11 knop mot Lysebotn

Turistbåten «Skudenes» låg klar for Lysefjorden. Me gjekk om bord.

Det var ein grå, flat dag. Men me visste at me kunne koma til å oppleva Det Forferdelege:

«Av og til ryster vannet som marken under et jordskjelv. Av og til kan man høre tordenen uten at en sky er å se på himmelen; en lysstråle skyter ut fra fjellveggen (--) og trekker seg tilbake som en boomerang (--) så skyter det ut igjen. Et fjell angriper et annet. Fjellveggene bombarderer hverandre. (--) Det er hatet mellom to av avgrunnens klipper som slår ut.»

Slik skildrar Victor Hugo Kjerag og Lysefjorden i romanen «Havets arbeidere». I nordleg bris tøffa me ut frå Fiskepiren i Stavanger og la oss i marsjfart retning Kjerag i Lysefjorden.

Kvifor Lysefjorden?

Per Magnus Haram vil feira at han har vorte ferdig sivilingeniør veka før. Han har fått med seg Rolf Rydningen og Merete Kluken. Dei skal gå av i Flørli, gå opp til Blåfjell, overnatta i telt i fjellet, gå ned Hunnedalen og ta bussen tilbake til Stavanger. Kvifor så kort tur?

- Det er oppkjøring til neste veke, då skal me gå i Jotunheimen.

Kjell Alveskjær har fått med seg kona Karin og svigerforeldra Inga og Aimer Erga:

- Me vil vera turistar i eigen by. Me har snakka om det i to år, dette er jo den største attraksjonen i fylket, det er på tide at me kjem dit. Me reiser jo land og strand rundt elles.

Dei har med seg bilen, skal innom Ørnereiret, eller Øygardsstøl, og eta, og sidan kjøra heim til Hundvåg.

«Bound for mediocre weather» forkynner høgtalarane. Det kan stemma, det er ennå gråskya og disig der me dunkar forbi Tingholmen, der Olav Trygvason hadde regjeringsmøte i 938, og der Vier fiskeoppdrett begynte verksemda for 50 år sidan.

Seks tyske ungdommar, 20-21 år gamle frå Berlin og Marnburg, har vore i Stavanger to dagar. Det er seks studentar og dei skal opphalda seg tre veker i Norge, kjører interrail og teltar heile turen.

- Er det dyrt her?

- Ja-a-a! Eit seks stemmers kor bekreftar at Norge ligg på pristoppen. Hus, mat, alt er så urimeleg høgt. Men kvifor i all verda feriera i Norge?

- Havet, fjellet, sjøane, all den urørte naturen, det lokkar. Dei skal klatra til toppen av Kjerag, sidan går turen mot Røldal og Hardangervidda. Dei ber med seg vitaminpiller og kirsch.

- Blir det for ille, tar me siste veka i Sverige, seier Mario.

Dei fleste utlendingane på båten var tyske, og alle me snakka med klaga høgt over prisane.

Det gjorde ikkje dei tre eigersundarane på 45 år. Dei skulle sykla Lysebakkane til Sinnes, der venta konene med middag. Neste dag syklar dei tilbake til Eigersund.

- Det er ein tur å anbefala for folk som har lyst på utfordringar; det er ikkje blodslit, men heller ikkje bare kos.

Dei trenar systematisk året rundt for å kunna ta turen, og har gjort den til eit årleg evenement.

Skipper Mathisen

- Det verste på heile utflukten er tunnelen til å begynna med. Det er ufatteleg at ein rik kraftkommune ikkje har råd til å ha lys der inne. Eit år hadde me ein engelskmann på slep, han skulle springa opp og såg ikkje si eiga hand.

Skipper Kjell Mathisen er 55 år og styrer både showet og skuta. «Me har ope hus i kahytta!» forkynner han over høgtalaren, mens han legg ut om severdighetene på ruta på norsk, engelsk og tysk.

Helgelendingen Kjell Mathisen begynte som kelner på Ocean i 1969 mens han tok hotellfagskulen. Han dreiv restaurant i Stavanger i tre år, seilte cruisefart i Karibien, før han enda som styrmann i Rogaland Trafikkselskap, og tok kystskippareksamen i 1997, 50 år gammal. Han er som skapt til å føra turistferjer inn den 42 km lange Lysefjorden.

- Det er eit veldig behov for ein slik båt i turistsesongen frå 1. juni til 15. september, seier han. 179 passasjerar har han med seg. Styrmannen heiter Jan Osmundsen. To ganger åtte mann arbeider to skift, fem dagar ei veke, to dagar den neste; skipet har kjøkken og ein lite kvit postkasse og eit eige filatelistempel. Guiden er til og med trykt på polsk!

- God butikk? Vel, Norge er eit kostnadkrevjande land, det er marginalt, det heile. Men ingenting tyder på at ikkje denne turen skal halda fram neste år.

Framleis grått

Ikkje det dramatisk gråe med enkelte solstreif, bare dette tunge, daude med skodd kring toppane. Judith Fosse og Kåre Nilsen som elskar denne opplevingsturen kvar einaste sommar, fortel at det har vore seks sprang utan fallskjerm frå Preikestolen, «men ingen skriv i avisene om det lenger».

Oppe frå Preikestolen blinkar det frå folk med lykter. Dei tre bukkane Bruse spring ned lia for å få tak i gamle brød frå samvirkelaget i Forsand, me dunkar inn til Flørli og slepper sivilingeniør Haram i land, ingen går ombord lenger frå Flørli, me ser selane langs berget, det fins om lag 500 selar i fjorden som kvar et fem kilo fisk til dagen, konene tar fram nistekorgene og dekket, etter stoppane i Oanes og Forsand, er blitt ganske fullt; me forsøker ferjekjøkkenet, men potetene er overkokte og indrefileten oversteikt og seig, to hundre kroner, takk; kunne dei laga noko enklare, meir velsmakande, og meir turistinnretta; sidan sette me oss godt til rette og venta på Smellet. Kjerag såg puslete ut med ein grå krage langt ned på brystet. Det kom ingen smell. Ingen basehoppar å sjå, endå det er desse basehopparane som turistdrifta her inne i fjorden har basert seg på, det har vore tusen basehopp til nå. Ikkje er det austakuling heller, vinden som skal driva fram bulder og vatn mellom fjellveggene, ferja dunka bedageleg framover med sine 11 knop, traust, og ein halv time etter skjema.

I staden snakka me med Luisa og Mijuel Hernaiz frå Rioja som er på bryllupsreise i Norge og på besøk hos Hege og Ole Imsland frå Rogaland Fylkeskommune, sidan Stavanger og Rioja utviklar vennskapeleg samarbeid. Dei er midt i trettiåra, og fortel at det er vanleg å gifta seg seint i Spania, for det er vanskeleg å finna arbeid og husvære.

Og der dunkar båten til kaien inst inne. Om vinteren går det ei rute om dagen. Tyskarane Mario og Jens kjem unnselege fram til oss og ber om å få sitta på dei 27 svingane opp til Øygardsstøl. Me sette kursen opp mot skodda og gløymde Victor Hugo. Det var så kvardagsleg som bare juli kan vera i Norge



Les også

Kommentarer

Aftenbladet ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg.

Regler for debatt her på Aftenbladet.no:

  1. Alle som deltar i debatten, må registreres og fremstå med fullt navn, enten via Facebook, Twitter eller Disqus.
  2. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere meddebattanter.
  3. Banning er ikke tillatt.
  4. Hold deg unna rasisme og personangrep.
  5. Aftenbladet.no har redaktøransvar for alt som publiseres, men du er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  6. Innlegg må skrives på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
  7. Skriv kort! Korte innlegg blir mest lest.
  8. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  9. Du kan legge inn opp til tre lenker per innlegg.
  10. Alle innlegg blir kontrollert før de publiseres på Aftenbladet.no.

Innlegg blir slettet eller redigert dersom de bryter med våre grunnregler.

Vi forbeholder oss retten til å stenge ute debattanter som ikke overholder reglene.

Relaterte bilder

FOTO: Hans Petter Jacobsen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest