Lite prestejord å selja

Den norske kyrkja sel prestegardar som aldri før. Det gir klingjande mynt i ei alt velfylt kasse. Men i Stavanger bispedømme er det ikkje mange prestegardar att å selja. I følge Dagens Næringsliv har kyrkja 189 prestegardar på salslista. 97 av desse er selde til mellom ein og tre millionar per stykk.