• Tre avanserte boreriggar ligg ved verftet Westcon i Ølen. Ingen av riggane har vore på jobb ennå.

    FOTO: Øyvind Sæthre, Westcon

Sjelden rigg-samling i Ølen

Verftet Westcon i Ølensvåg har for tida samla tre store ubrukte boreriggar utanfor kaien. "Scarabeo 8" har vore hos Westcon eitt år lengre enn planlagt.

Hamna i Ølensvåg er nærast fylt opp med flunkande nye riggar til samla verdiar av minst ti milliardar kroner. I tillegg til "Scarabeo 8" ligg verdas største jack-up rigg "West Elara" på hamna i Ølensvåg.

Riggen ligg og ventar på godt ver før den skal dra til sin første borejobb, som i følgje planen er for Statoil på Gullfaks-feltet.

"West Elara" har fått fem-års kontrakt med Statoil. Men riggen har vore i Ølen i om lag eit halvt år nå. Det er Seadrill-selskapet North Atlantic Drilling, som eig "West Elara".

Riggen er bygt i Singapore, men skulle ha vore i jobb på Gullfaksfeltet i frå november i fjor.

Til Troll-feltet

Den hittil siste riggen, som kom til verftet Westcon i Ølen, "COSLInnovator", er bygt hos verftet Yantai Raffles i Kina.

Riggen er halvt nedsenkbar og kan bora brønnar på 750 meters havdjup. COSL har kontrakt med Statoil om boring på Troll-feltet med "COSLInnovator". Men først skal riggen få installert nytt utstyr om bord.

I følgje riggsjefen hos Westcon, Malvin Eide, skal denne nye COSL-riggen bli ved verftet i Ølensvåg i to til tre månader framover.

Scarabeo 8 eitt år forseinka

"Scarabeo 8" har så langt rekorden for opphald i Ølensvåg. Saipem-riggen kom til Ølen frå eit verft i Palermo i Italia hausten 2010. Ved verftet i Palermo hadde det oppstått brann om bord.

Hos Westcon er måtte mykje av installert utstyr og opplegg rivast og byggjast opp på nytt etter brannen om bord.

Riggen skal bora for Eni på Goliat-feltet i Barentshavet. Men førebels er boreprogrammet om lag eit år forseinka.

- Riggen har vore gjennom sjøprøvar og er framleis under testing, seier Malvin Eide hos Westcon.

Nye oppdrag

Trass i utsikt til ein særs avansert riggflåte, jaktar Westcon på fleire nye oppdrag.

- Me siktar oss inn på service og installasjonsarbeid på riggar som brukast både på norsk og britisk sektor i Nordsjøen, seier Eide.

Men han legg til at service på riggar og boreskip, som skal til andre farvatn er også aktuelt.

- Tidlegare i vinter hadde Westcon jobbar om bord i Ocean Rig sitt boreskip "Ocean Rig Corcovado".

- Me hadde fleire tilsette som blei med om bord og utførte arbeid inntil skipet var nyleg var framme i Brasil, seier Malvin Eide i Westcon.

Les også