• FOTO: Troms Offshore

Vil ha rett til å slåss mot sosial dumping

Sjømannsforbundet vil i norsk farvatn boikotta skip som ikkje betalar norske lønningar til sjøfolka om bord. Men lagmannsretten skal avgjera om slik boikott er lovleg.

Bakgrunnen for rettstriden er at statlege Kystverket i fjor haust leigde inn to skip som skulle gjera teneste som slepebåtar i Nord-Norge. Slepebåtane skal vera i beredskap for å kunne hindra at tankskip i naud ikkje når inn til kysten ukontrollert med farleg last.

Begge dei to slepebåtane, som er drivne av Troms Offshore, seglar under utanlansk flag. På begge skipa er mannskapet polsk og er utan gyldig tariffavtale, hevdar Sjømannsforbundet.

For alvorleg

Dermed varsla sjømannsorganisasjonane boikott av desse to skipa inntil tariffavtale med norske lønns- og arbeidsvilkår var på plass. Dei to slepebåtane opererar berre i norsk farvatn, hevdar Sjømannsforbundet.

Men motparten hevda at slik boikott var ulovleg og fekk saka til handsaming i Oslo tingrett i mai.

Les også:

Reiarlaget fekk medhald

tingrettsdommen blir det peika på at ein forstår sjømannsorganisasjonane sin trong for å verna om norske arbidsplassar men retten slår samtidig fast at konsekvensane av ein boikott blir så store at det ikkje kan tillatast.

Allmenngjering

– Dette prtotesterar me imot. Her er lovverket brukt feil, seier nestleiar i Norsk Sjømamnsforbund Johnny Hansen. Han legg til at dette står om retten til å kunne slåss mot sosial dumping. Dommen frå tingretten er anka inn for lagmannsretten.

Hansen seier vidare at eit viktig framtidig tiltak for å få bukt med sosial dumping på skip i norske farvatn er allmenngjering av tariffavtalar, slik ein ein gjort på land i bygnings- og i vertftsindustrien.

Det vil sei at skip som opererar i norsk farvatn og på norsk sokkel må betala norske lønner til mannskapet om bord.

Som på flyterigg

I praksis gjeld slike krav på flyteriggar som arbeider på norsk sokkel.

Det kjennest særs urettferdig at om bord på skip som yter tenester til boreriggen kan mannskapet ha heilt andre lønns- og arbeidsvilkår enn dei som arbeider om bord på riggen, seier Hansen.

For dei to slepefartøya, som blei innleigde til Kystverket frå Troms Offshore, reknar Hansen med at tilhøva blir retta opp når den eit år lange kontrakten går ut.

–Slik me har tolka statsråden skal det i nye slepebåtkontraktar hos Kystverket vera krav om norske lønns- og arbeidsvilkår om bord, seier Hansen.

Klage

Reiarlaget Solstad i Skudeneshavn var i fjor haust med i konkurransen om å driva slepebåt for Kystverket i Nord-Norge. I Solstad sitt tilbod skulle det vera norsk mannskap om bord, men Sosltad tapte og anka avgjerad inn for Klagenemnda for offentlegige ansklaffelser (Kofa).

Men klagen er ennå ikkje ferdig handsama.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi