Gullfaks

Gullfaks er eit oljefelt som ligg i Tampenområdet i den nordlege delen av Nordsjøen, på 130-220 meters havdjup.

Video

Utbygging

Feltet er bygt ut med tre integrerte prosess-, bore- og bustadinnretningar med understell av betong og dekksramme av stål,

Gullfaks A, B og C. Gullfaks B har eit forenkla prosessanlegg med berre førstestegseparasjon.

Gullfaks A og C tek imot og behandlar olje og gass frå Gullfaks Sør og Gimle. I tillegg blir innretningane nytta i produksjon og transport frå Tordis, Vigdis og Visund. Produksjonen frå Tordis blir behandla i eit eige anlegg på Gullfaks C.

Opphavleg PUD for Gullfaksfeltet omfatta innretningane Gullfaks A og Gullfaks B. PUD for den austlege delen (Gullfaks C) blei godkjent 01.06.1985.

Utbyggingsplanen for førekomsten Gullfaks Vest blei godkjent 15.01.1993 og utvinninga frå Lundeformasjonen 03.11.1995. I desember 2005 blei endra PUD for Gullfaksfeltet godkjent.

Planen omfattar prospekt og små funn i nærområdet rundt Gullfaks, som kan bli bora og produserte frå eksisterande innretningar. Med denne planen kan utvinninga av ressursane i området gjerast meir effektiv i åra som kjem.

Reservoar

Reservoara i Gullfaks er i sandstein tilhøyrande Brentgruppa av mellomjura alder og Cook-, Statfjord- og Lundeformasjonane av tidlegjura og seintrias alder. Reservoara ligg på 1700 - 2000 meters djup. Gullfaksreservoara ligg i roterte forkastingsblokker i vest og ein strukturell horst i aust, med eit sterkt forkasta område imellom.

Utvinningsstrategi

Utvinninga går føre seg med trykkstøtte ved hjelp av vassinjeksjon, gassinjeksjon og alternerande vass- og gassinjeksjon (VAG). Drivmekanismen varierer mellom ulike dreneringsområde på feltet, men vassinjeksjon utgjer hovudstrategien.

Transport

Oljen blir eksportert frå Gullfaks A og Gullfaks C via lastebøyer til tankskip. Den delen av rikgassen som ikkje blir injisert tilbake i reservoaret, går i eksportrørleidning til Statpipe for vidare prosessering på Kårstø og eksport som tørrgass til kontinentet.

Status

Produksjonen frå Gullfaksfeltet er i avtrappingsfasen. Det blir arbeidd med å auke utvinninga, dels ved å kartleggje og bore opp lommer med olje som er att i vassfløymde område, og dels gjennom massiv vassirkulering. Ein pilot med kjemisk flømming blir vurdert starta i 2010.

Det er også starta eit prosjekt for å vurdere behovet for oppgraderingar av innretningane ved ei forlenga levetid av feltet fram mot 2030.

Se også:

Kjelde:

  • Oljedirektoratet

Les også

Siste fra Sokkelkart

Relaterte bilder

FOTO: Øyvind Hagen, StatoilHydro

Siste nytt

Siste 100 saker