• Gudmora til "Scarabeo 8" Maria Antonietta Angellotti får her instruksjon frå Westcon-sjefen, Øystein Matre.

    FOTO: Thomas Førde

  • Den italiensk eigde og nydøypte boreriggen "Scarabeo 8" skal ha sin første borejobb for Statoil på Odden-feltet vest for Florø

    FOTO: Thomas Førde

  • På andre forsøket greier gudmora Maria Antonietta Angellotti å knusa sjampanjeflaska om bord i "Scarabeo 8".

    FOTO: Thomas Førde

  • Pål Erik Sæther er navigatør, styrmann og DP-operatør om bord i "Scarabeo 8".

    FOTO: Thomas Førde

  • På boredekket kan Trond Hoseth overvaka og fjernstyra dei fleste operasjonar.

    FOTO: Thomas Førde

  • Jostein Johannessen frå Kopervik er boredekksarbeidar om bord i "Scarabeo 8" han kom om bord for første gong medan riggen låg brannskadd ved verftet i Palermo. Det har skjedd store omveltingar om bord etterpå, seier Johannessen.

    FOTO: Thomas Førde

  • Alle gjestene i dåpsselskapet samla på helikpopterdekket.

    FOTO: Thomas Førde

  • Høgtideleg dåpsseremoni om bord i riggen tirsdag. Frå venstre Saipem sjef for boreoperasjonar, Giuseppe Caselli, gudmor Maria Antonietta Angellotti og toppsjefen i Saipem, Pietro Franco Tali.

    FOTO: Thomas Førde

  • "Scarabeo 8" er den største og mest utfordrande oppgåva Westcon har hatt. Her er Endre Matre og Malvin Eide frå Westcon-leiinga særs nøgde på dåpsdagen.

    FOTO: Thomas Førde

  • Gudmor Maria Antonietta Angellotti på omvising om bord i riggen "Scarabeo 8"

    FOTO: Thomas Førde

Dåp for brannherja rigg

Den brannherja riggen "Scarabeo 8" er ombygt og døypt og skal bli verdas beste i følgje eigaren Saipem. Først om ein månad kan riggen vera klar.

Med korpsmusikk, spilt sjampagne, italiensk gudmor og det mest strålande påskever ein kan tenkja seg, blei skandaleriggen "Scarabeo 8" høgtideleg døypt i Ølensfjorden tirsdag.

Giuseppe Caselli, som er sjef for boreoperasjonar i riggselskapet Saipem har følgt arbeidet med riggen "Scarabeo 8" hos verftet Westcon i Ølensvåg i 16 månader.

- Me har fått ein fantastisk moderne rigg spesialutrusta for boring i tøft vinterklima. Me håpar den får oppgåver i mange år på norsk sokkel, seier Caselli. I første omgang har riggen fem års kontrakt for boring for Saipem sitt morselskap, det italienske oljeselskapet Eni på Goliat-feltet i Barentshavet.

Les også

Boreriggen,

Skandale-riggen Scarabeo8 lar Goliat venta

Skandale-riggen "Scarabeo 8" blir truleg liggjande ved verftet Westcon i Ølensvåg i enda fleire månader sjølv om riggen er alt eit år forsinka.

Første jobb vest av Florø

Men den store boreoppgåva på Goliat-feltet må venta. Den første brønnen som nydøypte "Scarabeo 8" skal gjennomføra er ein leitebrønn på Odden-feltet, 90 kilometer vest for Florø. På dette feltet er Statoil operatør. Starten på denne første alvorlege oppgåva kan i følgje Caselli først ta til om ein månad. Caselli legg til at jobben på Odden-feltet er rekna til å vara i 45 til 60 dagar.

Til Barentshavet

- Dette blir vår første alvorlege test av ny rigg og nytt utstyr, ein såkalla "shake down" som det heiter i vår bransje, seier Caselli. Deretter kan "Scarabeo 8" setja kursen nordover, for eigen maskin i maks åtte knops fart.

I Barentshavet skal "Scarabeo8" først bora ein brønn på Salina sør for Skrugard og ein på Bønna vest for Hammerfest.

- Dette vil truleg skje i andre eller tredje kvartal i år, opplyser kommunikasjonsdirektør i Eni Norge, Andreas Wulff.

Største utfordringa

Dermed skjer borestart på Goliat-feltet minst eit år forseinka. Arbeidet med riggen hos Westcon i Ølensvåg er blitt langt meir omfattande enn det først kunne sjå ut til. Riggen blei hausten 2010 slept brannskada frå eit verft på Sicilia til Ølensvåg.

- Dette har vore vår største og mest utfordrande oppgåve, seier konsernsjefen i Westcon Øystein Matre.

På det meste hadde Westcon 1600 personar engasjert i dette prosjektet. Her har jamvel skjedd ei dødsulukke under arbeidet. Kor omfattande jobben har vore i arbeidstimar og pengar vil ikkje Matre kommentera.

Men Matre legg til at elektroinstallasjonsarbeidet har vore den største utfordringa. I tillegg skal mest heile riggen ha blitt mala på ny og store ombyggingar er utført.

Westcon har framleis jobb om bord

Framleis har Westcon om lag 400 personar knytt til prosjektet. Boreutstyret er framleis under uttesting. Den store tunge utblåsingsventilen skal om kort tid testast i Klosterfjorden utanfor Stord.

- Men kvifor fekk Westcon denne svære ombyggingsoppgåva frå eit italiensk riggselskap? Me har stilt dette spørsmålet til Saipems toppsjef for riggverksemda, Petro Franco Tali.

- Me hadde god røynsle frå arbeid på riggen vår "Scarabeo 5" tidlegare. Dessutan veit me at Westcon er dugande og kjenner godt til dei særs strenge krava, som norske styresmakter stiller til utrustinga av riggar som skal bora på norsk sokkel, seier Tali.

- Kven må ta rekninga for langvarig forseinking og omfattande ombygging?

- Skadar som skuldast brannen må forsikringsselskapet ta rekninga for. Resten av ombygginga må Saipem ta på seg, seier Pietro Franco Tali etter dåpen i Ølen.

Følg Aenergi på Twitter.com/Aenergino

Les også

Siste fra Oljeservice

Scarabeo 8

 

Storleik: 190 meter lang og 73 meter breidt dekk. kan bora på 3000 meter havdjup.

Mannskap: 207 personar er fast knytt til riggen. 85 pst av desse skal vera norske.

Eigar og drivar: Saipem eig og driv riggen. Saipem tilhøyrer same italienske konsern som olje- og operatørselskapet Eni.

Ombygging: "Scarabeo 8" har vore til ombygging hos Westcon i Ølensvåg sidan november 2010.

 

Siste nytt

Siste 100 saker