Langt betre enn frykta

Eg må tilstå at eg frykta det verste før NRK sitt folkemøte om kriminalpolitikk i går kveld. I det første folkemøtet la programleiarane Anne Grosvold og Jon Gelius an ein fjasete og tabloidisert stil. Og med eit tema som meir enn dei fleste inviterer til lettvint populisme kunne det ha gått riktig ille.