• FOTO: Øyvind Hagen, StatoilHydro

Statfjord

Statfjord er eit oljefelt som ligg på begge sider av grenselina mellom norsk og britisk kontinentalsokkel i Tampenområdet. Havdjupet er om lag 150 meter.

Video

Utbygging

Statfjord er eit oljefelt som ligg på begge sider av grenselina mellom norsk og britisk kontinentalsokkel i Tampenområdet.

Havdjupet er om lag 150 meter. Feltet er bygt ut med tre fullt integrerte innretningar; Statfjord A, Statfjord B og Statfjord C.

  • Statfjord A er plassert sentralt på feltet, og kom i produksjon i 1979.
  • Statfjord B er plassert på den sørlege delen av feltet, og kom i produksjon i 1982.
  • Statfjord C er plassert på den nordlege delen av feltet, og kom i produksjon i 1985.

Statfjord B og Statfjord C har lik konstruksjon. Satellittfelta til Statfjord (Statfjord Øst, Statfjord Nord og Sygna) har ein eigen innløpsseparator på Statfjord C. PUD for Statfjord Seinfase blei godkjent 08.06.2005.

Reservoar

Statfjordreservoara ligg på mellom 2500 og 3000 meters djup i ei stor forkastingsblokk med fall mot vest og mange mindre forkastingsblokker langs austflanken.

Reservoara er i sandstein tilhøyrande Brentgruppa, Cook- og Statfjordformasjonane av jura alder.

Brentgruppa og Statfjordformasjonen har svært god reservoarkvalitet.

Utvinningsstrategi

Brentreservoaret produserer med trykkstøtte frå alternerande vass- og gassinjeksjon (VAG). Statfjordformasjonen produserer med trykkstøtte frå vassinjeksjon og supplerande gassinjeksjon i den øvre delen og VAG-injeksjon i den nedre delen.

Utvinningsstrategien for Cookformasjonen er basert på å fase inn brønnar som alt går gjennom reservoaret, eller bore eksisterande brønnar djupare.

Statfjord Seinfase inneber at all injeksjon vil stansa dei næraste åra, og injeksjonsbrønnane vil bli endra til vassprodusentar. Dette vil gje ti år lengre levetid for feltet og auka utvinning av både gass og olje.

Transport

Stabilisert olje blir lagra i lagerceller på kvar innretning. Oljen blir lasta via eit av dei tre oljelastingssystema på feltet.

Gass går gjennom Statpiperørleidningen til Kårstø, der ein tek ut NGL før tørrgass blir transportert vidare til Emden.

Dei britiske rettshavarane tek ut sin del av gassen gjennom rørleidningen Far North Liquids and Associated Gas System (FLAGS) frå Statfjord B til St. Fergus i Skottland.

Tampen Link er eit nytt rør for eksport av gassen frå Statfjord Seinfase til Storbritannia via FLAGS. Gasseksporten gjennom Tampen Link starta i oktober 2007.

Status

Som ein del av Statfjord Seinfase blir innretningane modifiserte, samstundes med at det i 2008 blei bora og reparert brønnar.

Nedblåsing av trykket i reservoaret i Brentgruppa starta hausten 2008. Levetida for Statfjord A, B og C og vidare tilknyting av Snorre til Statfjord A og B i nokre år til, blir no vurdert i samarbeid med rettshavarane for Snorrefeltet.

Kjelde

  • Oljedirektoratet

Les også

Siste fra Sokkelkart

Siste nytt

Siste 100 saker