• FOTO: Thomas Førde

Siste skip ut frå Karmsund Maritime

Siste skip bakka seg i går ut av reparasjons-dokka ved konkursramma Karmsund Maritime Service på Karmøy. Meir enn 170 står nå utan jobb og er djupt fortvila over at bustyret ikkje ser ut til få på plass ny drift ved verftet.

Oppgåvene ligg i kø utanfor kysten og seglar nå bokstavleg forbi verftet ved Karmsundet.

- Ein stor jobb til omlag seks millionar kroner måtte me overlata til naboverftet, Aibel i Haugesund, seier reparasjonssjef Torleiv Mathiassen.

Han seier vidare at åtte ulike skip var book inn frå påske og fram til ferien.

550 skip

- Her er det snakk om større og mindre reparasjonar og overhalingar, som varer frå ei til tre veker. Alle krev opphald i tørrdokka, seier Mathiassen.

Han viser til at tørrdokka har sidan opninga i 1994 hatt besøk av 550 skip. - Me kan ta imot dei aller fleste store og små skip i offshoreflåten, i fiskeflåten pluss ferjer og lasteskip. Dessutan har me superlojale og dugande tilsette som har stått på helg og kvardag for å tilfredsstilla kundane.

Heile dette miljøet står nå i fare for å forvitra, seier Torleiv Mathiassen.

Fortvilar

- Dette er djupt fortvilande og frustrerande seier klubbleiar Helge Larsen.

Medan arbeidsoppgåvene og inntektene nærast flyt forbi oss, tar ikkje bustyret initiativ til å få ny drift i gang.

Dermed går konkursbuet også glipp av viktige inntekter, seier Larsen.

Han seier vidare at bustyrar, advokat Tom Hugo Ottesen for vel fjorten dagar sidan, då konkursen var eit faktum, uttrykte stor optimisme med tanke på å få i gang ny verksemd ved verftet.

Seinare har me knapt høyrt eit pip frå den kanten. Folk har vore entusiastiske og optimistiske. Men nå tærer uvissa på humør og psyke, seier klubbleiar Helge Larsen.

Bank og bustyre

SR bank, som har vore hovudbank for Karmsund Maritime Service, har stilt garanti for lønn til dei tilsette ut mars månad.

- Kan banken utvida denne garantien?

- Det ligg utanføre vårt mandat. Nå er det bustyret, som skal handtera situasjonen vidare, seier informasjonssjef Thor-Christian Haugland i SR-bank. Han legg til at lønnsgarantien blei gitt medan alle partar leita ei løysing for vidare drift ved verftet.

- Deretter gjekk verftet sjølv til skifteretten. Me heldt likevel fast ved lønsgarantien ut mars, seier Haugland.

På spørsmål om det er sannsynleg med rask avklaring og snarleg ny drift ved verftet, viser Haugland til at bustyret skal møtast på Karmøy fredag og der handsama slike spørsmål.

Kan mista lønn

Mellom dei tilsette breier det seg nå ei redsle for at utgiftene til advokatar og buhandsaming nå aukar så raskt at deira lønnskrav kan koma i fare.

Torleiv Mathiassen viser til at vanlegvis skal tilsette sine lønnskrav vera prioriterte fordringar etter konkursen.

Men løn og honorar i til dei som handsamar buet kjem visst nok aller først, seier Mathiassen, som er uroa for framtida.

Sjølv har han få år igjen til AFP-alder. - Den sjansen vil truleg gå frå meg, seier han.



Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi