Kommentar:

Kvifor vel så mange abort?

Kvar dag tek 38 norske kvinner abort. Opptil 280 abortar per 1000 levande fødde er status for Vest-Europa. Samstundes blir verdsdelen forgubba, og eldrebølga slår snart inn med full tyngd.

Abort er sjølvsagt ei årsak til forgubbing. I dei vel 30 åra lova om sjølvbestemt abort har eksistert i Norge, har minst 400.000 foster blitt fjerna. Kvar tredje norske kvinne vel å avbryta eit svangerskap. Abortane blir gjennomførte på eit taust samleband mens samfunnet held pusten for å ikkje støyta nokon. Også blant kyrkja sine menn og kvinner er det blitt ulideleg taust dei siste åra.

Det finst nesten ikkje farlegare ting å meina noko om enn abort i Norge i dag, sjølv om Marianne Mjaaland, Morgenbladet og Aftenposten har letta litt på trykket dei siste månadene. Organisasjonen Menneskeverd håpar dette er teikn på ein ny og mindre skyttargravsprega abortdebatt i Norge.

Mykje av æra for dette får Marianne Mjaaland. Bodbringaren har alt å seia. Mjaaland står som tidlegare abortlovforkjempar, abortkirurg og aborttakande kvinne i eit meir forsonleg lys enn to skjeggete prestar utan livmorer.

Ho gav tidlegare i år ut romanen «13. uke» kor ho mellom anna skildrar ei tenåringsjentes ambivalens før ein abort. Like før bedøvinga byrjar å virka, vil jenta ikkje ta abort, men kirurgen får henne til å ta til «fornuft». Kirurgen får derimot også sine kvaler like etter, då ho ser at fosteret ho skal skrapa ut er eldre enn dei «lovlege» 12 vekene. Mjaaland set søkelyset på det absurde i at ein graderer eit fosters menneskeverd etter alder. Ho tykkjer også det er eit tankekors at mellom 8000 og 10.000 norske velfungerande kvinner kvart år vel bort heilt friske foster.

Underteikna er mot abort både av friske og sjuke foster, uansett alder og opphav. Men eg ventar ikkje at så mange vil bry seg om kva eg meiner. Eg er ei kvinne frå bedehus-Ryfylke som har det trygt og godt på alle vis. Fire friske gutar har eg fått, og lagnaden har aldri vore slik at eg nokon gong har kjent freistinga til å avbryta eit svangerskap. Eg står såleis ikkje stort høgare enn Børre Knudsen og Ludvig Nessa på rangstigen i abortforkjemparanes auger.

Sjølvsagt er det
lett for meg å snakka og meina. Eg veit at mange kvinner og jenter blir gravide under dei verst tenkelege omstenda, men kva med å også setta søkelyset på alle dei andre kvinnene som tek abort. Når ein lege som Mjaaland undrar seg over kvifor tusenvis av friske og ressurssterke kvinner tek abort, må vel me andre også kunna undra oss.

Om eit såkalla «vellukka» par plutseleg finn ut at dei ventar ein attpåklatt, er det verkeleg så fælt, at barnet må døy? Vil verda rasa saman for denne familien om ein må investera i ein sjusetar og bygga på huset nokre kvadratmeter?

Kan eit planlagt karrierestunt verkeleg stå i vegen for eit levande menneske av kjøt og blod? Friske og oppegåande folk plar vanlegvis få til det dei vil. Mange har heilt sikkert også opplevd at eit uønska barn gav uventa glede. Når Gud stenger ei dør, opnar han eit vindauga i staden.

Les ein abortstatistikkar må ein lura på om folk i Norge (og Europa) ikkje kjenner til prevensjon? At ressurssvake jenter droppar prevensjon, eller har uansvarlege og umogne kjærastar som ikkje vil beskytta seg, er éin ting. Men at godt opplyste menneske som har fått seksualundervisning sidan barneskulen, gong på gong blir uønska gravide, det er beint ut hårreisande.

Nå har forskar Willy Pedersen og psykiater Anne Nordal Broen funne ut at mange kvinner strir med vanskelege kjensler etter abortinngrep.

Kvinnene som angrar mest, er dei som let seg overtala til aborten av barnefaren, har Broen funne ut. I ei undersøking blant 80 kvinner, fann psykiateren ut av 36 prosent av kvinnene tok abort fordi barnefaren var negativ til svangerskapet.

Det var først og fremst kvinner som kjempa fram abortlova, fordi dei ville at deira seksualitet skulle vera like fri som mannens. Spørsmålet som bør gnaga i mange, er om mannen ikkje ennå har det friast.

For i mange tilfelle virkar abortlova til å vera ei makeleg sovepute for egoistiske menn, som når ei kvinne blir uønska gravid, med kald mine kan seia: «Eg vil ikkje ha dette barnet. Ber du det fram, går eg.»

Så blir kvinna sitjande att med noko som liknar meir på ei plikt, enn ein rett til å ta abort. Nokon burde forska meir på kva rolle menn spelar i abortavgjerdene som blir fatta i dei tusen heimar, for å finna ut kor sjølvbestemte abortane eigentleg er.

Gravide kvinner over 38 år får tilbod om fostervassprøve. Ei eg kjenner takka nei, fordi ho ville ha barnet også om det var sjukt. Då konstaterte legen at det ikkje var nokon vits i prøven. Morkakeundersøkingar gir mange kvinner nye kvaler og kjennest nok for mange som ei slags plikt det også.

Heldigvis har me jo Sarah Palin, kvinna dei politisk korrekte elskar å hata og gjera narr av. Ein skrik over seg fordi den republikanske visepresidentkandidaten er for å drepa rovdyr men ikkje foster.

Eg veit ikkje om Sarah Palin vil passa som visepresident i USA, men for alle abortmotstandarar bør ho stå som eit strålande førebilete.

Dama er mot
abort. Det er det som sagt enkelt å vera når ein har grei mann og fast jobb. Men kvinna er også mot abort når ho finn ut at ho ber ein attpåklatt med Downs syndrom i magen, og når dottera på 17 blir gravid. Det kallar eg heilstøypt.

Eg trur ikkje abortlova forsvinn. Men kva om fleire ressurssterke menneske - for det er dei som tek flest abortar - kunne tenkt alternativt? Å opna kjellarstova for dottera som blir åleinemor, eller føreslå adopsjon? Det finst så mange ufrivillig tomme morsliv her i landet at det må gå an å få adoptert bort uønska barn.

Uansett kva ein meiner om abort, er følgene ein skrikande mangel på folk. I 2006 døydde det for første gong utanom dei to verdskrigane fleire enn dei som blei fødde i Europa.

Fleire land
kan få halvert folketalet innan 40 år. Europa er i ferd med å bli forgubba. I Norge er ikkje situasjonen så ille førebels, men i Tyskland ropar ein på storken av full hals.

Fordi så mange barn blir aborterte, må europearane arbeida lenger og uroa seg over kven som skal stella dei på gamleheimen. Norge ville også hatt god bruk for dei menneska abortlova har kosta dette landet.

Dublin er ein by mange tykkjer er kul, vital og trendy. Ein av grunnane til det er at halvparten av innbyggarane der er under 30 år. Dei tek abortar i Irland også, heilt klart, men tydelegvis ikkje så mange som i land kor staten velsignar fosterdrap. Det fører kanskje til andre typar velsigningar?


Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Relaterte bilder

Den republikanske visepresidentkandidaten Sarah Palin lever tydelegvis etter det ho meiner om abort. Utdrag: Heldigvis har me jo Sarah Palin, kvinna dei politisk korrekte elskar å hata og gjera narr av.

Olje og gass

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Fornybar energi

  • 60 kraftselskap kan bli til 3

    60 sørnorske kraftselskaper må tredoble investeringene for å fase inn masse ny fornybar energi innen 2020. Thema Consulting Group mener selskapene må slå seg sammen for å spare penger.

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi