Raud-grøn blues

Jens har blitt slått ned før og har reist seg igjen. Men det er som i bokseringen, det blir tyngre for kvar gong.

Det går dårleg for regjeringa på meiningsmålingane. I august er Høgre større enn Ap. Dei historielause blant oss snakkar om eit nytt politisk landskap, blått som eit marinemaleri.

Men me har vore der før. For to år sidan, sommaren 2008, var Ap nede på same prosent som i dag, 26,8. Dei to høgrepartia hadde til saman 47 prosent, mot 49 nå. SV og sentrumspartia stod litt sterkare, men ikkje mykje.

Og to år før det igjen, i september 2006, hadde Ap 27 prosent og Høgre og Frp til saman 46.

Mellom desse blå toppane har altså dei raud-grøne klart å reisa seg til eit solid kommunevalresultat i 2007 og ein ny triumf ved stortingsvalet i 2009.

Og ein kan undrast: Kva er det i norsk veljarpsykologi som gjer oss så høgreorienterte om somrane, særleg i år då det ikkje er val? Er det slik at solskinstider favoriserer dei partia som prisar individet, valfridommen, billegare bensin og låge prisar på Polet, medan Arbeidarpartiet er partiet for kvardagen og haustregnet, for vekkarklokke, lunken kaffi og kneip med brunost?

Eller har ikkje dette noko med høgre og venstre å gjera, men med regjering og opposisjon?

Grunnstemninga i Norge synest i alle fall å vera tilbake til tida før finanskrisa. Me er igjen den murrande idyllen, prega av dei stigande forventningars misnøye. Me vil ha meir og billegare straum til stadig større hus og hytter, men me vil ikkje sjå kraftlinjene som skal føra han fram.

Denne forventningskrisa har ramma så godt som alle regjeringar sidan oljå kom. Ingen, uansett partifarge, har hatt framgang i møtet med veljarane. Unntaket var Gro Harlem Brundtland i 1993, men hennar Ap-regjering var i praksis freda av Høgre på grunn av EU-saka. Dessutan hadde tidene vore dårlege, og den slags blir norske regjeringar populære av. På same måten samla veljarane seg bak Jens og dei raud-grøne då finanskrisa sette inn og folk begynte å bli redde for arbeid og inntekt.

Men om det skulle gjelda slike bisarre politiske lover, så kan ikkje regjeringa lita på dei. Når Jens Stoltenberg og hans mannskap ligg dårleg an, har dei også seg sjølve å takka for det.

Nå synest eg ofte det er litt billeg når mediefolk kritiserer politikarar for dårleg handverk. For det første er det ein del av jobben vår å gjera jobben deira vanskelegare, og då kler det oss dårleg å opptre som dommar på same tid. For det andre tek det merksemda vekk frå innhaldet i sakene og lar politikk bli form. Avpolitiseringa av pressa hadde mange gode sider, men dette er to av dei dårlege: media opptrer konsekvent som opposisjon og kritiserer sjeldan på basis av innhald og verdiar. Det er lettare å gi inntrykk av å vera «nøytral» og «uavhengig» når ein konsentrerer seg om spelet og handverket.

Og problemet går djupare. Eg trur ikkje det er så enkelt som at Jens kunne ha unngått «monstermast»-striden dersom han hadde snakka meir med folk i Hardanger. Det er faktisk litt respektlaust overfor hardingane. For dersom dei er overbeviste om at dei har ei god sak, og at mastene vil skjemma ut for landskap og turisme, så hjelper det vel ikkje at ein statsminister kjem til bygda for å «selja» vedtaket?

Du må nesten vera kommunikasjonsrådgivar for å tru det. Og då er me framme ved sommarens andre store føljetong, som begynte med Bjarne Håkon Hanssen og held fram med Erlend Fuglum, den obsternasige unge Sp-varaen som ikkje forstår at det er forkasteleg å selja sine råd til dei som har råd samtidig som ein skal vera folkets tillitsmann.

Hardanger-striden hadde mange sider. Ikkje alle av dei var like rasjonelle. Men eg trur at både Hardanger-mastene og First House-politikarane har fått opp til overflata ei ulmande uro over at avstanden mellom politikarane og folket er aukande.

Trass i at politikarane stadig «byr på seg sjølv» i meir eller mindre velregisserte pr-stunt, sit mange av oss att med kjensla av at dette ikkje er ekte, at det bak den folkeleg-joviale fasaden byggjer seg opp ein ny politisk klasse i Norge, eit apparat omkring sentrale maktsentra som har politikk som profesjon, og som verken ser det politiske miljøet nedanfrå eller utanfrå, bare innanfrå.

Karrierevegen frå politisk rådgivar via aktiv politikar til kommunikasjonsrådgivar kan vera lukrativ. Men prisen er tapt moralsk autoritet. Det er øydeleggjande for politisk leiarskap. Og dei raud-grøne, med sitt historiske opphav i idealisme og folkerørsler, har størst fallhøgd. Parti som heiar på dei rike og smarte har det enklare. Særleg når det som skjer i praksis, er at Høgres eks-statsrådar går til Røde Kors og Turistforeninga, mens ein påstått sosialdemokrat tek seg godt betalt for å jobba mot det han var for i regjering.

Det kan henda at regjeringspartia vil koma seg på beina igjen. Men det er som boksaren i ringen: det blir tyngre for kvar gong. Den store veikskapen med den raud-grøne regjeringa – mangelen på eit prosjekt, på noko å brenna for – blir stadig tydelegare. Kampsongane er blitt til trist blues. Og tilstanden kan ikkje kurerast med oljepengar. Om ein ikkje veit kva ein vil med politikken, hjelper det ikkje eingong at kveldane blir mørke og gradestokken sakte går mot null.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Relaterte bilder

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet