• Ein gledens dag hos Aibel i Haugesund på sjølvaste fredag 13. Arbeidet med forlenging av levetid og produksjon til Norges viktigaste pengemaskin, Troll A-plattforma er starta. Frå venstre: Aibels prosjektleiar Bruce McPherson, Aibels fabrikasjonssjef Einar Urnes, Statoils representant ved verftet, Jan Gunnar Gjerstad og sjefen for Aibel i Haugesund, Bjørn Tollefsen.

    FOTO: Thomas Førde

  • Tre modular til Troll A skal byggjast hos Aibel i Haugesund fram til 2015 til erin verdi av 2,7 milliardar kroner. Fra venstre Aibels prosjektleiar Bruce McPherson, Statoils mann ved verfet under Troll-bygginga Jan Gunnar Gjerstad, Aibels verftssjef Bjørn Tollefsen og Einar Urnes, som er Aibels fabrikasjonssjef på Troll-prosjektet.

    FOTO: Thomas Førde

  • Den første stålplata til dei nye Trollmodulane blei brent fredag hos Aibel i Haugesund.

    FOTO: Thomas Førde

  • Jan Gunnar Gjerstad frå Statoil fekk æra av å starta brenninga av den første Troll-plata.

    FOTO: Thomas Førde

  • Deretter blei det Troll-kake til alle..

    FOTO: Thomas Førde

Troll A sikrar Norge og trygda

På sjølvaste fredag den 13. gjekk startskotet for byggjearbeidet, som skal sikra eit langt liv ved ein av Norge fremste pengemaskinar, gassplattforma Troll A.

Sidan 1996 har Troll A plattforma, verdas største flyttbare byggverk, produsert gass for eksport. Troll er sjølve grunnpillaren i norsk gasseksport som skaffar landet, Statoil og fleire andre oljeselskap nær 250 millionar kroner kvar einaste dag.

Skal denne inntektstraumen vara ved til framtidig trygd og velstand i nye 50 år, må trykket aukast i produksjon og eksport frå feltet. Difor har Statoil tildelt Aibel oppgåva med å byggja nye modular som skal plasserast på sjølve Troll A plattforma.

Ein av modulane inneheld ein ny kompressor, som skal drivast ved hjelp av straum frå land. Difor må Aibel også byggja ein ny modul med elektrisk utstyr.

Den første av dei tre modulane skal skipast ut frå Haugesund alt til neste sommar. Men dei to neste modulane frå Aibel, som blir større, skal skipast ut frå verftet i 2014.

Arbeid til 700

Kontrakten som Aibel er tildelt av Statoil innheld også omfattande arbeid på Troll-plattforma. Her skal det rivast vekk gammalt utstyr, byggjast om og installera dei nye modulane.

- Gjennomsnittleg skal me ha cirka 80 av våre tilsette på Troll-plattforma i åra framover, seier Aibel sin prosjektleiar, Bruce McPherson. Han legg til at på sjølve verftet blir mellom 600 og 700 personar engasjert i arbeidet med Troll-modulane på det meste.

Samtidig med Gudrun

Samtidig er Aibel sitt verft i Haugesund i full sving med bygging av overbygget til Gudrun-plattforma. To modular til Gudrun byggjer Aibel ved sitt eige verft i Thailand.

 Den tredje modulen er under arbeid i Haugesund. Våren 2013 skal heile Gudrun-byggverket setjast samen i Haugesund.

- Har Aibel likevel samtidig kapasitet til å byggja modular til Troll?

Delvis bygging i Polen

- Me organiserer det slik at der Gudrun blir gjort ferdig kan me flytta ressursar gradvis over til Troll, seier sjefen for Aibel i Haugesund, Bjørn Tollefsen. Han legg til at delar av stålarbeidet til Troll-modulane skal skje ved eit verft i Polen. - Slik blir me mest mogeleg fleksible og effektive, seier Tollefsen. Han legg til at Aibel sitt verft i Haugesund har kapasitet til å starta på nye store prosjekt når ein er komen godt i gong i Trolll-produksjonen.

- Eg har vore i denne bransjen i 25 år. Aldri har listene over framtidige byggeprosjekt offshore vore lengre og fyldigare enn nå, seier Bjørn Tollefsen.

 

 

Les også

Siste fra Olje og gass

Siste nytt

Siste 100 saker