Drapssikta har problem med alibia

Dei to mennene som er sikta for overlagt drap på ein 36-åring i Telemark, skal ha forklart at dei sov timane før drapet. Men ingen vitne kan stadfesta dette. Den 23 år gamle mannen som er busett i Flekkefjord og blei varetektsfengsla for drapet måndag, skal ha opphalde seg i Hells Angels MC Norway sine klubblokale på Braut i Klepp om kvelden onsdag 21. juni. Mannen var ikkje fullt medlem, men hadde status som hangaround, i motorsykkelklubben.