Fint under baken i Haugesund

HAUGESUND: Ventetida for do-trengde folk i Haugesund har vore både lang og vond. Men det høyrer fortida til. For onsdag denne veka vart to nye, offentlege toalett i Haugesund sentrum tekne i bruk. Toalettbygningane som er reklamefinansierte, er teikna av Snøhætta, arkitektfirmaet bak biblioteket i Alexandria og den planlagde operaen i Oslo.