneske, akkurat som dei fleste nordmenn – kristne eller ei – er.
Og så må ein altså snart slutta å forveksla «Oslo» med «Norge».
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Relaterte bilder
Journalist Jan Zahl.
Olje og gass
-
Møkster til Barentshavet
Stavanger-rederiet Simon Møkster Shipping døper sitt nyeste skip i Ålesund fredag. Skipet skal straks etter dåpen på jobb i Barentshavet.
-
Nye bølgemålinger kan gjøre plattform ubrukelig
Nye målinger viser at Yme-plattformen kan få store problemer i høye bølger.
Oljeservice
-
Eiendomskonge satser til sjøs
Atlantic Offshore nøyer seg ikke med 25 skip. Nå bygges fem nye for 1,2 milliarder kroner.
-
Stavanger-bedrift i-Tec vinner Gullkronen
Stavanger-bedriften i-Tec vant prisen for beste nye venture under Rystad Energys Gullkronen 2012.
Fornybar energi
-
«Grønn kriger» fikk motvind
Han kaller seg «Green Warrior», Jon Bakke fra Norges Miljøforbund. Men i Sokndal møtte han liten forståelse for kampen mot vindturbiner.
-
Kommunale el-biler i sikte
Stavanger har lenge hatt som mål å bli den beste elbil-byen, men så langt har det vært få el-biler å skimte i kommunen.
Klima og miljø
-
Norge innfridde ikke miljømål
Norske utslipp var i 2010 nesten 20 prosent høyere enn lovet
-
Regjeringa vil gå til sjøs
Kyst- og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen vil flytta 15 millioner tonn gods frå trailerar til skip.
Kommentarer