Sjtokman går i oppløsning
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
FOTO: Solstad Offshore
Statlege Kystverket har vraka norske skip og norske sjøfolk til fordel for skip med Panama- og Bahamas-flag til å utføra slepebåtberedskapen utanfor kysten av Nord-Norge.
AV: thomas førde
– Dette kan ikkje kallast anna enn sosial dumping, seier Johnny Hansen, nestleiar i Norsk Sjømannsforbund.
Han peikar også på at dei tre regjeringspartia i si andre fråsegn frå Soria Moria har kampen mot sosial dumping som eit tydeleg mål.
– Samtidig vrakar statlege organ norske sjøfolk i konkurransen om å driva slepebåtberedskapen i Nord Norge.
Dette skjer sjølv om liknande slepebåtkontraktar, mellom anna i Oslofjordområdet, tidlegare er tildelt norske skip med norsk mannskap om bord. Kvifor blir ikkje dette også gjort i nord, seier Johnny Hansen.
Langt under norsk hyre
Han seier vidare at under den siste utlysinga burde Kystverket gjort det klart at dei kravde norske lønns- og arbeidsvilkår om bord og at sjøfolka skulle meistra skandinavisk språk.
– Nå skal det betalast internasjonal minstelønn om bord. Dette er ei hyre som ligg langt under norsk lønnsnivå, seier nestleiaren i Sjømannsforbundet, som lovar at organisasjonen skal gå vidare med saka politisk.
Dette er heilt uhaldbart.
Det går ikkje an at regjeringa, som vil satsa på maritim næringsutvikling, samtidig undergrev norsk kompetanseoppbygging på skipa staten sjølv leiger inn, seier Johnny Hansen.
Tok norske sjøfolk for gitt
Solstad Offshore i Skudeneshavn leverte inn tilbod til Kystverket.
Solstad ville nytta forsyningsskipet «Normand Draupne» i jobben med norsk mannskap om bord.
– Me tok det for gitt at ein statleg oppdragsgivar ville nytta norsk mannskap og norske skip til eit slik kontrakt, seier sjefen i Solstad Offshore,
Lars Peder Solstad. Han legg til at deira teknologiske og miljømessige løysingar var best og at prisskilnaden var svært liten.
–Me har protestert på avgjerda til Klagenevnden for offentlege anskaffelser.
Kven skal gå i spissen for bruka av norske sjøfolk viss ikkje staten sjølv gjer det, seier Solstad, som legg til at siste ord ikkje er sagt i denne saka.
«Normand Draupne» går nå i opplag og eit norsk mannskap på 24 blir permittert.
Regelverket forbyr
– Me har følgd regelverket til punkt og prikke, seier regiondirektør i Kystverket for Troms og Finnmark, Frode Kjersem.
– Ifølgje offentleg innkjøpsreglement og EØS-reglar har me ikkje høve til å krevja norske lønns- og arbeidsvilkår om bord og ikkje skandinavisk språk.
Norske reiarlag har levert inn tilbod, men dei nådde ikkje opp i konkurransen, seier Kjersem.
– Men Kystverket har jo tidlegare tildelt liknande kontraktar til norske reiarlag for andre delar av kysten?
– Tidlegare har norske tilbod vunne i konkurransen, seier regiondirektøren i Kystverket.
Etter hardt press frå sjømannsorganisasjonane innførte regjeringa i haust krav om arbeidsløyve og norske lønns- og arbeidsvilkår om bord i utanlandske skip i norsk farvatn.
– Det ser ut til at staten nå prøver seg med unntaksbestemmingar for sjøfolk frå EØS-land, seier Johnny Hansen, som peikar på at det avgjerande må vera at skipet har ikkje-europeisk flag.
Me lukkast i går ikkje få kommentar frå politisk leiing i departementet.
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
Zaharia Robert står på bar bakke etter 19 år som oljekone. For norske myndigheter er skilsmissen en privatsak.
Det tar 2700 timer i året å komme gjennom skattereglene i Brasil. I Norge tar det 87 timer.
Øystein Stava (21) er nyutdannet industrimekaniker og ettertraktet arbeidskraft i offshoreindustrien. Der kan han runde én million i årslønn.
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer