Annonse
Annonse
Annonse
Åsgard A, 1999. (Foto: Øyvind Hagen, StatoilHydro)

Åsgard

Åsgard ligg sentralt i Norskehavet, på 240–300 meters havdjup.

Aftenbladet.no
Publisert 13.11.2007 09:08 - Oppdatert 19.10.2008 17:29
Åsgard B. (Foto: Heine Schølberg, StatoilHydro)

Utbygging

Feltet er bygt ut med havbotnkompletterte brønnar knytte til eit produksjons- og lagerskip, Åsgard A, som produserer og lagrar olje, og ei flytande, halvt nedsenkbar innretning, Åsgard B, som behandlar gass og kondensat.

Til gassenteret er det knytt eit lagerskip for kondensat, Åsgard C. Innretningane på feltet utgjer ein viktig del av infrastrukturen i Norskehavet.

I tillegg til at dei behandlar eigen produksjon, behandlar dei gassen frå Mikkel. Åsgardfeltet er bygt ut i to fasar.

Væskefasen kom i produksjon i 1999 og gasseksportfasen starta 01.10.2000.

Åsgard omfattar funna 6506/12-1 Smørbukk, 6506/12-3 Smørbukk Sør og 6507/11-1 Midgard.

Reservoar

6506/12-1 Smørbukk ligg på ei rotert forkastingsblokk avgrensa av forkastingar i vest og nord og strukturelt djupare område mot sør og aust.

Reservoara i Garn-, Ile-, Tofte-, Tilje- og Åreformasjonane er av jura alder og inneheld gass, kondensat og olje. 6506/12-3 Smørbukk Sør, med reservoarbergartar i Garn-, Ile- og Tiljeformasjonane, inneheld olje, gass og kondensat. 6507/11-1 Midgard er delt inn i fire strukturelle segment med hovudreservoar i Garn- og Ileformasjonane.

Sandsteinsreservoara ligg på djup ned mot 4850 meter. Reservoarkvaliteten varierer mellom formasjonane, og det er store skilnader i porøsitet og permeabilitet mellom dei tre førekomstane.

Utvinningsstrategi

I 6506/12-1 Smørbukk og 6506/12-3 Smørbukk Sør går utvinninga føre seg ved hjelp av gassinjeksjon, medan 6507/11-1 Midgard blir produsert ved trykkavlasting.

Under gasskappa på 6507/11-1 Midgard er det ei tynn oljesone (11,5 meter) som det førebels ikkje er planar om å produsere.

Det blir arbeidd med å halde straumen i røra frå 6507/11-1 Midgard til Åsgard på eit optimalt nivå for å sikre at ein stabil tilførsel av låg-CO2 gass frå Mikkel og 6507/11-1 Midgard kan nyttast til utblanding av høg-CO2 gass frå Kristin i Åsgard Transport til Kårstø.

Transport

Olje og kondensat blir mellombels lagra på feltet og transportert til land med tankskip. Gassen går i Åsgard Transport til Kårstø. Kondensat frå Åsgard blir selt som olje (Halten Blend).

Status

Dei fleste av produksjonsbrønnane er bora, og ein arbeider aktivt for å auke utvinninga frå feltet. Det er planar om å fase inn 6506/11-7 Morvin og 6507/11-8 Yttergryta mot Åsgard.

I tillegg ser ein på løysingar for å auke produksjonen av CO2-fattig gass frå Midgard. Det blir óg leita etter førekomstar i området som kan ha gass med lågt CO2-innhald.

Kjelde

  • Oljedirektoratet

Del:

Mer

Les også

  • Åsgard i bilder

    Dette bildegalleriet viser bilder fra olje-, gass- og kondensatfeltet Åsgard.

Annonse

Skriv din kommentar

Tittel *

KommentarMaks 2000 tegn

Fornavn *
Etternavn *
E-post *


Aftenbladet ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

Aftenbladet.no

Annonse

Fakta om feltet

PÅ KARTET


Sjå meir i sokkelkartet

FAKTA OM Åsgard

Funnår:
  • 1981
Produksjonsstart:
  • 1999
Utforskingsbrønnar:
  • Den norske stats oljeselskap a.s: 14 brønnar
  • Saga Petroleum ASA: 4 brønnar
Produksjonsbrønnar:
  • Den norske stats oljeselskap a.s: 49 brønnar
  • Statoil ASA: 22 brønnar
Nåværande operatør:
  • StatoilHydro ASA
Rettshavarar:
  • Eni Norge AS (14.82 %)
  • Mobil Development Norway AS (7.24 %)
  • Petoro AS (35.69 %)
  • StatoilHydro ASA (24.96 %)
  • StatoilHydro Petroleum AS (9.61 %)
  • Total E&P Norge AS (7.68 %)
Utvinnbare reserver:
  • 100 millionar Sm3 olje
  • 178 milliardar Sm3 gass
  • 35 millionar tonn ngl
Att pr. 2008-02-01:
  • 49 millionar Sm3 olje
  • 126 milliardar Sm3 gass
  • 26 millionar tonn ngl
Annonse
 

Eksterne nyheter

 
Drilling consent to Optimus
  12.03.2010 16:33 

Talisman Energy has received consent to drill an exploration well east of the Gyda field.

» Les mer fra www.offshore247.com

Tjenesten er levert av viddi.no

 
 
 
 

Eksterne nyheter

 
- Jeg drar på besøk til Pamela Anderson!
  12.03.2010 22:48 

Ida Maria falt på isen for tredje gang denne uken. Nå tar musikeren affære.

» Les mer fra Bergensavisen
Ny klubb i StS Gruppen
  12.03.2010 22:29 
» Les mer fra www.alt.no
- Godt forberedt
  12.03.2010 21:25 
» Les mer fra www.lofotposten.no

Tjenesten er levert av viddi.no

 
 
 

Siste Sokkelkart

Kundesenter
Annonse

Sistesaker

Annonse
Annonse
Annonse
Annonse