Stjokman går i oppløsning
En av partnerne i det Russiske Stjokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
FOTO: Colourbox
– Oljeindustrien har kapital til å kjøpa seg ut av alle konfliktar. Slikt er me sterkt imot. Dette blir til stor skade for fiskenæringa langs heile kysten.
AV: thomas førde
Det er dagleg leiar i Kystfiskarlaget Håvard Jacobsen, som seier dette.
Kystfiskarlaget går sterkt imot Oljedirektoratet (OD) sitt opplegg for sommaren utanfor Vesterålen og Senja.
Oljedirektoratet føreslår at fiskarar, som har garn og line ståande i sjøen i område med planlagt seismikkskyting, skal få betalt for å halda seg borte frå fiskefelt i seks veker fra 29. juni.
– Dette framlegget er eit prov på at det ikkje let seg gjera med sameksistens mellom oljenæringa og fiskerinæringa, seier Håvard Jacobsen.
Han legg til at oljenæringa må trengja vekk fiskerinæringa for å kunne utvikla seg.
– Denne faren har me alltid peika på dersom dei aktuelle havområda skulle opnast for oljeleiting. Problemet blir ikkje mindre om oljenæringa prøver å betala oss ut. Fiskarane er her for å kunne leva av fiskeri, seier Jacobsen.
– Kva skjer når seismikkfartøya kjem i sommar?
– Ifølgje lovverket tilhøyrer førsteretten den som er på feltet først. Det vil seia at seismikkfartøya må vika. Det reknar eg med at dei respekterar. Eg trur Oljedirektoratet skal få vanskar med å gjennomføra den panlagde seismikkskytinga i sommar, seier Jacobsen i Kystfiskarlaget.
Han få støtte frå Nordland Fylkes Fiskarlag, som er tilslutta Norges Fiskarlag. Fylkesfiskarlaget uttalar i ei fråsegn at det vil vera feil å leggja til rette for oljeverksemd i dette området, som fiskeriorganisasjonane tidlegare har sagt skal vera fri for oljeaktivitet. (Artikkelen fortsetter under bildet)
Men moderorganisasjonen, Noregs Fiskarlag, er likevel villig til å prøve ordninga med frikjøp.
– Norges Fiskarlag er også imot oljeverksemd i dette området. Men når Stortinget ikkje høyrer på oss, må me likevel finna løysingar som gjer det mogeleg å driva fiskeri. OD har kome med eit forslag som me bør prøva ut i sommar, seier rådgivar Elling Lorentzen.
I fjor var første sesong med seismikkskyting i dette aktuelle området.
Etter den sesongen eksploderte talet på søknader til utvalet som skal handtera erstatningssøknader etter tapt fiske.
Orninga har eksistert sidan 1990. Fram til 2007 kom det knapt ein søknad, seier sekretær for utvalet Sarah Fagertun Eggereide i Fiskeridirektoratet.
– Men nå er det kome inn 140 søknader. Dei aller fleste har sin bakgrunn i seismikkskytinga utanfor Vesterålen og Lofoten i fjor sommar.
- 25 av søknadane er ennå ikkje handsama. Men me får heile tida inn nye søknader, seier Eggereide.
Ho legg til at omlag 115 søknader er handsama og mellom fem og 10 millionar kroner er innvilga i form av erstatning for tapte fangstinntekter som fjølge av seismikkskyting.
– Erstatningsutbetalingane varierar frå 10.000 og inntil 200.000 kroner. Det er som oftast frå mindre fartøy under tjue meter at me får søknader. Fiskarane som søker, nyttar til vanleg mange ulike fangstreiskapar som garn, line, snurrevad og juksa, seier Fagertun Eggereide.
Ho legg til at erstatningsordninga har fått ny blest og omtale etter seismikkskytinga utanfor Lofoten og Vesterålen i fjor sommar.
– Det har ført til at nemnda har mottatt søknader også frå fiskarar i andre havområde der ein også hevdar å ha blitt skadelidande av seiskmikkskyting.
Det er dermed vanskeleg å spå kor mange fleire søknader som vil koma, seier Eggereide i Fiskeridirektoratet. Ho legg til at det ikkje er sett nokon søknadsfrist. Men etter tre år blir grunnlaget for erstatningskrav forelda.
Seismikkskyting: I sommar skal Oljedirektoratet sluttføra kartlegginga av omstridde havområde i nord.
Kvar: Utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (Nordland VII og Troms II)
Kven står bak?: Storting og regjering, som i haust løyvde 200 millionar til føremålet.
Når: I seks veker fra 29. juni til 9. august.
Betaling til fiskarane: Fiskarar som har bruk (garn og line) ståande i sjøen i det aktuelle området i denne perioden tilbyr OD skal få betaling for å halda seg vekke.
Fartøy: Ocean Explorer fra selskapet PGS på Troms II og Geo Pacific fra selskapet Fugro.
3-D: Samles inn ved hjelp av fleire kablar som blir slept etter det seismiske fartøyet. Gir mest og best info og har samtidig størst skremmeeffekt på fisk.
FOTO: Bergen Oilfield Services
En av partnerne i det Russiske Stjokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
Zaharia Robert står på bar bakke etter 19 år som oljekone. For norske myndigheter er skilsmissen en privatsak.
Det tar 2700 timer i året å komme gjennom skattereglene i Brasil. I Norge tar det 87 timer.
Øystein Stava (21) er nyutdannet industrimekaniker og ettertraktet arbeidskraft i offshoreindustrien. Der kan han runde én million i årslønn.
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer