• Fagarbeidar Tran van Ngoc har utdanning frå storbyen Saigon og arbeidde i industrien der i tre år før han flytta til Karmsund si nyskipa verksemd i Nha Trang.

    FOTO: Thomas Førde

  • Karmøy-bedrifta Kamos kan gle seg over ein udogmatisk og næringsvennleg politikk. Dung Duc Pham er direktør for det statlege industriutviklingsselskapet i regionen. Her saman med Kamos’ Kjetil Rogde.

    FOTO: Thomas Førde

  • Leiinga ved den nyskipa mekaniske bedrifta i Nha Trang. Frå venstre byggeleiar Ole Stenbakk, administrasjonssjef Huynh Thi Hang, økonomisjef i morselskapet Kjetil Rogde og opplæringssjef for fagarbeidarane Minh duc Pham.

    FOTO: Thomas Førde

Eventyrleg for Karmøy-bedrift i Vietnam

Ei lita oljeretta eksportbedrift på Karmøy har laga seg eit eventyr i Vietnam.

Høge, slake og frodige åsar, rolege avskjerma hamner, endelause solrike sandstrender, fiskerike fjordar med idylliske holmar og øyar som skapt for båtliv og naturoppleving i særs gjestmildt klima. Alt dette kan ha lokka vestlendingar med utferdstrong og etableringslyst.

Leiinga i Karmsund Maritime Offshore Supply har lete seg lokka til å byggja ein mekanisk bedrift i ein industripark utanfor byen Nha Trang ein liten times flytur nord for Ho Chi Minh byen.

Les også

Hard konkurranse mellom bedriftene om gode fagfolk og gode ingeniørar i Vung Tua ettersom dette Vietnams oljehovudstad.

Sjå bileta frå Vietnams oljeby

Vietnams oljeby heiter Vung Tau og ligg vel 12 mil nordvest for storbyen Ho Chi Minh (Saigon). Norske selskap er alt på plass.

 

Til oljeindustrien

– Me har i fleire år levert ymse produkt og finmaskinerte delar til oljeindustrien. 90 prosent av produkta våre går til eksport. Me har store kundar i Asia. Gjennom det nye selskapet i Vietnam kan me auka vår kapasitet og samtidig levera til våre norske kundar og til andre kundar som har etablert seg i dei store vekstmarknadane i Søraust-Asia, seier gründer og bedriftsleiar Ann Helen Hystad frå Karmøy.

 

Kvalitetssikring

Karmsund Maritime Vietnam Co. Ltd. har reist nye bygg i ein næringspark. Omlag 20 personar har fått sitt daglege arbeid her. Ingen norske er permanent med i leiinga. Men i lengre periodar er nøkkelpersonar frå verksemda i Norge på plass i Vietnam for å gi opplæring i maskineringsfaget og for å sjå til at gode rutinar blir innført for kvalitetssikring og styring og sameleis for økonomistyring.

– Målet er ISO-sertifisering neste år. Me har dessutan vore så heldige å fått knyta til oss dyktige folk på staden folk, som kjenner det politiske og byråkratiske systemet frå innsida, seier Hystad.

Båtflyktning

Viktig inspirasjon til etableringa i Vietnam er Minh duc Pham, båtflyktning frå Vietnam på 1980-talet. Han kom til Norge og til Karmøy der han tok fagutdanning og blei tilsett i familien Hystad si verksemd Kopervik Slip.

– Minh duc Pham med sin lokalkunnskap språkkunnskap og kontaktar har vore viktig for vår etablering, seier Hystad.

I haust har Minh duc Pham vore ved bedrifta i Vietnam i fleire månader for å vegleiia dei nye unge tilsette i maskineringsavdelinga.

– Dei er faglege dugande med solid utdanning men treng å læra seg gode arbeidsvanar, vera nøye, følgja kvalitetskrava i oljeindustrien og ikkje minst orden og system på arbeidsplassen slik at ein heile tida veit kvar ein finn verktøy og materialar, seier Minh duc Pham.

Kom frå Saigon

Tran van Ngoc er frå eit distrikt om lag midt i Vietnam. Han har fått si utdanning i Saigon eller Ho Chi Minh byen, som den tidlegare sørvietnamesiske hovudstaden nå heiter. Van Ngoc har arbeidd tre år i som sveisar i industrien i Saigon, men valde å søkja jobb hos nyskipa Karmsund Maritime i Nha Trang.

– Her er enklare å få husvære og langt billegare samtidig som eg har fått ein interessant og trygg arbeidsplass, seier Tran van Ngoc.

Kamos er første norske verksemd som etablerarar verksemd ved Nha Trang.

– Her er styresmaktene særs hjelpsame og flinke med å leggja til rette, seier Kjetil Rogde økonomisjef i Kamos.

Han legg til at tilgangen på stabil arbeidskraft i regionen er god nær utdanningsinstitusjon ar. Her er også nærleik til gode hamn og til flyplass. Dessutan kan me her få høve til å bidra til kompetanseheving og vidareutvikling av det lokale næringslivet, seier Kjetil Rogde.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Folketal: Ca 90 millionar. (Meir enn 60 % fødde etter 1975)

Areal: 330 000 kvadratkilometer (Om lag som Norge utan Svalbard og Jan Mayen.)

Olje og gass: Ca 400 000 fat olje per døger og knapt 10 milliardar kubikkmeter gass i året.

Maritim industri: 150 verft for nybygg og reparasjon. 1636 skip, nr. 30 i verda etter storleik på flåten. 500 000 menneske er sysselsett i maritim næring.

Lokalisering: Nha Trang, ein by med ca 100 000 innbyggjarar 45 minuttars flytur nord for Ho Chi Minh-byen

Byggestart: Januar 2010

Opning: Desember 2010

Første produksjon: Mars 2011

Tilsette: 20

Arbeidstid: 40 timars veke med ein 
times middagspause midt på dagen.

Lønn: Industriarbeidarlønna er mellom 1500 og 2000 kroner per månad

Investering: Ca tre millionar kroner hittil.

Mål: ISO-sertifisering og driftsoverskot i 2012

Produkt: Karmsund Maritime Offshore Supply i Norge lagar mellom anna ei stålpakning til olje og gassrøyr som er strekt etterspurt hos internasjonale selskap. Vietnam-selskapet spesialiserer seg innan produkjosn av mindre mekaniske delar.

Omsetnad i Norge: 52 mill. kr. i 2010

Resultat i Norge: 14 mill før skatt i 2010

Tilsette i Norge: 18

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi