Kommentar

Når tyrannane dekker seg bak trua

Det er skandaløst dersom FN lar seg bruka til å stempla religionskritikk som rasisme.

I april neste år går den såkalla Durban II-konferansen av stabelen i Genève. Konferansen er ei oppfølging av FN-konferansen mot rasisme i den sør-afrikanske byen Durban i september 2001. Det var neppe det mest ærefulle kapitlet i verdsorganisasjonens historie. Konferansen var prega av sterke anti-vestlege og anti-israelske utfall, og den canadiske regjeringa kalla heile forsamlinga for eit «rasistisk sirkus».

Forspelet til Durban II lovar heller ikkje godt. Av alle land har Libya fått ansvaret for planlegginga av konferansen, og Iran skal føra slutterklæringa frå konferansen i pennen. Men det mest kontroversielle er kravet frå Organisasjonen av islamske land (OIC) om at krenking av religionen skal stemplast som ei form for rasisme.

Kampanjen frå OIC har vekt sterke reaksjonar i ein del vestlege land. Canada har alt varsla at landet vil boikotta konferansen, Danmark vil følgja etter dersom ikkje det omstridde forslaget blir trekt tilbake. Den franske filosofen Pierre Bruckner har sett i gang ein internasjonal underskriftsaksjon i protest.

I Norge har det derimot vore ganske stilt om saka, bortsett frå enkelte aviskommentarar. Den norske regjeringa har så langt vore forsiktig - haldninga er at det er betre å sitja ved bordet for å kunna påverka utfallet.

Vel og bra. Men det er snart på tide å føra klarare tale. For her står ein viktig del av ytringsfridommen på spel. Og det er direkte skandaløst at menneskerettsorganisasjonen FN lar seg bruka på denne måten.

Mykje av diskusjonen er eit ekko av striden om Muhammed-karikaturane. Og la det vera sagt: Ein del av dei ivrigaste kritikarane i Vesten fiskar i rørt vatn, utan særlege hemningar mot å la seg innrullera som soldatar i sivilisasjonskrigen.

Me må halda fast ved at islamofobi - islamfrykt - er eit reelt samfunnsproblem i mange land, og at det er noko som siviliserte nasjonar må kjempa imot. Den som engasjerer seg i debatten om islam eller andre religionar bør skilja tydeleg mellom kritikk av religionen og krenking av dei truande. Det har med kultur og folkeskikk å gjera, og det er vel å merka noko anna enn lovparagrafar og straff. Dei av oss som valde å føra ei forsiktig linje under karikaturstriden, gjorde det ikkje minst av respekt for dei mange moderate muslimane som kjende seg krenkte av publiseringa. I ein situasjon som var ekstraordinært oppheta, og til dels ute av kontroll, ville me ikkje medverka til ei polarisering mellom «dei» og «oss» som kunne riva grunnen bort under ein heilt nødvendig dialog. Men ingen redaktør hevda at dei som valde å publisera karikaturane, ikkje var i sin fulle rett til å gjera det. Religionskritikk - også i form av karikaturar - er ein del av ytringsfridommen, og eg kjenner knapt eit pressemenneske som ønsk jer ei gjenoppliving av blasfemiparagrafen.

Eg meiner det er nødvendig med ein open og kritisk offentleg samtale om fleire sider ved islam, som det er med andre religionar. Men eg respekterer at det kan ta tid, fordi den islamske verda, i motsetning til den vestlege kristne, ikkje har hatt ei 500 års modningstid frå renessanse og reformasjon og fram til i dag for å ta den diskusjonen. Eg trur også at initiativet til ein slik debatt i hovudsak må koma innanfrå, og at mange muslimar er klare til å delta. Me i Vesten bør på vår side vera varsame med å presentera arrogante fasitløysingar.

Men me treng ikkje vera redde for å seia tydeleg frå om kva som kva som held på å skje i Durban-prosessen. For me kjenner lusa på gangen frå vår eiga historie: Igjen vil tyranniske makthavarar bruka religionen til å uskadeleggjera kritikarar og undertrykka sitt eige folk. Det luktar bannbullar og kjettarbål av resolusjonsforslaga til Durban II.

Iran, Saudi-Arabia, Libya, Algerie - dette er land som alle er på verstinglista når det gjeld respekt for menneskerettane.

Ved å stilla seg fremst i kampen mot «islamofobi» prøver dei å skapa seg ein falsk legitimitet, i håp om at folket vil akseptera diktaturet så lenge det står fram som aggressiv forsvarar av den rette trua.

Moderate muslimar må ikkje gå i den fella. Godtek ein at religionskrenking er ei form for rasisme, for ikkje å seia eit brotsverk mot menneskeslekta, gir det støtte til statar som ikkje vil nøla med å tolka kritikk av seg sjølve som «angrep på den rette trua» eller som «å gå ærend for fiendar av islam».

For ei oppmuntring det vil vera for det religiøse politiet i Iran dersom det kan visa til at det har sjølvaste FN i ryggen når det driv klappjakt på kvinner som «krenkar islam» ved å visa fram eit par hårstrå! Og kor mykje vanskelegare vil det ikkje bli for humanistiske og reformvennlege muslimar å kjempa mot brutale, såkalla «islamske», sharia-lovar når dei kan få rasiststempelet på seg?

«De samme land som steiner kvinner og homofile i religionens navn og forbyr sine borgere å ytre seg fritt, vil nå lukke munnen på mennesker verden over som våger å kritisere islam, kristendom og øvrige religioner. Det skal de ikke få lov til,» seier leiaren for Socialistisk Folkeparti i Danmark, Villy Søvndal.

Han har rett. Og ikkje minst ekte truande på tvers av religionsgrensene bør nå engasjera seg for å få stansa trusselen frå Durban II. For, som vår vestlege erfaring viser, når religionskritikk blir forbode, blir religionsfridommen det første offer.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Relaterte bilder

Olje og gass

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Fornybar energi

  • 60 kraftselskap kan bli til 3

    60 sørnorske kraftselskaper må tredoble investeringene for å fase inn masse ny fornybar energi innen 2020. Thema Consulting Group mener selskapene må slå seg sammen for å spare penger.

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi