Stjokman går i oppløsning
En av partnerne i det Russiske Stjokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
FOTO: Havila
Fem norske offshorefartøy set om kort tid kursen mot Brasil. Men norsk mannskap må bli heime.
AV: thomas førde
Straks etter at Solstad Offshore i Skudeneshavn kunne melda om to langvarige kontraktar med det brasilianske statsoljeselskapet Petrobras, melder reiarlaget Havila også om ein ny kontrakt.
«Havila Princess» skal i første kvartal neste år starta på ein tre års kontrakt i Brasil.
Same dag kan reiarlaget DOF (District Offshore ) i Austevoll melda om to nye kontraktar med Petrobras i Brasil. "Skandi
Stolmen" avsluttar denne månaden ein langsiktige kontrakt med Statoil og skal i slutten av neste månad på jobb i Brasil.
Det andre DOF-skipet som skal til Brasil "Skandi Captain", som tar til i arbeid for Petrobras neste år. "Skandi Captain" har nå kontrakt med Shell UK, heiter det i ei børsmelding frå DOF.
Tidlegare har dei to norske offshorereiarlaga Frastad og DOF hatt fleire skip i arbeid i Brasil. Desse to reiarlaga har skipa eigne dotterselskap i landet. Det same skal Solstad Offshore nyleg ha gjort.
- Dette er nødvendig for å kunne få kontraktar på Brasils sokkel. Utanlandske reiarlag får ikkje vera med i konkurransen, seier sjefen for Havila, Njål Sævik.
Havila har difor lagt inn tilbod gjennom eit lokalt selskap.
Njål Sævik seier vidare at krava i Brasil inneber at mannskapet om bord gradvis må skiftast ut til å bli brasiliansk. Dermed kan skipet heller ikkje segla under vanleg NOR-flag som på norsk sokkel.
- Vi kjem til å skifta flag til norsk internasjonalt skipsregister ( NIS) eller eit utanlandsk flag, seier Sævik i Havila.
Men han legg til at det norske mannskapet som i dag er om bord i «Havila Princess» ikkje blir arbeidslause men vil få oppgåver på Havila sine nye skip.
En av partnerne i det Russiske Stjokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
Zaharia Robert står på bar bakke etter 19 år som oljekone. For norske myndigheter er skilsmissen en privatsak.
Det tar 2700 timer i året å komme gjennom skattereglene i Brasil. I Norge tar det 87 timer.
Øystein Stava (21) er nyutdannet industrimekaniker og ettertraktet arbeidskraft i offshoreindustrien. Der kan han runde én million i årslønn.
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer