Litterær gullalder i Rogaland?
Tre Brageprisar og Bokhandlarprisen til rogalandske forfattarar kunne nesten få ein til å tru at Rogaland har landets sterkaste litterære miljø i 2008. Men så enkelt er det ikkje.
AV:
jan
zahl
journalist
Sjølv om Renberg ikkje var nominert til Bragepris for «Charlotte Isabel Hansen», hadde han god grunn til å gleda seg med dei andre prisvinnarane frå Rogaland. Få dagar før fekk han overrekt Bokhandlerprisen av kulturminister Trond Giske. I Oslo.
Gullalder?
Maken til prisdryss over rogalandsforfattarar har så vidt eg veit aldri tidlegare forekome. Betyr all denne heideren og æra at me står midt i ein litterær gullalder i Rogaland? Vel, så enkelt er det ikkje.
I tillegg til å vinna Bragepris og vera fødd og oppvaksne i Rogaland har Fløgstad, Rimbereid og Harstad til felles at dei har flytta herifrå. Å seia at det var tre «rogalandsforfattarar» som vann Bragepris blir ei lokalpatriotisk tilsniking. Vel så presist ville det vera å seia at to Oslo-forfattarar og ein Bergens-forfattar (Rimbereid) vann Brageprisen. Kjartan Fløgstad har budd langt meir av livet sitt borte frå Sauda enn i Sauda. Kor mange tiår skal han bu i Oslo før han blir rekna som ein «Oslo-forfattar»?
For å snu litt på flisa: Stephen Walton og Nils Rune Langeland var begge nominerte til Bragepris i klassen for sakprosa. Ingen av dei snakkar rogalandsdialekt. Men begge er tilsette ved Universitetet i Stavanger. På same måte snakkar Bjørn Arild Ersland, som var nominert i klassen for beste barne- og ungdomsbok, mandalsdialekt, men bur i Stavanger. Er det ikkje dei - som faktisk bur og verkar her - som er dei ekte «rogalandsforfattarane»?
Kom heim
Eg skulle ønskt at Fløgstad, Harstad og Rimbereid budde i Rogaland, at dei hadde flytta «heim», slik Tore Renberg har gjort. Det hadde vore fantastisk om det faktisk var sant at tre rogalandsforfattarar vann Bragepris, om det faktisk var slik at prisvinnarane bare representerte toppen av eit stort, rikt og aktivt miljø av forfattarar og litteratar i Stavangerregionen, som gjensidig inspirerte og stimulerte kvarandre til å bli best i Norge.
Men faktum er at det ikkje finst eit stort, rikt og aktivt litterært miljø her. Og eg trur det er noko av grunnen til at prisvinnarane ikkje bur her. Det fins sjølvsagt mange grunnar til at folk flyttar på seg, men Oslo og Bergen har førebels ei sterkare dragning på folk som jobbar med og er interesserte i tekst. Det er i Oslo og Bergen du finn dei store humanistiske universitetsmiljøa, det er i hovudstaden heile forlagsnorge er samla.
Ambisjonar
Eg skriv «førebels» fordi det må vera lov å drøyma om at det er noko på gang også i Stavangerregionen. Prisdrysset - kombinert med kritikarrosen som blir rogalandske forfattarar som Arild Rein, Einar O. Risa, Sigmund Jensen og Torild Wardenær til del - er viktig fordi det viser at det er mogleg å bli best, også frå Rogaland.
Samtidig har Stavanger ambisjonar som litteraturby, ikkje bare gjennom etablerte institusjonar som Litteraturveka på Sting, Kapittel og Friby-administrasjonen på Sølvberget. Jostein Soland skal leia arbeidet med eit eige Kielland-senter - eit eige litteraturhus i Stavanger. Kva kan du Soland gjera for at det dei neste åra blir fleire ekte rogalandsforfattarar som får Bragepris?
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Olje og gass
-
Pekefinger mot Statoil ga liten seier
Aldri før har så mange stemt for at Statoil skal ut av oljesand i Canada. Likevel hjelper ikke det når regjeringen stemmer mot.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Oljeservice
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Fornybar energi
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
-
60 kraftselskap kan bli til 3
60 sørnorske kraftselskaper må tredoble investeringene for å fase inn masse ny fornybar energi innen 2020. Thema Consulting Group mener selskapene må slå seg sammen for å spare penger.
Klima og miljø
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
-
Total har stanset gasslekkasje i Nordsjøen
Franske Total har stanset gasslekkasjen ved Elgin-plattformen i Nordsjøen, 250 kilometer utenfor Aberdeen i Skottland.
Kommentarer