Kommentar:
Slåsting, pissing og fyll - velkommen til kulturhovudstaden
Stavanger anno 2008 ein laurdagskveld er ikkje akkurat noko å vera stolt av, meiner Aftenbladet sin kommentator.
AV:
jan
zahl
journalist
og
forfattar
«Her blir Bjørn Harald overfalt» Dette var oppslaget i Aftenbladet måndag. Bak overskrifta var det bilde av ein mann som hadde tatt strupetak på Bjørn Harald Johnsen (19). Nå prøvde angriparen å få inn eit slag.
Overfallsmannen er dresskledd, men ingen gentleman. Bak den strigla fasaden er han eit usivilisert villdyr. Klede er ikkje nok til å skapa mannen.
Klokka er 02.45 natt til søndag, midt på torget i Stavanger.
Inne i måndagsavisa var det bilde av ein kar som står og pissar, midt på tusenårsstaden. Og blar ein vidare, ser ein at det ikkje står stort betre til lenger sør: På Bryne stasjon prøver personalet å kasta av ein passasjer som nektar å respektera røykeforbodet på nattoget over Jæren. I staden for å skjemmast, koja røyken og pella seg av toget, får han med seg to kompisar og set seg til motverje. Basketaket som følgjer, fører til at politiet må koma og setta bajasane i arresten.
Mandag morra blues
Kvar måndagsavis er full av desse historiene, av rapportar om fyll, spetakkel og forsøpling av det offentlege rommet vårt. Denne helga var bråket knytt opp mot tidenes lågaste politibemanning i Stavanger, Sandnes, Jæren og i Dalane. Ein einaste politipatrulje mot det massive, nattlege, rogalandske villdyret er ein vits. Ein dårleg vits. Politiet fører ein kamp for betre arbeidsvilkår over for styresmakter og opinion. Kanskje er dei plutselege sjukmeldingane i helgane ein aksjon.
Men eg vil gjerne snu merksemda den andre vegen. For det nyttar ikkje bare å ropa på meir politi i gatene. Me må også sjå nærmare på oss sjølv og korleis me oppfører oss: Er det ikkje ei fallitterklæring at me er avhengige av å bli passa på av politifolk, som ulydige barn, når me går ut på byen i helgane?
Er det ikkje til å langskjemmast av at vaksne folk med stemmerett, førarkort og familie ikkje er i stand til å oppføra seg som vaksne folk, men som primitive apar når klokka passerer midnatt og det er helg? At dei drikk seg frå sans og samling, går laus på kvarandre på tørre nevar, kastar opp, forsøplar, herpar og pissar på offentlege fellesareal, som om 1000 år med sivilisering etter vikingtid og berserkar ikkje har gjort noko som helst med oss?
Bykultur
For fire år sidan skreiv Knut Olav Åmås ein kommentar i Dagbladet om at Oslo i helgane blir til ein rølpete og farleg villvestby - ein harry bygdeby. Åmås meiner Oslo manglar den djupt forankra bykulturen ein finn i byar som Stockholm, København eller New York, der det er vel så mange folk ute i gatene nattetid, men der det likevel ikkje ser ut som ein pøl av piss, oppkast, blod og kebabsaus av den grunn.
«Det handler om å utvikle en sivilisert og fellesskapstenkende bymentalitet,» skreiv Åmås, som kjenner seg langt tryggare kor som helst på Manhattan enn i Oslo sentrum ein laurdags kveld.
Eg ser poenget hans. Nordmenn har relativt kort tradisjon for å bu tett på kvarandre, i byar. Men i tillegg har me ein heilt særeigen drikkekultur med oss frå bondesamfunnet, der me er totalfråhalds i vekene og drikk oss sveiseblinde i helgane. Legg så til ein dose harry machokultur, og du får ei eksplosiv blanding.
Som oppvaksen på Bryne veit eg kva eg snakkar om. Å gå på Kinoplassen eller Torget i helgane, var med livet som innsats. Der kunne du få bank om du hadde feil frisyre eller jakke. Eller utan nokon bestemt grunn. I Sandnes, Stavanger eller Egersund er det ikkje stort betre.
Staten!
Det enklaste for oss som er blitt for gamle, engstelege og borgarlege til å renna på byen i helgane, er å barrikadera oss med dyr raudvin, biff og NRK på villafeltet vårt - og ropa på meir politi og meir restriktive skjenketider. Me har altså kollektivt mislukkast i å skapa ein sivilisert kultur blant unge og vaksne, og roper i staden på det offentlege for hjelp, i form av myndige politifolk og restriktive politikarar. Slik dyttar me ansvaret for oss sjølv bort frå oss sjølv, indirekte umyndiggjer og infantiliserer me oss sjølv. Me er altså store nok til å stemma, kjøra bil og arbeida - men treng offentleg hjelp til å oppføra og beskytta oss når det blir helg og me skal gå på byen for å hygga oss.
Kultur er det motsette av natur, det som skil oss frå dyreriket. Ein av dei grunnleggjande tankane som ligg bak Stavanger 2008, er at kulturhovudstadsåret skal virka kultiverande på oss. Stavanger skal vera ei Open Port, ein raus, open stad, rik, ikkje bare på pengar, men også på kultur. Under dette ligg den uutsagte romantiske ideen om at eit kultivert menneske er eit betre menneske. Eit danna, sivilisert menneske tar ikkje på seg dressen for så å gå laus på sine medmenneske med knyttnevane.
I ein slik by ville det knapt vore nødvendig med politi i gatene nattetid. Men ein slik by er Stavanger altså ikkje.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Olje og gass
-
Pekefinger mot Statoil ga liten seier
Aldri før har så mange stemt for at Statoil skal ut av oljesand i Canada. Likevel hjelper ikke det når regjeringen stemmer mot.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Oljeservice
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Fornybar energi
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
-
60 kraftselskap kan bli til 3
60 sørnorske kraftselskaper må tredoble investeringene for å fase inn masse ny fornybar energi innen 2020. Thema Consulting Group mener selskapene må slå seg sammen for å spare penger.
Klima og miljø
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
-
Total har stanset gasslekkasje i Nordsjøen
Franske Total har stanset gasslekkasjen ved Elgin-plattformen i Nordsjøen, 250 kilometer utenfor Aberdeen i Skottland.
Kommentarer