• FOTO: Erik Kallevik

Jakta på Harald Hårfagres kongsgard

Ingen kongsgard frå viking- tida er til no avdekka i Norge. Alt tyder på at den aller første er funnen på Avaldsnes, sjølvaste Harald Hårfagre sitt kongesete.

På høgda vest for Olavs-kyrkja, med godt utsyn mot Karmsundet, vart det i sommar funne fleire stolpehol på rekkje i prøvegravingar på ulike stader.

Stolpehus, som vart haldne oppe av berande stolpar pælte ned i jorda, var særmerkte bygningar frå vikingtid.

Restar av trematerialet frå to stolpehol på Avaldsnes, blei sendt til datering i USA. Resultata var oppløftande.

Trebitane frå det største holet skriv seg frå ca. 900 talet, frå Hårfagre si regjeringstid. Det andre er frå tidleg vikingtid.

SOM I SVERIGE: Arkeologen Torunn Zackrisson frå Universitetet i Stockholm seier at kongsgarden på Avaldsnes truleg har vore eit heilt bygningskompleks, som kan likna på det ein har funne ved utgravingar utanfor Stockholm.

Der er det avdekka ein av dei svært få storgardane frå yngre jernalder eller vikingtid her i Norden.

- Dette er fantastiske funn, som er særs verdfulle for Norges-soga, da Norge blei eit kongedøme, seier professor i arkeologi ved Universitetet i Oslo, Dagfinn Skree.

I 500 ÅR: Han legg til at Avaldsnes er Norges første rikssete, staden der heile riket blei styrt ifrå. Skriftlege kjelder, som til dømes Snorres kongesagaer og kongebrev, viser at Harald Hårfagre og etterkommarane hans hadde kongsgard på Avaldsnes i 500 år. Mellom kongane på Avaldsnes var Eirik Blodøks, Håkon den gode, Olav Trygvasson, Olav den heilage og Håkon Håkonsson. Det var Håkon Håkonsson som let byggja Olavs-kyrkja på Avaldsnes på 1200-talet, den kyrkja som står der i dag.

HEILAG STAD: Men Avaldsnes har vore ein sentral stad i Norges historie lenge før Harald Hårfagre.

- Avaldsnes har truleg vore ein heilag stad i eldre religionar, ein stad der det var viktig å gravleggja kongane sine, seier leiar og eldsjel bak Avaldsnes-prosjektet, Marit Synnøve Vea. Ho seier vidare at kongane hevda dei var i slekt med gudane.

- For at gudane si velsigning skulle gå vidare i arv til nye kongar, måtte dei avlidne kongane gravleggjast her.

POLITISK MAKT: I tillegg til at Avaldsnes var ein heilag stad for kongemakt, er det ein strategisk stad for politisk, økonomisk og militær makt.

Skipstrafikken langs kysten søkte ly mot storhavet gjennom Karmsundet. På Avaldsnes var sundet på sitt smalaste, og kongen kunne krevja avgift før passering.

I tillegg låg staden strategisk til, nær innseglinga til Boknafjorden og til Hardangerfjorden, midt i det sørvestnorske riket.

GRUNNLA DYNASTIET:
- Trass i 3000 år lang og rik historie på Avaldsnes er de mest opptekne av Harald Hårfagre. Kvifor?

- Han starta samlinga av Norge etter slaget i Hafrsfjord. Han grunnla det kongelege dynastiet i Norge. Dei seinare kongane måtte alle prova at dei var i slekt med Harald Hårfagre.

Han nytta truleg kongsgarden på Avaldsnes flittigast og hadde dette som rikssete for heile Norge.

GRAVLAGT: Harald Hårfagre kan vera gravlagt på Grønhaug, på garden Hauge, litt nord for kyrkja. Staden kan høva med Snorre si beskriving av gravplassen hans.

Her blei det funne ei vikingskipsgrav som var ein konge verdig. Dateringar av trerestar i grava kan høva med tida då Harald Hårfagre blei gravlagt, rundt år 930.

- Dessutan er det klokt for Avaldsnes å ha ein kjent profil å bli identifisert med. Harald Hårfagre kan vera ein døropnar for publikum inn til den ufatteleg lange og rike historia i Avaldsnes-området gjennom meir enn 3000 år, seier Marit Synnøve Vea.

thomas.forde@aftenbladet.no




Les også