• FOTO: BP

Valhall

Valhall er eit oljefelt som ligg i den sørlige delen av Nordsjøen på 70 meters havdjup.

Utbygging

Feltet blei opphavleg bygt ut med bustadinnretning, boreinnretning og produksjonsinnretning.

I 1996 blei det installert ei brønnhovudinnretning (Valhall WP) med plass til 19 ekstra brønnar. Dei fire innretningane er knytte saman med gangbruer. Ei vassinjeksjonsinnretning blei installert sentralt på feltet sommaren 2003 og fekk brusamband med Valhall WP.

Boreriggen på denne innretninga skal òg nyttast på Valhall WP. Flankeutbygginga omfattar to brønnhovudinnretningar, ei i nord og ei sør på feltet.

Innretninga i sør starta produksjonen i 2003, og innretninga i nord starta produksjon i 2004. Valhall behandlar produksjonen frå Hod og leverer gass for gasslyft på Hod.

PUD for Valhall WP blei godkjent 02.06.1995. PUD for Valhall vassinjeksjon blei godkjent 03.11.2000, medan PUD for Valhall flankeutbygging blei godkjent 09.11.2001.

PUD for Valhall vidareutvikling blei godkjent 14.06.2007.

Reservoar

Valhallfeltet produserer frå kritbergartar i Tor- og Hodformasjonane av seinkrit alder. Reservoaret ligg på om lag 2400 meters djup.

Kritet i Torformasjonen er finkorna og mjukt, med gjennomgåande sprekker som gjer at olje og vatn strøymer lettare.

Som følgje av trykkavlastinga frå produksjonen har kritet blitt pakka tettare slik at havbotnen på Valhallfeltet søkk inn.

Utvinningsstrategi

Opphavleg gjekk utvinninga føre seg ved trykkavlasting med kompaksjonsdriv. Vassinjeksjon sentralt på feltet tok til i januar 2004.

Transport

Olje og NGL blir transportert i rørleidning til Ekofisk og derifrå til Teesside. Gass går i rørleidning til Norpipe og derifrå til Emden.

Status

I forhold til planane for produksjonen i dag er det gode utsikter til å auke reservane ved å utnytte alle brønnslissar og optimalisere vassinjeksjonen.

Fordi havbotnen søkk inn på feltet, og fordi dei opphavlege innretningane blir eldre, er det sett i gang vidareutvikling av Valhall ved å byggje ei ny innretning med prosessanlegg og bustadkvarter.

Les også: Valhall til nye høyder

Denne innretninga vil få straumforsyning frå land.

Kjelde

  • Oljedirektoratet

Les også

Siste fra Sokkelkart

Relaterte bilder

Høsten 2007: Stavangerordfører Leif Johan Sevland besøker Valhall i anledning feltets 25-års jubileum. Trevor Garlic, general manager operations, og administrerende direktør Gro Kielland i BP Norge hadde tro på produksjon i minst 40 år til. FOTO: Kristian Jacobsen

Siste nytt

Siste 100 saker