-
FOTO: Øyvind Hagen, StatoilHydro
Åsgard
Åsgard ligg sentralt i Norskehavet, på 240–300 meters havdjup.
Utbygging
Feltet er bygt ut med havbotnkompletterte brønnar knytte til eit produksjons- og lagerskip, Åsgard A, som produserer og lagrar olje, og ei flytande, halvt nedsenkbar innretning, Åsgard B, som behandlar gass og kondensat.
Til gassenteret er det knytt eit lagerskip for kondensat, Åsgard C. Innretningane på feltet utgjer ein viktig del av infrastrukturen i Norskehavet.
I tillegg til at dei behandlar eigen produksjon, behandlar dei gassen frå Mikkel. Åsgardfeltet er bygt ut i to fasar.
Væskefasen kom i produksjon i 1999 og gasseksportfasen starta 01.10.2000.
Åsgard omfattar funna 6506/12-1 Smørbukk, 6506/12-3 Smørbukk Sør og 6507/11-1 Midgard.
Reservoar
6506/12-1 Smørbukk ligg på ei rotert forkastingsblokk avgrensa av forkastingar i vest og nord og strukturelt djupare område mot sør og aust.
Reservoara i Garn-, Ile-, Tofte-, Tilje- og Åreformasjonane er av jura alder og inneheld gass, kondensat og olje. 6506/12-3 Smørbukk Sør, med reservoarbergartar i Garn-, Ile- og Tiljeformasjonane, inneheld olje, gass og kondensat. 6507/11-1 Midgard er delt inn i fire strukturelle segment med hovudreservoar i Garn- og Ileformasjonane.
Sandsteinsreservoara ligg på djup ned mot 4850 meter. Reservoarkvaliteten varierer mellom formasjonane, og det er store skilnader i porøsitet og permeabilitet mellom dei tre førekomstane.
Utvinningsstrategi
I 6506/12-1 Smørbukk og 6506/12-3 Smørbukk Sør går utvinninga føre seg ved hjelp av gassinjeksjon, medan 6507/11-1 Midgard blir produsert ved trykkavlasting.
Under gasskappa på 6507/11-1 Midgard er det ei tynn oljesone (11,5 meter) som det førebels ikkje er planar om å produsere.
Det blir arbeidd med å halde straumen i røra frå 6507/11-1 Midgard til Åsgard på eit optimalt nivå for å sikre at ein stabil tilførsel av låg-CO2 gass frå Mikkel og 6507/11-1 Midgard kan nyttast til utblanding av høg-CO2 gass frå Kristin i Åsgard Transport til Kårstø.
Transport
Olje og kondensat blir mellombels lagra på feltet og transportert til land med tankskip. Gassen går i Åsgard Transport til Kårstø. Kondensat frå Åsgard blir selt som olje (Halten Blend).
Status
Dei fleste av produksjonsbrønnane er bora, og ein arbeider aktivt for å auke utvinninga frå feltet. Det er planar om å fase inn 6506/11-7 Morvin og 6507/11-8 Yttergryta mot Åsgard.
I tillegg ser ein på løysingar for å auke produksjonen av CO2-fattig gass frå Midgard. Det blir óg leita etter førekomstar i området som kan ha gass med lågt CO2-innhald.
Kjelde
- Oljedirektoratet
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Sokkelkart
Relaterte bilder
FOTO: Heine Schølberg, StatoilHydro
På forsiden nå
Siste saker
- Laks i sprøtt skall
- Nye nødpass kan bli dobbelt så dyre
- Forsker: - Det er et grusomt svik
- 600.000 kroner i bonus til alle Skagen-ansatte
- - Solum Larsen skjenket 17-åringen
- Den arabiske liga sender observatørene tilbake
- Når partiet kommer sist
- Hytteeierne vil ha større Sandnes-hytter
- Tre personer alvorlig skadd i fallulykke i Verdal
- - Solum Larsen dypt nedbrutt og fortvilet
- 8-åring omkom etter Oltedal-ulykken
- - KrF spares for mange utfordringer
- To personer alvorlig skadd etter ulykke på riksvei 7
- Ipad til tre 15-årige skrivekunstnere
- Selvmordsaksjon i Somalias hovedstad
- Hvorfor vil Merkel redde Sarkozy?
- Nødrakett utløste leteaksjon
- Kuldebølgen er ikke ventet å avta med det første
- Rooney vil ha Redknapp
- Se smakebiter fra årets Gosenrevy
Mest lest
- 8-åring omkom etter Oltedal-ulykken
- Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid
- Tre sikre vann i Stavanger
- Finner juveler i andres skrot
- Nå er det influensa-utbrudd
- Agathe ante ikke hun var gravid før hun fødte
- Statoil tjener stort, men må kutte kostnader
- Se smakebiter fra årets Gosenrevy
- - Hensynet til jenta viktigst fra første stund
- Veltet med 95.000 narkotiske tabletter i bilen
- - Solum Larsen dypt nedbrutt og fortvilet
- Nødrakett utløste leteaksjon
- - KrF spares for mange utfordringer
- Krimteknikarar finkjemma hotellrommet på Sand
- - Solum Larsen skjenket 17-åringen
Kommentarer