Høgre blir prøvd på sitt nye vedtak

Høgre vil allereie på torsdag bli prøvd på standpunktet sitt om tvang ved kommunesamanslåing. Torsdag skal kommunalkomiteen koma med innstilling i det som blir kalla inndelingslova. Lova omhandlar kven som skal avgjera ei eventuell kommunesamanslåing og fastsetjing av grenser.