Sjtokman går i oppløsning
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
FOTO: Thomas Førde
Rivingsindustrien sprengjer seg plass ved Vatsfjorden. Eit gigantisk kaianlegg skal gi plass for opphogging av gamle Ekofisk-plattformer i seks år framover.
AV: thomas førde
Ei stolt fortid heng att mellom fjella kring dei djupe og vakre fjordarmane i Vindafjord.
Her vart mange av dei gigantiske betongplattformene sette saman og gjort ferdige før spektakulære utslep til feltet. Stikkord er Statfjord C, Draugen og Troll.
Nå står Raunes og Vatsfjorden framfor ei ny hektisk epoke. Dei eldste oljeinstallasjonane i Nordsjøen er ferdige med si teneste og skal fjernast og hoggast opp.
AF Decom har alt vore i Vats sidan 2004. To rivingsoppdrag er alt gjennomførte. Først tok dei seg av riving og demontering av prosessutstyret, som stod på Ekofisk-tanken.
Den andre jobben omfatta fleire flammetårn og bruer frå andre nedstengde plattformer på Ekofisk-feltet.
Om ei veke kjem lastebøya frå det britiske Kittiwake-feltet til Vats for opphogging.
Den eksisterande kaien inst ved Raunes skal brukast til demonteringa. Men først skal lastebøya, som stikk 50 meter ned i djupet, delast i fire medan ho ligg oppankra ute i fjorden.
Dei fire delane skal løftast på land ved hjelp av kranskip.
Ei omfattande utviding av baseområdet er sett i gang før AF Decom kan gå laus på den store Ekofisk-jobben.
AF Decom fekk nyleg ein omfattande kontrakt med nederlandske Heerema verdt 1,2 milliardar kroner. Kontrakten gir arbeid i fem år framover for nær 100 personar.
Heerema skal i fleire omgangar frakta utrangerte stålplattformer frå Ekofisk til Vats.
Arealet på land skal først utvidast frå dagens 25 mål til 65 mål. Store mengder stein skal sprengjast laus frå bratte fjellsider, ein holme like ved land skal sprengjast ned og nyttast som landfeste for den nye djupvasskaia på182 meterslengde.
Miljøorganisasjonar, velforeiningar og naboverksemd, som driv produksjon av torskeyngel, fryktar konsekvensane av denne store utvidinga.
Raunes Fiskefarm er både redde for trykkbølgjer og for ristingar i samband med sprenging og for seinare utslepp til fjorden.
Eit tidlegare utslepp frå AF Decom av kvikksølvsulfid har vore med og skapt otte. - Dette var noko ingen forutsåg, hevdar Arne Skogheim, sjefen hos AF Decom i Vats. Han peikar på at mange tiltak er sett i verk etterpå, mellom anna stor utviding av reinseanlegg for prosessvatn og overflatevatn.
Skogheim legg til at på den delen av kaien som blei oppgradert i 2004/2005, er installert oppsamlingssystem både frå kaikant og i området kor opphogginga skal gå føre seg.
Han seier vidare at heile 96 prosent av installasjonane som blir hogde opp, skal resirkulerast. Det meste skal vera av stål og andre metall som aluminium, rustfritt stål, syrefast stål, kopar, titan, m.m.
Farleg avfall i slike innretningar kan vera asbest i isolasjonen, kvikksølv i røyr, PCB i maling, og PAH i oljerestar. I tillegg kjem lågradioaktivt materiale.
Alt dette hevdar AF Decom-leiinga at dei har full kontroll over.
Er et stort entreprenørselskap der avdelinga AF Decom Offshore satsar på riving av installasjonar frå Nordsjøen.
ANLEGG: Byggjer i Vats rivingsanlegg for resirkulering av oljeinstallasjonar.
OMSETNAD i 2007: 5,5 mrd. kr.
RESULTAT før skatt: 232 mill. kr.
TILSETTE i heile gruppa: Ca. 2000.
STORE EIGARAR: Kongsvinger Betong, Aspelin Ram, Obos, Poa As (Per Ove Afreth), Moger Invest (Moger-familien) Ljm As.
En av partnerne i det russiske Sjtokman-prosjektet der Statoil er med kan komme til å trekke seg ut I juni. Hele prosjektet er under revurdering.
Zaharia Robert står på bar bakke etter 19 år som oljekone. For norske myndigheter er skilsmissen en privatsak.
Det tar 2700 timer i året å komme gjennom skattereglene i Brasil. I Norge tar det 87 timer.
Øystein Stava (21) er nyutdannet industrimekaniker og ettertraktet arbeidskraft i offshoreindustrien. Der kan han runde én million i årslønn.
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer