• EKOFISK ligger i den sørvestlige delen av Nordsjøen.

    FOTO: Kjetil Alsvik/ConocoPhillips

Ekofisk

Ekofisk er eit oljefelt som ligg på 70–75 meters havdjup i den sørlege delen av Nordsjøen.

Utbygging

Produksjonen frå Ekofisk tok til i 1971 på innretninga Gulftide. Fram til 1973 blei feltet produsert til tankskip frå fire brønnar, då ein betongtank kom på plass.

Sidan har det kome til mange innretningar på feltet, inkludert stigerørinnretningar for tilknytte felt og eksportrørleidningar.

Fleire av dei eldste innretningane er tekne ut av drift og ventar på disponering. Dei operative delane av Ekofisksenteret er i dag bustadinnretningane Ekofisk H og Ekofisk Q, produksjonsinnretninga Ekofisk C, brønnhovudinnretninga for vassinjeksjon Ekofisk W, bore- og produksjonsinnretninga Ekofisk X, prosessinnretninga Ekofisk J og produksjons- og prosessinnretninga Ekofisk M.

Frå brønnhovudinnretninga Ekofisk A sør på feltet går produksjonen i rør til stigerørinnretninga Ekofisk FTP på Ekofisksenteret for prosessering. Rørleidningen frå Ekofisk B nord på feltet blei i 2007 lagt om og produksjonen går no til Ekofisk M. Ekofisk B er knytt med bru til Ekofisk K, som er ei innretning for vassinjeksjon. Plan for vassinjeksjon på Ekofisk blei godkjent 20.12.1983, PUD for Ekofisk II blei godkjent 09.11.1994, og PUD for Ekofisk Vekst blei godkjent 06.06.2003.

Reservoar

Ekofiskfeltet produserer frå naturleg oppsprekte kritbergartar tilhøyrande Ekofisk- og Torformasjonane av tidleg paleocen og seinkrit alder. Reservoarbergarten har høg porøsitet, men låg permeabilitet. Reservoaret har ein oljekolonne på meir enn 300 meter og ligg 2900 – 3250 meter under havflata.

Utvinningsstrategi

Ekofisk blei opphavleg bygt ut med trykkavlasting som drivmekanisme og ein venta utvinningsgrad på 17 prosent.

Seinare har avgrensa gassinjeksjon og omfattande vassinjeksjon gjort sitt til å auke oljeutvinninga vesentleg. Vassinjeksjon i stor skala byrja i 1987, og i ettertid har området for vassinjeksjon blitt utvida i fleire steg.

Erfaringar viser at vatnet fortrengjer oljen effektivt, og venta utvinningsgrad for Ekofisk er nå om lag 50 prosent. I tillegg til vassinjeksjon gir kompaksjonen av dei mjuke kritbergartane ekstra driv til dreneringa av feltet.

Kompaksjonen i reservoaret har også resultert i at havbotnen på Ekofiskfeltet har sokke inn, fram til i dag over 9 meter sentralt på feltet. Det er venta at innsynkinga vil fortsetje i mange år, men med lågare rate.

Transport

Olje og gass blir ført til eksportrørleidningane via prosessanlegget på Ekofisk J. Gassen frå Ekofiskområdet blir transportert i Norpipe Gassrør til Emden, medan oljen, som også inneheld NGL-fraksjonane, går i Norpipe Oljerørleidning til Teesside.

Status

Produksjonen frå Ekofisk held seg på eit høgt nivå ved at ein borer nye brønnar for vassinjeksjon og produksjon frå mange innretningar på feltet. Nye innretningar og nye boremål for utvida vassinjeksjon i sørlege delar av feltet blir nå planlagt.

I tillegg til aktivitetar for å optimalisere produksjonen på kort og lang sikt, går det føre seg arbeid med å disponere innretningar som er stengde ned.

Kjelder

  • Oljedirektoratet

Les også

Siste fra Sokkelkart

Siste nytt

Siste 100 saker