Kvifor skal Stavanger bli Expo-by?
Ei verdsutstilling i 2017 må visa fram ein framtidsretta energiregion. Elles er det knapt verd innsatsen.
AV: tom hetland
Stavanger 2008 er over. Regionen er ikkje lenger europeisk kulturhovudstad. Mange stiller spørsmålet: «Ka då, ittepå?»
Den som har begge beina på jorda, står som kjent stille. Og delar av den stavangerske politikk- og næringslivseliten har peila seg inn på eit nytt prosjekt - større enn noko byen har våga seg på før: Stavanger skal søkja om å få arrangera ei verdsutstilling.
Først litt fakta: Dei store verdsutstillingane (Expo) blir arrangerte kvart femte år. Den førstkomande går av stabelen i Shanghai i 2010, den neste i Milano i 2015. Kampen om å få bli vertsby i 2020 i alt i gang. Fire amerikanske byar har meldt interesse, det same har København.
Dei ordinære Expo-utstillingane er kjempearrangement som ligg langt utanfor Stavangers kapasitet. Det som er aktuelt å søkja om, er den mindre, tematiske utstillinga ««recognized Expo» som blir arrangert i perioden mellom to ordinære.
I fjor vart denne kategori b-utstillinga halden i den spanske byen Zaragoza, med tema «Vatn og berekraftig utvikling». I 2012 går stafetten vidare til Yeosu i Sør-Korea, som har valt eit nokså likt tema: «Levande hav og kyst, ressursmangfald og berekraftig aktivitet».
Første sjanse for Stavanger blir altså i 2017 eller 2018. Kven me skal konkurrera med, er uvisst. Men Edmonton i Canada er på banen, og kan få nasjonal oppbakking i samband med at Canada feirar 150-årsjubileum som nasjon i 2017.
Sjølv om Stavanger satsar på den minste varianten, er dette likevel ei kjempeutfordring. 5,5 millionar menneske besøkte Expo-utstillinga i Zaragoza i løpet av dei tre månadene den var open. Til samanlikning samlar ONS i Stavanger 40.000 menneske i tre dagar. Og då er infrastruktur og innkvarteringskapasitet i regionen strekt til det yttarste.
Zaragoza-nivået er sannsynlegvis uoppnåeleg for Stavanger. Omlandet vårt er for lite til det. Men det kan jo henda at den internasjonale Expo-komiteen synest at eit mindre arrangement i Stavanger er så solid, spennande og eksotisk at dei satsar på det. Norge har godt ry som arrangørnasjon, og med ein statleg milliardgaranti i ryggen (mindre duger ikkje, tenk på Tromsø-OL) kan Stavanger vera eit trygt alternativ.
Det er flott å ha noko å strekka seg etter. I desse Obama-tider har me alle sett den magiske krafta i dei enkle orda «yes, we can». Både som oljehovudstad og kulturhovudstad har Stavanger sprengt grenser og vakse på det. Store, hårete mål mobiliserer energi og skaparkraft.
Men grensa til stormannsgalskap kan vera hårfin. Og skal Stavanger ta eit så stort løft, må det vera ei langsiktig meining med det. Det er ikkje nok å laga til ein tre månaders fest for å «bli sett på kartet» - det er rett og slett ikkje forsvarleg ressursbruk med tanke på alle andre viktige oppgåver kommunen har. Expo må bli meir enn ein jippo.
Det betyr at ein Expo-søknad må vera ledd i ei bevisst profilering og ein næringspolitisk strategi. Den som vil ha utstillinga til Stavanger i 2017, må sjå inn i krystallkula og spørja: Korleis ser verda ut om åtte år, og korleis ønskjer Stavanger å plassera seg i den? Val av tema blir derfor uhyre viktig. Det kan ikkje henga i lause lufta, men ha samanheng med noko Stavanger og Rogaland er, eller veldig sterkt ønskjer å bli.
Då finst det ikkje så mange alternativ. Den avgåande kulturhovudstaden er opptatt av etterbruken og etteraktiviteten. For å byggja vidare på det som vart skapt i 2008 går det sjølvsagt an å tenkja seg ei utstilling med eit kulturelt tema - San Francisco har lansert «det krysskulturelle» som motto for sin 2020-søknad.
Men bare det at San Francisco er på banen, seier litt om kva slags divisjon me nå spelar i. Og med all respekt - eg trur ikkje Stavanger har tilstrekkeleg internasjonal gjennomslagskraft som kulturby til å hala eit slikt arrangement i land.
Det same gjeld den lokale matfylke-satsinga. Dei som for eksempel nyleg var på landbruks- og matutstillinga Grüne Woche i Berlin, veit at både Norge og Rogaland er små i den samanhengen, uansett om me stiller opp med kokkelandslaget i marknadsføringa.
Dermed står med igjen med det som er denne regionens profil og levebrød: energi.
Det er eit erklært mål for Stavanger-regionen å gå frå oljehovudstad til energihovudstad. Nokre av oss synest det går for seint. Oljehovudstad kan me vera i mange år ennå, men det er ein reell fare for at andre regionar i inn- og utland kan slå oss i utviklinga av miljøvennlege, fornybare energiformer. Me treng eit lokomotiv, ein katalysator som kan løfta oss skikkeleg også på fornybar side.
I eit slikt perspektiv - og sannsynlegvis bare det - kan Expo Stavanger vera verd innsatsen og kostnadene. Dersom Stavanger set seg som mål å visa verda ein region som ikkje bare har gjort store bragder innan krevjande olje- og gassproduksjon til havs, men som også bruker kunnskapen og pengane til å bli nasjonalt og internasjonalt leiande i å skapa ei ikkje-fossil energiframtid, kan Expo ha ei meining.
Og kan søknaden også skapa ein brei debatt om regionens framtidskurs, er ingenting betre. Då kan prosessen visa seg å vera viktig i seg sjølv, også om Stavanger til slutt skulle tapa kampen om å bli Expo-by.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Relaterte bilder
FOTO: Per Erik Helle
Olje og gass
-
Pekefinger mot Statoil ga liten seier
Aldri før har så mange stemt for at Statoil skal ut av oljesand i Canada. Likevel hjelper ikke det når regjeringen stemmer mot.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Oljeservice
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Fornybar energi
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
-
60 kraftselskap kan bli til 3
60 sørnorske kraftselskaper må tredoble investeringene for å fase inn masse ny fornybar energi innen 2020. Thema Consulting Group mener selskapene må slå seg sammen for å spare penger.
Klima og miljø
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
-
Total har stanset gasslekkasje i Nordsjøen
Franske Total har stanset gasslekkasjen ved Elgin-plattformen i Nordsjøen, 250 kilometer utenfor Aberdeen i Skottland.
Kommentarer