• Mads Bårdsen er adm.dir. i Deep Ocean.

    FOTO: Thomas Førde

  • FOTO: Thomas Førde

  • Dette skipet har nyss gått gjennom omfattande ombygging og gir plass for fire undervassrobotar (ROV'ar) og har 70 lugarplassar og blei nyleg døypt til "Deep Vision".

    FOTO: Thomas Førde

Deep Ocean flyttar inn i avishus

Entreprenøren Deep Ocean veks og skal straks overta bygget til Haugesunds Avis som mediebedriften har krympa ut av.

Arbeid og bygging under vatn for olje- og gassindustrien er inne i ein særs travel og ekspanderande periode. DeepOcean tilhøyer dei mellomstore selskapa i subseabransjen.

Undervassentrepreneren utvidar staben og vil i løpet av året auka talet på tilsette frå om lag 600 til rundt 700.

Den største delen av verksemda er knytt til felt og installasjonar på norsk sokkel. Men DeepOcean har også akivitet i Brasil med drift av to skip base på land og to omfattande kontraktar med giganten på Brasils sokkel, Petrobras.

For smått

Hovudkontoret til Deep Ocean ligg i Haugesund. Kontorlokala på land, på sørspissen av Risøy, er blitt for små i høve til veksten i talet på tilsette.

I løpet av april månad skal Deep Ocean difor over i nyinnreia lokale i bygget som Haugesunds Avis i fjor flytta ut av.

- Her vil me få rom til å kunne veksa vidare, seier administrerande direktør i Deep Ocean, Mads Bårdsen. Han legg til at talet på tilsette i Haugesund straks vil vera oppe i 180.

Men dei fleste av Deep Ocean sine ingeniørar og fagfolk er storparten av året ute på havet. Mange jobbar som operatørar av undervassrobotar (ROV), andre som survey-personale som driv kartlegging av havbotn.

DeepOcean har dessutan omfattande kontraktar mellom anna med Statoil om IMR (inspeksjon, reparasjon og vedlikehald av røyrleidningar og undervassinstallasjonar. Undervassentreprenøren er dessutan sterkt involvert i riving og fjerning av utrangerte olje- og gassinstallasjonar.

Mislukka på eigarsida

DeepOcean blei i 1999 starta av dei to offshorereiarlaga Solstad i Skudeneshavn og Østensjø i Haugesund. Seinare blei selskapet børsnotert og etterkvart selt til amerikanske Trico. Men dette hopehavet viste seg å bli mislukka. Trico gjekk over ende og långjevarane overtok eigerskapet ved å konvertera lånet til aksjekapital.

Østensjø Rederi prøvde å kjøpa DeepOcean tilbake, men undervassentreprenøren var blitt for dyr for Haugesund-reiarlaget.

- Nå har me fått arbeidsro og eit godt grunnlag for å utvikla oss og kunne veksa vidare, seier Mads Bårdsen, sjefen for DeepOcean. Han legg til at ordrereserven i selskapet er større enn nokon gong før. Omsetnaden i fjor var i underkant av 2 milliardar kroner. Det er også rekord. Men Bårdsen vil ikkje avsløra overskotet frå rekneskapen. Bårdsen seier berre at fjoråret blei avslutta med eit bra overskot.

- Korleis er det å driva eit større undervassentreprenørselskap med internasjonale ambisjonar og ha base i Haugesund?

- For oss fungerar dette svært bra. Me har service og vedlikehaldsbase på Killingøy like inn til Haugesund sentrum. I byen og distriktet finst eit særs godt miljø og nettverk av bedrifter som me samarbeider med. Her greier me å rekruttera dyktig medarbeidarar samtidig som me har kort veg , berre to timars reisetid til dei største kundane våre, oljeselskapa, som har hovudkontor i Stavanger, seier Bårdsen.

Følg Aenergi.no på Twitter.com/AenergiNO

News in English? Click here!

Les også

Siste fra Oljeservice

Fakta

DeepOcean

Type verksemd: Undervassentreprenør med spesialitetar om nybygging, vedlikehald, riving, fjerning, inspeksjon, kartlegging og reparasjon av røyr og installasjonar under vatn.

Skipsflåte: Ti skip. Av desse eig selskapet seks og leiger inn fire.

Tilsette: 700 i løpet av året, fordelt på sjø og land, Haugesund og Macae i Brasil

Eigarforhold: DeepOcean Subsea er ein del av DeepOcean Group, som er eigd av ei gruppe ulike det amerikanske investeringsselskap. Med i DeepOcean Group høyrer også eit britisk basert selskap, som driv kabellegging og grøfting på havbotn. Den tredje delen i gruppa er resten av reiarlaget til Trico, som driv forsyningsskip og taubåtar ut frå Aberdeen.

Siste nytt

Siste 100 saker