Sjtokman går i oppløsning
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
FOTO: Thomas Førde
Han flykta frå Vietnam i open båt om natta for meir enn 25 år sidan. Nå er Minh duc Pham tilbake som læremeister for unge fagarbeidarar.
AV: thomas førde
Han står midt mellom unge fagarbeidarar i ein flunkande ny og lys verkstadhall reist av investorar frå Karmøy, som ser ei særs løfterik framtid hos dette hardt prøvde folket.
Minh duc Pham, som har jobba snart 20 år i mekanisk industri på Karmøy, er tilbake i Vietnam for å læra opp unge fagarbeidarar til å oppfylla kvalitetskrava frå den internasjonale oljeindustrien.
Endringane har vore dramatiske i Vietnam dei siste 30 åra. Eit strengt og dogmatisk kommunistisk styre senka mørkret over mange vietnamesarar etter krigen sist på 1970-talet og i første halvdel av 1980-åra.
Minh duc Pham budde og arbeidde på 1980-talet i Saigon. Han kan fortelja om mørklagde gater, mest ingen handel og at det aller meste var rasjonert på den tida.
- Saigon minna mest om ein spøkelsesby. Me kunne heller ikkje høyra radio og ikkje lytta til utanlandsk musikk. Særs mange blei overvaka av styresmaktene, seier Minh duc Pham, som sjølv hadde ein bra jobb i vassverket, kor eit dansk firma var inne og hjelpte til. Duc Pham spela dessutan i bryllaup på fritida. Men brått blei han fengsla for tre veker.
- Eg fekk aldri vita grunnlaget for fengslinga utanom lause skuldingar om ulovleg kontakt med utlandet, seier duc Pham.
Etter lengre tid med plaging og sjikane frå styresmaktene bestemte Minh duc Pham seg saman med venner for å flykta frå Vietnam. Tre millionar vietnamesarar flykta frå landet i tida mellom 1979 og 1987. Nær halvparten av båtflytktningane skal ha drukna.
Ei mørk natt i 1984 sette Minh duc Pham saman med 38 andre ut frå hamnebyen Vung Tau i ein liten open båt. Dei drog ut i det ukjende, rett til havs bar det, utan mat og berre med eit lite lokk med drikkevatn til kvar.
I tre døger hadde dei vore om bord då dei tilfeldig blei oppdaga i Sør Kina-havet av eit norsk skip med kurs for Australia. Alle i lettbåten blei tekne om bord og sidan sette i land i Singapore.
Der måtte dei bu i ein flyktningleir i tre månader. Deretter blei Minh duc Pham sendt til Norge ettersom han var plukka opp av eit norsk skip.
Minh duc Pham kom til Norge og til Karmøy i februar.
- Alt kring oss var vinterkvitt. På Karmøy tok eg til på norskkurs og fekk deretter jobb i eit gartneri. Men det blei for kaldt å jobba ute i norsk vinter. Difor søkte eg plass ved teknisk skule kor eg fekk gjennomført to-årig utdanning innan maskin og mekanikk, fortel Minh duc Pham som straks etter kom i kontakt med Hystad-familien og fekk jobb i deira verksemd Kopervik Slip.
Seinare har han hatt fast jobb i Hystad-familien sine bedrifter på Karmøy og har nå vore tilbake i heimlandet sitt som rådgivar og for Karmøy-verksemda, Kamos, si nybetablering i Nha Trang.
Det gjekk sju år etter flukta frå Vietnam før han kunne venda tilbake for å vitja familien første gongen. Da hadde han sikra seg norsk pass og kunne lovleg koma inn i landet.
- Eg hugsar eg kjende meg ikkje heilt trygg første gongen eg var tilbake. Eg fekk mange merknadar og halvvegs trugsmål frå folk som tydeleg meinte at eg som flykta hadde svikta dei som blei att.
Men desse haldningane er borte nå. I dag blir me som har vore borte ei stund helsa velkomne saman med idear, kunnskap, nettverk og kapital, seier Minh duc Pham.
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
Zaharia Robert står på bar bakke etter 19 år som oljekone. For norske myndigheter er skilsmissen en privatsak.
Det tar 2700 timer i året å komme gjennom skattereglene i Brasil. I Norge tar det 87 timer.
Øystein Stava (21) er nyutdannet industrimekaniker og ettertraktet arbeidskraft i offshoreindustrien. Der kan han runde én million i årslønn.
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer