Møkster til Barentshavet
Stavanger-rederiet Simon Møkster Shipping døper sitt nyeste skip i Ålesund fredag. Skipet skal straks etter dåpen på jobb i Barentshavet.
FOTO: STX
Eit gigantisk verft for bygging av offshorefartøy vil STX , tidlegare Aker Yards, ha klart i Brasil i løpet av to år.
AV: thomas førde
Dette tyder at norsk skipsbyggingsindustri satsar kunnskap og ressursar i Brasil. Det er i praksis dei tidlegare Aker-verfta, nå eigd av koreanske STX-gruppa, som dreg til Brasil og grunnlegg eit nytt skipsverft for offshorefartøy.
STX Norway Offshore, som denne delen av STX heiter, har i dag mange verft i Norge, særleg på Sunnmøre der ein byggjer avanserte forsyningsskip og andre spesialiserte offshoreservicefartøy.
Denne verftsgruppa har saman med ein brasiliansk partner, PJMR, planar om å investera mellom 600 og 700 millionar kroner i Fortaleza i delstaten Ceara i Brasil.
Det nye verftet skal dekka eit område over 320 dekar og gi arbeid til 1500 personar. Det heiter i ei pressemelding frå STX Norway Offshore at etbaleringa i Brasil skjer for å kunne møta den aukande etterspørselen etter bygging av meir kompliserte skip i Brasil.
- Prosjektet forventar å kunne dra nytte av brasilianske gunstige finansieringsordningar som er støtta av regjeringa, heiter det mellom anna i ei pressemelding fra STX Europe.
- Prosjektet er strategisk viktig for vårt forretningsområde, seier Roy Reite, som er sjef for bygging av offshoreskip i STX Europe.
STX, som den gongen heite Aker Yards, starta skipsbygging i Brasil for om lag 10 år sidan. Da kjøpte Aker eit skipsverft i Niteroi. Fra dette verftet er det sidan levert meir enn 20 offshorefartøy.
Verftet har åtte nye skip i ordreboka og har dermed arbeid fram til 2013.
Stavanger-rederiet Simon Møkster Shipping døper sitt nyeste skip i Ålesund fredag. Skipet skal straks etter dåpen på jobb i Barentshavet.
Nye målinger viser at Yme-plattformen kan få store problemer i høye bølger.
Atlantic Offshore nøyer seg ikke med 25 skip. Nå bygges fem nye for 1,2 milliarder kroner.
Stavanger-bedriften i-Tec vant prisen for beste nye venture under Rystad Energys Gullkronen 2012.
Han kaller seg «Green Warrior», Jon Bakke fra Norges Miljøforbund. Men i Sokndal møtte han liten forståelse for kampen mot vindturbiner.
Stavanger har lenge hatt som mål å bli den beste elbil-byen, men så langt har det vært få el-biler å skimte i kommunen.
Norske utslipp var i 2010 nesten 20 prosent høyere enn lovet
Kyst- og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen vil flytta 15 millioner tonn gods frå trailerar til skip.
Kommentarer