Med lovar skal folket leiast
Regjeringa vil unngå alvorlege konfliktar. Difor utvidar den rasismeparagrafen til også å gjelda angrep på religion.
AV:
solveig
grødem
sandelson
journalist
Organisasjonen av islamske land (OIC) krev at krenking av religion skal stemplast som ei form for rasisme. Kravet er retta til FNs rasismekonferanse, Durban II, og det har fått Canada til å boikotta konferansen, Danmark til å varsla boikott, den franske filosofen Pierre Bruckner til å starta underskriftskampanje og blant andre Aftenbladets sjefredaktør til å ytra seg svært kritisk om saka. Konferansen skal haldast i april.
Og så, mens me ventar, nærmast, kjem ei lita pressemelding stille drivande frå vårt eige justisdepartement. Om at regjeringa, altså den norske - rød-grøne - som visstnok ikkje vil boikotta FN-konferansen - fordi den trur på dialog og sånn - vil utvida straffebodet om hatefulle ytringar. Kjend som rasismeparagrafen. Slik at den også omfattar kvalifiserte angrep på religion eller livssyn.
Eit slikt straffansvar skal nemleg kunna avverga alvorlege konfliktar i samfunnet, meiner regjeringa. Dessutan kan angrep på ulike trusretningar lettare enn før opplevast som eit angrep på ei minoritetsgruppe med særskild behov for vern.
Kva ordlyden i lova blir, seiest det ikkje noko om. Men sidan religion og livssyn faktisk alt er nemnt i den eksisterande paragrafen, må det vera ei innskjerping det er snakk om. Som også skal erstatta blasfemiparagrafen.
Det er jo rørande, sånn som regjeringa tar ansvar for dei små og svake - og samtidig beskyttar oss alle mot alvorlege konfliktar i samfunnet. Med lova i hand. For det er vel sjølvsagt at det er det som skal til, er det ikkje? I eit velfungerande demokrati, som me ofte likar å omtala oss sjølv som, er det vel bare naturleg at regjerande styresmakter til ei kvar tid innfører nye lover og reglar etter kvart som ein får auge på noko ein ikkje likar, noko som er skeivt eller rart eller urettferdig eller potensielt trugande for Den Store Altomfattande Freden?
Når organisasjonen av islamske land ber FN likestilla krenking av religion med rasisme, larmar vestlege varselklokker øyredøyvande. Me høyrer store, totalitære regime som vil oppretthalda og rettferdiggjera si eiga makt og undertrykkjing i religionens namn. Som med lova i hand vil sikra at ting forblir som dei er. At det dei ser på som riktig og naturleg og naudsynt for å oppretthalda ro og orden i landet, blir oppretthaldt. At ein unngår alvorlege konfliktar. At alle må innretta seg etter verdiane dei sjølv står for. Elles kan dei bli straffa.
Men når den norske regjeringa kjem med eit liknande forslag, kling det ikkje i stort anna enn juleklokker. Det me høyrer, er regjeringa som den gode hjelpar, den store garantisten for at alle - uansett utgangspunkt - skal kunna ha det trygt og godt så dei får leva lenge i landet. Og spesielt dei som er i mindretal. Dei små. Og svake. Det ser tilforlateleg og godhjarta ut.
Er det det? Eller kan ein tenkja seg at fri meiningsutveksling og kritikk av gamle normer og vedtatte sanningar snart blir heilt flatklemde under den store, norske, hårete handa med alle lovene i? At kanskje sjølvaste demokratiet har pusteproblem under der ein stad? Kanskje til og med saman med alle dei små og utsette den same handa legg seg så tungt og beskyttande over?
Me ropar gjerne på ytringsfridommen i den eine saka mindre enn den andre - ikkje så sjeldan utspjåka som eit krav om at kvar ein idiot må få ytra seg om kva som helst når som helst i kor stort og viktig offentleg rom som helst, heilt uavhengig av om vedkomande har innsikt eller kunnskap eller noko som helst anna enn hån og dumskap og manglande respekt for andre å koma med. Men me gjer det sjeldan når makta verkeleg knyter neven. Og viser at ho trur langt meir på eigne lover og straff enn på frie meiningsbrytningar. I dette tilfelle når det gjeld religion og religionskritikk. Er det for å oppretthalda ting som dei er, og med lova i hårete hand sikra respekt for verdiane regjeringa sjølv står for? Eller nei, det er det vel bare totalitære, islamske statar som driv med?
I alle fall, her skal ein ikkje ha noko av alvorlege konfliktar med utgangspunkt i religion. Og så skundar ein seg å visa til dei små og svake. Det siste driv sjeldan meir totalitære statar med, rett skal vera rett. Men likevel; trua på at lover og reguleringar må til for å halda folket på plass, synest skremmande lik.
Visst bør me som er folket stramma oss opp ganske kraftig. Ved å skaffa oss innsikt og kunnskap om andre si tru og historie. Ved å prøva å forstå korleis det ser ut der dei andre står. Og likevel våga å kritisera, også når det kan føra til konfliktar. Me bør rett og slett få opp så vel kunnskapsnivået som motet og innsikten og pulsen i vårt eige demokrati.
Ei ny lov mot angrep på religion og livssyn har absolutt ingenting å bidra med der. La det vera, Storberget, det er ille nok at prestestyret i Iran driv med slikt.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Relaterte bilder
FOTO: Erlend Frafjord
Olje og gass
-
Pekefinger mot Statoil ga liten seier
Aldri før har så mange stemt for at Statoil skal ut av oljesand i Canada. Likevel hjelper ikke det når regjeringen stemmer mot.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Oljeservice
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Fornybar energi
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
-
60 kraftselskap kan bli til 3
60 sørnorske kraftselskaper må tredoble investeringene for å fase inn masse ny fornybar energi innen 2020. Thema Consulting Group mener selskapene må slå seg sammen for å spare penger.
Klima og miljø
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
-
Total har stanset gasslekkasje i Nordsjøen
Franske Total har stanset gasslekkasjen ved Elgin-plattformen i Nordsjøen, 250 kilometer utenfor Aberdeen i Skottland.
Kommentarer