• FOTO: Thomas Førde

GMC Maritime til Karmøy

GMC Maritime i Stavanger etablerar ein filial for vedlikehald og reparasjon av skip ved Karmsundet.

Selskapet tilbyr i dag skipsreparasjon og vedlikehald ved djupvasskai i Mekjarvik og likeins på Kalhammaren i Stavanger. GMC Maritime nyttar også dei to dokkane hos Bergen Group Rosenberg på Buøy.

Nå skal selskapet samarbeida med skipselektronikk-leverandøren Vico på Bø i Karmøy om å nytta deira kai til skipsvedlikehald og reparasjonar. Ein arbeidsleiar er alt tilsett.

- I løpet av neste år skal me ha mellom 10 og 15 direkte tilsette ved denne basen. I tillegg til at me skal nytta lokale underleverandørar, seier dagleg leiar i GMC Maritime, Kjetil Bang-Olsen.

Konkurrentar

- Men er ikkje denne marknaden overmetta av ulike tilbod frå før på Haugalandet?

- Akkurat nå kan marknaden vera litt laber. Men me er overtydde om at aktiviteten vil auka. Det gjeld om å posisjonera seg til oppgangen, kjem, seier Bang-Olsen.

Han seier vidare at frå etableringa på Karmøy vil GMC Maritime kunne tilby ulike verkstadtenester ved bruk av mobilt utstyr som kan flyttast dit kundane ønskjer, enten det er til ein kai, eit verft eller og til industri på land.

Alle typar skip

Me satsar på å kunne tilby reparasjon, vedlikehald og mekanisk arbeid til alle typar skip ikkje berre til offshoreflåten, seier Bang-Olsen.

Han legg til at Haugalandet har svært mange dugande fagfolk på dette området som GMC nå vil satsa.

Søsterselskapet til GMC Maritime, GMC Elektro, har alt vore til stades ved Karmsundet ei tid og samarbeida med Vico om elektroinstallasjon- og reparasjon om bord i skip.

Vico-sjefen, Thore Østensen seier at det er ønskjeleg med eit breiast mogeleg maritimt næringsmiljø ved Bøvågen på Karmøy.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Verksemd: Skipsreparasjon

Hovudkontor: Stavanger

Eigarar: GMC Holding som igjen er eigd av GMC Kapital. Desse selskapa er eigd av Gunnar Magne Christensen

Tilsette: 241 i heile gruppa, 115 i GMC Maritime.

Omsetnad i 2008: 296 mill. kr.

Driftsresultat: 18,23 mill. kr.

Resultat før skatt: 16,5 mill. kr.

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi