• Slik blir dei nye ankerhandteringsfartøya av Rolls Royce design.

    FOTO: STX OSV

Satsar milliardar på ankerhandtering

To nye ankerhandteringsfartøy til 1,2 milliardar kroner kjem ut på havet tidleg 2014.

Det er Farstad Shipping i Ålesund som har tinga dei to nye fartøya.

Dei to ankerhandteringsfartøya, som er 87.40 meter lange og 21 meter breie, skal byggjast av STX OSV sitt verft Langsteen i Tomrefjord i Møre og Romsdal. Skroga til dei to nybygga skal likevel byggjast i Romania.

Rolls Royce

Dei to nybygga er designa av Rolls Royce Marine. Dette selskapet skal også levera utstyr til dei nye skipa, slik at samla leveransar frå Rolls Royce Marine kjem opp i 500 millionar kroner.

STX OSV (tidlegare Aker Yards) har tidlegare bygt fire liknande skip for Farstad og har to andre ankerhandteringsfartøy av same type under bygging før dagens nye ordre, heiter det i ei melding frå STX OSV.

Satsar på djupet

I følgje ei melding frå Farstad Shipping er denne siste kontraheringa ein lekk i Farstad Shipping si fornying av flåten og er samtidig satsing på segmentet for aktivitet på djupt vatn.

Farstad Shipping vil etter dette ha fire ankerhandteringsskip og seks plattformsupplyskip i ordre til ein total kontraktssum på 4,4 milliardar kroner. Reiarlaget disponerer ein flåte med i alt 54 skip.

Følg Aenergi.no på Twitter.com/AenergiNO

News in English? Click here!

Les også

Siste fra Oljeservice