Sjtokman går i oppløsning
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
FOTO: Solstad
Solstad har vore eit flaggskip mellom reiarlaga i bruken av norske sjøfolk. Nå varslar Solstad utflaging av seks offshorefartøy.
AV: thomas førde
Hovudtillitsvald for Sjømannsforbundet sine medlemmer i Solstad Offshore, Geir Kåre Tjøsvoll seier at om lag 60 underordna mannskap kan bli berørte av dette.
- Men me veit i dag ikkje kor mange som må gå i land. Me har hatt møte med leiinga, som peikar på at nokre kan bli omplasserte til andre skip i reiarlaga. Dessutan kan andre av dei berørte få jobb i andre offshorereiarlag. Det blir dermed færre enn 50, som mister jobben, seier Tjøsvoll.
Reiarlaget i Skudenehavn er mellom dei aller største selskapa når det gjeld drift og utvikling av offshoreservice skip.
Solstad Offshore disponerer i dag 50 ulike fartøy og har i alt 1500 sjøfolk om bord i skipa sine. Meir enn 900 av desse sjøfolka er norske eller skandinaviske.
I eit brev til sine tilsette denne veka varslar leiinga i Solstad Offshore at endringar er i vente for seks av skipa i flåten.
Det gjeld forsyningsskipa "Normand Aurora", "Normand Flipper", "Normand Carrier" og "Normand Corona" pluss ankerhandteringsfartøya " Normand Ivan" og "Normand Atlantic".
Dei fire forsyningsskipa har vore engasjerte med frakt av røyr til legging av gassrøyret Nord Stream frå Russland til Tyskland. Det heiter i brevet til dei tilsette at endringar vil bli sett i verk i løpet av våren og at det vil medføra oppseiing av tilsette i underordna stillingar om bord.
- Denne uventa meldinga frå reiarlaget melleom dei verste meldingane ein kan få. I denne næringa skiftar det bråttt. I førre veke fekk Solstad Offshore heiderspris for beste reiarlag innan rekruttering og opplæring av norske sjøfolk.
Få dagar seinare kjem dette varselet om oppseiing. Det gir særs uheldige signal til ungdom som vil til sjøs, seier Tjøsvoll.
Grunngjevinga for utflagginga av seks fartøy i Solstad-flåten er i følgje brevet, som toppsjefen Lars Peder Solstad har underteikna at stadig fleire skip tevlar om oppdrag i farvatn utanfor Nordsjøen.
- Selskapet har tatt steget frå å vera eit "Nordsjøselskap" til å ha operasjon i heile verda. Av våre 50 skip operer vi dag om lag to tredelar utanfor Nordsjøen, skriv Lars Peder Solstad.
Han legg til at konkurransen internasjonalt blir stadig tøffare.
- Norsk arbeidskraft har dei siste åra blitt relativt mykje dyrare enn arbeidskraft frå andre land. Mannskapskostnadane utgjer to tredelar av driftskostnadane på eit skip. Utviklinga av desse kostnadane er difor kritisk for vår konkurranseevne, skriv Lars Peder Solstad.
Øyvind Bårdsen, leiar av Maritimt Opplæringskontor for Sør og Vestlandet, seier at dette er skuffande.
- Solstad Offshore har eit veldig godt rykte på seg blant ungdom som ønskjer karriere og jobbmulegheiter til sjøs. Eg fryktar at dette vil kunne påverka unge som er i innspurten med å søkja plass innan 1. mars på vidaregåande utdanning, seier Bårdsen.
Men han legg til at han framleis håpar at Solstad Offshore også dette året vil ta inn lærlingar i yrke som matros og motormann.
Dei siste åra har Solstad Offshore vore blant dei største i landet når det gjeld inntak av lærlingar med mellom 25 og 30 læreplassar kvart år. I fjor tok Solstad inn 33 nye lærlingar som vil bli matrosar eller motormenn.
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
Zaharia Robert står på bar bakke etter 19 år som oljekone. For norske myndigheter er skilsmissen en privatsak.
Det tar 2700 timer i året å komme gjennom skattereglene i Brasil. I Norge tar det 87 timer.
Øystein Stava (21) er nyutdannet industrimekaniker og ettertraktet arbeidskraft i offshoreindustrien. Der kan han runde én million i årslønn.
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer