Sjtokman går i oppløsning
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
FOTO: Thomas Førde tekst og
Norske sjøfolk kostar om lag 10 gonger meir enn utanlandske. Sjømannsforbundet krev nå norske lønningar om bord i utanlandske skip som skal ha slepebåt-beredskap for Kystverket utanfor Nord Norge.
AV: thomas førde
Nestleiaren i Sjømannsforbundet, Johnny Hansen, er kompromisslaus i kravet om norske lønns- og arbeidsvilkår om bord i slepebåtane som Kystverket har hyrt inn.
–Godkjent tariffavtale for sjøfolka om bord må på plass før skipa kan starta sitt oppdrag for Kystverket 1. januar 2010, seier Hansen.
Han seier vidare at Sjømannsforbundet hadde møte med den politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartementet 17. november, der forbundet bad om at signering av kontraktar med nye slepebåtar blei utsett inntil ordna tarifforhold var på plass.
–statleg etat utan kontroll
–Likevel signerte Kystverket avtale med to utanlandske skip kort tid etter. Eg er spent på kva Kystverket vil gjera om ikkje godkjende tariffavtalar er på plass før årsskiftet. Eg er redd ein statleg etat her har tatt seg inn i eit farvatn der dei ikkje har kontroll, seier nestleiaren i Norsk Sjømannsforbund.
Nestleiaren legg til at norske sjømannsorganisasjonar har retten til å forhandla fram og signera tariffavtalar for sjøfolk om bord i skip i norsk farvatn og der operatøren av skipa er norsk. I dette tilfellet skal Troms Offshore skaffa mannskap og driva skipa.
Ny konkurranse?
Dersom lønningane må tidoblast kan grunnlaget for dei to utanlandske skipa sin siger i anbodskonkurransen vera borte.
Men Kystverket ser ikkje grunn til å lysa ut ny anbodskonkurranse.
–Me undersøkte på førehand så lang me kunne om her ville bli krav om norske lønns- og arbeidsvilkår. Men ettersom slepebåtane skal ferdast i både norsk og internasjonalt farvatn fann me at krav om norske lønner fell bort, seier regiondirektør i Kystverket Frode Kjersem.
Men Kjersem legg til at Kystverket har tatt atterhald i kontraktane med reiarlaga at dersom kravet om norske lønner skulle koma, pliktar reiarlaga å retta seg etter det.
På reiarlaget si kappe
–Fell ikkje heile det økonomiske grunnlaget dermed ut av kontraktane når norske sjøfolk kostar 10 gonger meir enn utanlandske?
–Me har teke atterhald i kontrakten. Dermed blir det opp til reiarlaga å tilpassa seg, seier regiondirektør i Kystverket, Frode Kjersem.
Ein førespurnad frå Aftenbladet til presseavdelinga Fiskeri- og kystdepartementet om kommentar frå den politiske leiinga, førte til eit svar via SMS om at departementet viser til Kystverket si utgreiing.
Statsråden
Troms Offshore har kontrakt med dei to reiarlaga Nor Offshore Supply og Oceanlink Supply om å rekruttera mannskap og driva dei to slepebåtane.
Sjefen for Troms Offshore, Svein Hoel, seier at det er dei to reiarlaga, som har inngått kontraktar med Kystverket som må gi kommentarar.
Hallgeir Langeland (SV), medlem av Stortingets transportkomite, seier at staten skal ikkje gå i spissen for sosial dumping.
Sjøfolk permitterte
–Denne saka vil eg straks ta opp med Fiskeri og kystministeren, seier Langeland.
Solstad Offshore i Skudeneshavn, som tapte konkurransen om slepebåtkontraktane i nord, har klaga på Kystverket sitt vedtak. Skipet «Normand Draupne», som Solstad ville bruka i beredskapstenesta i Nord Norge, går nå i opplag. 24 norske sjøfolk må gå i land og blir permitterte.
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
Zaharia Robert står på bar bakke etter 19 år som oljekone. For norske myndigheter er skilsmissen en privatsak.
Det tar 2700 timer i året å komme gjennom skattereglene i Brasil. I Norge tar det 87 timer.
Øystein Stava (21) er nyutdannet industrimekaniker og ettertraktet arbeidskraft i offshoreindustrien. Der kan han runde én million i årslønn.
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer