• FOTO: Jon Ingemundsen

Kven skal betala for musikken?

Er det alkoholsal, StatoilHydro, sponsorar, det offentlege eller dei som faktisk lyttar til musikken som bør betala lønna til musikarane?

La oss seia at du skal byggja deg ei lita bu. La oss vidare seia at du er like upraktisk som meg. Kva treng du då? Jau, ein snikkar. Så kva gjer du?

Eg skal koma tilbake til det tømrarfaglege, men først ein sveip innom ei heilt anna næring: kulturlivet. Eller nærmare bestemt: kultur- og pengelivet.

KULTURØL: Den store saka i det stavangerske musikklivet den siste veka, har vore avviklinga av prøveordninga med å gi utvida opningstid til utestader ved kulturarrangement. 60 av 67 bystyrepolitikarar i Stavanger var måndag hjarteleg samde om at ordninga var komplett mislukka og i stor grad uthola og utnytta av bransjen sjølv. Ein gitartrubadur kunne nå innom fem utestader på ein kveld med nokre coverlåtar i ein krok - og slik gi utestadene utvida opningstid. Men om det kulturelle nivået til tider har vore lågt, er den unisone tilbakemeldinga frå politi og skjenkjekontroll meir alvorleg: det blei meir bråk og kaos med utvida skjenketider.

På galleriet i bystyresalen sat ein betutta gjeng representantar frå enkelte av byens kulturscener, saman med resignerte musikarar og jazzklubbar som ikkje lenger har nokon scene. Innehavarane av Sting, Checkpoint Charlie, Cementen, Tou Scene og Folken meiner fjerninga av kulturløyvingane gjer det praktisk og økonomisk umogleg å arrangera så mange konsertar og andre kulturarrangement som nå. Kvifor? Jau, fordi desse arrangørane meiner det er for seint å starta konsertar etter klokka 22 - når nattklubbane opnar - særleg på kvardagar - samtidig som alkoholsalet, og dermed innteninga, kjem mellom midnatt og 03.30. Når ein kjem så langt på natt har dei som opna tidleg allereie vore stengde i to timar.

Sjølv om både Checkpoint Charlie og Tou Scene får pengestøtte til konsertdrifta frå Norsk kulturråd, er meldinga deira klar: Dei treng inntektene frå alkoholsalet etter midnatt for å kunna halda fram med eit like ambisiøst konserttilbod.

Altså: Alkohol betaler kulturen.

SPONSING: Laurdag var det til gjengjeld eit interessant konserttilbod i Stavanger. Interessant, sidan byens befolkning fekk presentert eit knippe norske musikarar aldeles gratis. Over 5000 musikkinteresserte i Bjergstedparken trengde ikkje å betala for å høyra Skambankt, Jahn Teigen, Mathias Eick, Eldbjørg Hemsing eller Stavanger symfoniorkester. Rekninga var allereie gjort opp av StatoilHydro.

Altså: eit kommersielt selskap betaler kulturen.

Like synleg var nok ikkje den private sponsinga då den tidlegare nordsjødykkaren Arild Nordbø til saman gjekk inn med 1,8 millionar kroner for å sikra at det blei Classic Rock Festival på Sandnes i 2008. Eller Skagen-gründer J. Kristoffer Stensrud, som bidrog med 2,8 millionar kroner. Sjølv om det kom ein del betalande tilskodarar, var det dei private investorane som sørga for at Def Leppard og Rod Stewart gjekk på scenen.

Altså: Private sponsorar betaler kulturen.

OFFENTLEG: Tysdag slo Aftenbladet opp at Stavanger bruker desidert flest kulturkroner av dei 12 største byane i Norge. Same dag delte Rogaland fylkeskommune ut fylkets kulturpris til biletkunstnarane Jens og Karen Erland frå Bryne, mens Nils Henrik Smith, også han frå kulturbyen Bryne, fekk fylkets litteraturstipend på 100.000 kroner.

Den unge forfattaren takka for stipendet med ei åtvaring til dei som måtte tenkja på å fjerna støtteordningar til forfattarar. Smith har nemleg fått 130.000 kroner - halvparten av årsinntekta si - i offentlege stipend dei siste to åra. I tillegg er han som skjønnlitterær forfattar indirekte sponsa av staten gjennom ei innkjøpsordning plateartistar bare kan drøyma om. Unngår han å bli nulla, er Smith garantert å selja 1000 bøker til fullpris.

Altså: Det offentlege betaler kulturen.

PLATEBRANSJEN: Som norsk plateartist er du ikkje garantert å selja ei einaste plate, heller ikkje til staten. Så er også platebransjen i djup krise etter at cd-salet har stupt og knapt nokon norsk musikar tener pengar på platesal lenger. Situasjonen er så alvorleg at leiaren for norske komponistar og tekstforfattarar (Nopa), Ragnar Bjerkreim, måndag oppfordra til boikott av SV, Venstre og Rødt, fordi desse partia meiner at nedlasting av musikk på nettet bør bli lovleg.

- Piratpolitikarane vil ta levebrødet frå oss, sa Bjerkreim.

I forgårs drog den internasjonale plate- og filmbransjens representant i Norge, IFPI, Telenor til retten for å hindra nettkundane deira tilgang på fildelingsnettverka. Også Lyse er på veg mot ein ny runde i retten for å avgjera om dei skal måtta gi opp IP-adressa til nettkunden filmselskapet mistenker for å stå bak lekkinga av storfilmen «Max Manus» til eit fildelingsnettverk. Som altså fører til at du og eg kan lasta filmen ned og sjå han gratis - som med så mykje musikk, filmar, dataprogram, tv-seriar og - snart - digitale bøker.

Kven betaler for kulturprodukta du og eg forbrukar når me lastar dei gratis ned? Vel, sidan me ikkje betaler, må det vera nokon andre. Kulturprodukta kan kanskje framstå som noko som er gratis, enten det er StatoilHydro som spanderer eller du forsyner deg gratis på Pirate Bay. Men det finst altså folk som har som yrke å laga desse produkta, som prøver å betala rekningane sine gjennom arbeidet sitt. Og det er faktisk ikkje gratis å produsera, distribuera eller marknadsføra verken plater, film, bøker eller dataprogram.

Dermed står me i følgjande lett absurde situasjon: Kunstnarane betaler for kulturen.

REKNINGA: Det er på tide å venda tilbake til snikkaren. For la oss seia at du ville ha denne snikkaren til å snikra denne bua. Kven ville du synast det var mest logisk at betalte for arbeidet? Ein fest, eit privat selskap, ein sponsor, det offentlege - eller burde snikkaren eigentleg jobba gratis og spandera plank og spikar?

Eller. Her er ein skikkeleg sprø tanke: Kva med å betala sjølv?

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Relaterte bilder

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet