• FOTO: Thomas Førde

Mellomlager:

Gigantisk innsamling av klimagass til Kårstø

Enorme mengder av klimagassen karbondioksid kan i framtida bli samla inn frå industri og kraftverk i fleire land og sendt til eit mellomlager på Kårstø.

Dermed vil Kårstø kunna bli det viktigaste knutepunktet i Nord Europas strev etter å få bukt med altfor store utslepp av CO2.

Klimakampen starta på Kårstø med Naturkraft sitt gasskraftverk. Sjølv om kraftverket knapt har vore i drift sidan opninga i fjor haust, er Gassnova i full gang med å prosjektera eit digert CO2-fangstanlegg.

Anlegget skal bli det første i sitt slag i verda og skal kunna ta hand om minst ein million tonn CO2 årleg.

Men dette blir berre ein mindre del av all den klimagassen som Gassco nå utgreier kan bli landa på Kårstø.

I tilegg til Kårstø blir Mongstad med sitt framtidige gasskraftverk også ei viktig CO2-kjelde og oppsamlingsplass.

Kolkraft og industri

– Me har kontakt med sju-åtte ulike energi- og industriselskap i Norge og i Nord Europa, seier prosjektleiar Sigve Apeland i Gassco.

Han legg til at det er snakk om større industribedrifter, gasskraftverk og kolkraftverk.

– Me vurderar både eksisterande industri og planlagde kraftverk, seier Apeland.

Totalt kan 20 millionar tonn CO2 årleg bli samla inn til Kårstø og Mongstad. Dette er meir enn ein tredel av heile det norske klimagassutsleppet årleg.

Til Kårstø og Mongstad kan klimagassen bli frakta både med skip og gjennom røyr.

Utsira eller Johansen

Gassco er nå midt inne ei omfattande utgreiing av eit systemet for røyrtransport av klimagass frå Kårstø og Mongstad til eit langsiktig lager eller deponi på norsk sokkel.

Dei to aktuelle langtidslagra er Utsira-formasjonen og Johansen-feltet i nærleiken av Troll.

– Me vurderar mellom anna om det skal byggjast eit røyr frå Mongstad og sørover til Kårstø. Derfrå kan oppsamla mengder CO2 bli frakta vidare i eit gassrøyr ut til Utsira-formasjonen.

Avgjerd i 2009

Val av konsept skal etter planen skje 1. desember. Deretter kan den meir detaljerte prosjekteringa ta til. Endeleg vedtak om investering skal i følgje planen skje etter 1. september i 2009.

Dette er same framdriftsplan som gjeld for det store fangstanlegget for CO2 ved gasskraftverket på Kårstø. Samtidig har Oljedirektoratet ansvaret for utgreiing av kva lager til havs som eignar seg best, Utsira eller Johansen, seier Apeland.

Is og rust

Men utfordringane er mange og store. Mykje av dette blir pionerarbeid.

– Det finst om lag 30 røyrsystem for frakt av CO2 rundt i verda, men dei aller fleste er på land. Det einaste til havs er det norske røyret frå Melkeøya til Snøhvitfeltet. Dette er nær 80 kilometer langt. I det store systemet frå Kårstø blir det snakk om meir enn 200 kilometer.

I eit røyr med CO2 kan det lett danna seg pluggar av tørris samtidig som vatn og andre komponentar kan medføra store korrosjon- og rustskadar. Slikt må ein ta omsyn til.


Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer


Naturkrafts gasskraftverk på Kårstø kan produsera 1 milion tonn CO2 kvart år. I tillegg kan Kårstø bli mellomlager for nær 20 millionar tonn CO2.

Relaterte bilder

FOTO: Thomas Førde

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet