Mållaget krev norsk i Statoil
Noregs Mållag protestererar mot at Statoil avviklar norsk som språk i møte med leverandørar og samarbeidspartnarar.
AV: eivind aarre
- Eg reagerer på at Statoil gjer dette. Det er dramatisk at ei av dei største verksemdene i Noreg ikkje lenger vil ha kontakt med omverda på norsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.
Han meiner regjeringa må bruke eigarskapen sin til å sikre bruk av norsk språk i Statoil..
- Statoil må hugse at dei ikkje er eit tilfeldig aksjeselskap, men ei verksemd der staten eig over to tredelar av aksjane. Dette har gjeve Statoil mange fordelar, men òg eit særskild ansvar. Statoil må hugse kor dei kjem frå og kven dei er til for, understrekar Øvregård. Han meiner næringsminister Trond Giske har eit særskild ansvar i denne saka, saman med olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.
- Giske kom frå stillinga som kulturminister, der han mellom anna lanserte språkmeldinga Mål og meining. Der peika Giske på at næringslivet var særleg utsett frå press frå engelsk, og at arbeidet for å sikre eit norskspråkleg næringsliv måtte ha høg prioritet. Eg vil utfordre næringsministeren på kva han har å seie til at Statoil no meiner at leverandørar som til dømes Magne Hope entreprenørforretning på Mongstad skal utføre all kommunikasjon med Statoil på engelsk, seier mållagsleiaren.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Olje og gass
-
Nye bølgemålinger kan gjøre plattform ubrukelig
Nye målinger viser at Yme-plattformen kan få store problemer i høye bølger.
-
To nye år for Glitne
Glitne skulle egentlig stenge kranene i 2004. Nå er datoen 2014
Oljeservice
-
Eiendomskonge satser til sjøs
Atlantic Offshore nøyer seg ikke med 25 skip. Nå bygges fem nye for 1,2 milliarder kroner.
-
Stavanger-bedrift i-Tec vinner Gullkronen
Stavanger-bedriften i-Tec vant prisen for beste nye venture under Rystad Energys Gullkronen 2012.
Fornybar energi
-
«Grønn kriger» fikk motvind
Han kaller seg «Green Warrior», Jon Bakke fra Norges Miljøforbund. Men i Sokndal møtte han liten forståelse for kampen mot vindturbiner.
-
Kommunale el-biler i sikte
Stavanger har lenge hatt som mål å bli den beste elbil-byen, men så langt har det vært få el-biler å skimte i kommunen.
Klima og miljø
-
Regjeringa vil gå til sjøs
Kyst- og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen vil flytta 15 millioner tonn gods frå trailerar til skip.
-
Høyre ber regjeringen droppe klimameldingen
Høyre mener Stortinget kan ta jobben med å lage et nytt, bredt klimaforlik og ber regjeringen droppe klimameldingen som er ventet fremmet i juni.
Kommentarer