Kommentar:
Gud vs. Darwin?
I debatten blir den bibelske skapingshistoria sett opp mot naturvitskap og utviklingsteorien. Straks blir debatten uvitskapleg, teori blir til faktum.
AV: magnar kartveit, teologiprofessor
Stavanger Aftenblad har intervjua ein zoolog som hevdar at det finst problematiske sider ved utviklingsteorien, og sporenstreks kallar vedkomande ned over seg ein bukett forbanningar. Ein zoolog som ikkje er utviklingsgjenfødd må vel utstøytast, eller ekskommuniserast?
LES OGSÅ: Zoolog tror ikke på Darwin
For meg som ikkje er zoolog, verkar ideen om ekskommunisering litt forhasta, meir som gatejustis enn som resultat av ei naturleg utvikling. Eg har rekna med at forskinga sitt kjennemerke er tvil, tvil på aktuelle standpunkt, tvil på nedarva metodar, tvil på gjeldande resultat, kort sagt tvil om omfanget av aktuell kunnskap og på teoriane som finst for tida. Eg gjekk ut frå at forsking kan ha som einaste sikre resultat at teoriar kan avkreftast, men aldri at dei kan stadfestast og gå over i kategorien for fakta. Teoriar kan setjast opp, testast, omformulerast og granskast, men aldri sjølve bli fakta. Særleg når det gjeld historiske forhold, der mykje av materialet er tapt. Trudde eg. Men energien i debattinnlegga etter intervjuet med Kolbjørn Skipnes tyder på at tvil omkring utviklingsteorien ikkje den rådande mentale modus for tida.
Darwin og Dawkins: For det dreier seg ikkje berre om Charles Darwin, men om ein annan forskar, ein som ligg nesten like langt framme i alfabetet: Richard Dawkins. Biologen Dawkins har med frimodig mine marsjert inn i mitt fagområde, teologien, og erklært at Gud har vore død så lenge at me som enno trur på han, er mentalt sjuke, me lir av ei vrangførestelling. Eg er ikkje sur for Dawkins' innmarsj, eg ynskjer einkvar velkomen inn i mitt hus. For han er det altså eit sjukt hus, men han er velkomen til å gå visitt. Boka hans «Gud: en vrangforestilling» viser at han er ukjent med mykje her. La meg røpa litt av det hemmelege livet i dette mitt hus.
I denne samanhengen dreier det seg om skapinga. Ho er eit tema i Bibelen, særleg i Det gamle testamentet. Skapinga dukkar opp mange stader, ofte der ein ikkje legg merke til henne med ein gong, og alltid med eit anna sikte enn å avsløra korleis verda vart til.
Skaping 1: Mest tydeleg er skapinga eit tema i det aller første kapitlet i Første Mosebok. Her er fortalt i åtte omgangar korleis alt blir til, frå lys til menneske. Dei åtte skapingssekvensane er lagt inn i seks dagar, og forteljinga munnar ut i at sabbaten blir instituert. Dermed forstår ein at teksten har eit religiøst sikte, eit mål i ordning av kalenderen i seks arbeidsdagar og ein religiøs kviledag. Dette er også tydeleg ved at sol og måne regulerer tida i dagar, månader og år, og denne tida er religiøst forstått ved at det skal haldast religiøse høgtider gjennom heile året. Skapingsteksten peikar dermed på templet i Jerusalem, der høyrer han til, der har han gjerne blitt skriven ned. Heile skapinga er fortalt med tanke på gudstenestene i templet i Jerusalem; der blei skapinga feira dagleg, kvar veke, kvar månad, året igjennom.
Skaping 2: Også i neste kapittel i Første Mosebok er skapinga eit tema. Som om den første forteljinga ikkje fanst, startar denne historia nesten på null, nærmare bestemt med eit tomt steppelandskap, der det ikkje finst plantar, dyr, menneske eller regn. At desse to forteljingane står side om side, blir ofte forklart slik at den andre vil gi detaljane som den første ikkje hadde, ho vil fortelja meir om skapinga. Denne forklaringa strandar på alle motsetningane mellom tekstane, og det er meir sannsynleg at redaktøren tok begge med av respekt for tradisjonen. Dermed dekonstruerer tekstane kvarandre, for å henta eit uttrykk frå moderne filosofi. På ein del punkt avviklar dei seg sjølve, mens dei forsterkar kvarandre på andre punkt.
I denne andre forteljinga blir mannen skapt først, av jord, og dødeleg. Han kan eta av livstreet, men ikkje av kunnskapstreet. I møte med dette regimet vel mennesket meir kunnskap og mindre liv. Denne forteljinga er altså ei forklaring på at den umettande menneskelege kunnskapshungeren er avgrensa av eit strevsamt og kort liv.
Eit anna tema er forholdet mellom mann og kvinne. Når dyra blir skapte, viser det seg at dei ikkje har same vesen som mannen. Så blir kvinna til, og ho har same natur som mannen, dei to høyrer saman, og der er altså ein grunnleggjande forskjell på dyr og menneske. Dawkins deler knapt dette synet, om ein skal døma etter det han skriv.
Kvar for seg vil dei to forteljingane svara på bestemte spørsmål i det gamle Israel, og skapinga står i teneste for dette formålet. Då dei vart skrivne, hadde det gamle Orienten allereie til disposisjon mange tekstar om skapinga. Både Egypt og Sumer hadde skapingstekstar frå det tredje tusenår f. Kr av. Moses blir ofte plassert i det trettande hundreåret f. Kr, og forskinga lokaliserer dei to skapingstekstane på nihundretalet og femhundretalet f. Kr. Enten det er Moses eller yngre forfattarar som står bak, så opererer dei på eit langt seinare tidspunkt enn dei andre tekstane. Det gamle testamentet brukar stoff frå dei eldre tekstane og omformar det. Dei viktigaste forskjellane er for det første at dei andre fortalde korleis gudane vart til, mange gudar, medan Det gamle testamentet har éin Gud, som ikkje har ei historie bak seg. Han er utan opphav. For det andre er naturen i Bibelen sekularisert, medan han i alle andre religionar i omverda var guddommeleg, full av ånder og makter.
Skaping 3: I Ordspråksboka finst også ei forteljing om skapinga, i kapittel 8. Der blir visdommen skapt før alt det andre, og han bidreg til skapinga av universet. Også denne teksten har røter i andre kulturar. Visdommen er heilt i teneste for skaparen, og samtidig eit sjølvstendig, leikande vesen. Mykje av det som er sagt om visdommen, minner om det som moderne menneske ville kalla naturlover.
Science mot science fiction?: Eit av spørsmåla som ofte har vore drøfta, er om Bibelen er vitskap eller science fiction. Svaret er at Bibelen ikkje er ein forskingsrapport, men byggjer på den tids vitskap. Ein tenkte seg at universet hadde fire etasjar: over himmelkvelven var det vatn, så kom himmelen med fiksstjernene, jorda hadde utstrekning og slutt, og under jorda var det vatn, eller eit stort djup. Bibelen deler dette synet, men i dei tre forteljingane er hovudpoenget ikkje å formidla eller sementera dette verdsbiletet, men kva det vil seia for mennesket at Gud skapte verda.
Dette poenget kjem tydeleg fram i dei mange tekstane som gjer seg bruk av skapingstanken. Typisk er Jesaja kapittel 40: «Herren er den evige Gud som skapte den vide jord. Han gir den trøytte kraft og den som ingen krefter har, gir han stor styrke.» Her er spørsmålet ikkje korleis verda vart til, men kva skapingstanken betyr når nauda er nær.
Eg trur difor ikkje at Gud har ei sak gåande mot Darwin, for han har sleppt visdomen laus i verda, så Darwin og Dawkins er frie til å utforska universet så mykje dei vil. Dawkins vil nok betakka seg for den slags løyve, medan Gud vil gleda seg over forskarane si forsking.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Relaterte bilder
Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer