• I går var besøket innom Siddishallen for å sjå Oilers slå Vålerenge. Øysten Førsvoll, til venstre, Kjell-David Blanchard, Willian Cabral, Arabela Vilaça, Claudio Araújo, Cleveland Firmino og Kenneth Hareide.

    FOTO: Lars Kristian Aalgaard

  • Dei brasilianske gjestene er også svært interesserte i opplæring om tryggleik.

    FOTO: Lars Kristian Aalgaard

Fra Brasil til oljekurs

I Brasil er det sommar nå. Men det får ikkje hjelpa. Landet er i akutt mangel på fagfolk til oljeboring. Difor har fire borefolk bytta ut sol i Brasil med regn i Stavanger.

Eit stort riggselskap i Brasil søkjer nå fagleg bistand hos Stavanger Offshore Tekniske skole.

- Dette er første gong me har besøk ein større delegasjon frå Brasil, som ønskjer partnerskap innan fagopplæring, seier dagleg leiar Øystein Førsvoll ved SOTS sitt kurssenter.

Fire representantar frå det brasilianske riggselskapet Odebrecht har gjennom ei heil veke vore på studieopphald ved SOTS. - Trongen for borepersonell er enormt i Brasil. om fem til ti år vil 150 riggar vera er i sving på Brasils sokkel, seier Cliveland Firminio, som er driftssjef i riggselskapet Odebrecht.

Enormt behov

Firminio legg til at behovet for ingeniørar og velkvalifiserte fagfolk generelt i Brasils oljeindustri er formidabelt, nær 240 000 dei neste ti åra.

Utdanning og trening er den verkelge store utfordringa, seier Cliveland Firminio. Me ser at SOTS vil kunne ha ei særs viktiog rolle å spela for oss. Dei har ekspertise og kompetanse til å utvikla system for opplæring og samtidig etablera ei plattform for god dokumentasjon av denne opplæringa, seier Firminio.

System og fagbrev

Operasjonssjefen i det brasilianske riggselskapet kan vidare fortelja at han fekk vera med på ein presentasjon hos konkurrenten Seadrill om vidareopplæring i jobb. - Dette var særs interessert. Me blei samtidig introdusert for SOTS og tilbodet her med ymse kurs på boredekket og ikkje minst med tryggleikskurs, seier Cliveland Ferminio.

- Situasjonen liknar litt på stoda her heime. Men i Norge og i Rogaland har me fått til eit bra system for nom ordninga med fagbrev. Kapasiteten her heime er likevel for liten. Men me kan hjelpa Brasil med strukturar, studiekrav og prosedyrar for gjennomføring, seier utdanning av borepersonell, mellom anna gjenFørsvoll.

Han seier vidare at SOTS har røynsle frå fleire land i Afrika som har fått hjelp til å driva opplæring.

Ut frå Stavanger

- Me sender lærarar ut frå Stavanger til å vera med å byggja opp utdanningstilbod. Det vil me kunne gjera også i Brasil. Brasil har eit bra utdanningssystem, men manglar tilbod, kapasitet og innhald i spesifikk opplæring til oljeindustrien. Riggselskapet Odebrecht har ambisjonar om å driva opplæring av eigne tilsette. Trongen for fagfolk er akutt. Det er difor aktuelt å laga "fast track" tilbod med relativt kort praksisperiode på vegen mot leiande borestillingar offshore. Simulatortrening kan erstatta ein del av arbeidspraksisen, seier Førsvoll.

Engelskopplæring

Han seier vidare at SOTS kan senda lærarar dit og lærarar frå Brasil kan koma til Stavanger for å få opplæring. - Dessutan vil me tilby forelesingar via videokonferansar og støtta opp etterpå med e-læring, seier Førsvoll.

- Men er engelskkunnskapane gode nok til at brasilianske elevar kan følgje slike opplegg?

- Trongen for engelskopplæring er også stort. Engelskopplæring bør difor innarbeidast i studieopplegget, seier Øystein Førsvoll.

Ikkje eigne avdelingar

Han legg til at SOTS har ikkje ambisjonar om å opna eigne avdelingar i Brasil. - Me vil hjelpa dei i gong med betre utdanning, gjerne gjennom partnerskap med ein skule i Brasil. Men målet er å overføra kunnskap slik at dei etterkvart kan stå på eigne bein, seier Førsvoll.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Aktive boreriggar: 90 i dag, 150 om fem til ti år. (Kjelde: Odebrecht)

Trong for fagfolk: 240 000 nye ingeniørar og fagarbeidarar dei neste fem åra (Kjelde: Odebrecht)

Petrobras: Det statsdominerte brasilianske oljeselskapet vil dobla produksjon frå 2,5 mill fat per døgn til 5 mill. i 2020. Den norske produksjonen er på knapt to mill fat per døgn.

Nye riggar: Petrobras har 15 i dag men treng 53 i 2020.

Nye offshoreskip: Petrobras har 287 i bruk i dag men treng 568 i 2020

Produksjonsplattformer: Petrobras har 44 men treng 84 i 2020.

Kjelde: (Info om Petrobras er foredraget til toppsjef Jose Sergio Gabriellei under Norshipping i mai 2011)

 

 

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi