Økokrim samla data om fiskedød

HÅ: Ein etterforskar og ein kjemikar frå Økokrim var i går i Hå for å samla informasjon om fiskedøden. Dei kjem ikkje til å vera her over lengre tid. Men dei skal ta med seg data og det dei har samla inn tilbake til Oslo. Dei vil også bistå med avhøyr, seier lensmannsbetjent Torleif Paulsen i Hå. Han reknar med at dei to vil tilføra viktig ekspertise i etterforskinga etter den svært omfattande fiskedøden i Hå-elva i to omgangar juli.